Forskarar til filmen

Publisert:10. mars 2015Oppdatert:10. mars 2015, 07:03
Øyvind Gjerstad, Oleksandr Kapranov, Vegard Rivenes, Helge Drange og Gisela Böhm utgjer saman med prosjektleiar Kjersti Fløttum (i treet) nesten heile forskargruppa bak Lingclim. No har dei fått pengar frå Noregs forskingsråd til å laga film om språk og klima.

Dei skal ikkje filma sjølve. Men etter å ha fått ein god slump pengar frå Forskingsrådet, vert det klimafilm frå forskargruppa som jobbar med språk og klima.

– Me nølte litt, seier franskprofessor Kjersti Fløttum, her saman med professor Gisela Böhm og postdok Oleksandr Kapranov. Men då det opna seg ei moglegheit for å få finansiert ein klimafilm, kasta forskarane seg på. Opptaka byrjar i vår. Foto: Tor Farstad

– Me naturvitarar er ikkje løysinga, men me er ein del av løysinga, seier Helge Drange.

Oseanografi-professoren er ein del av forskargruppa Lingclim. Hovudproblemstillinga deira er i kva grad og på kva måte språkbruk spelar ei rolle i klimadebatten. No skal forskargruppa òg laga film: Noregs forskingsråd har løyvd nærare 700 000 kroner til filmen som har tittel «Does language matter».

– Me hadde ikkje tenkt film i utgangspunktet, men vart kontakta av eit filmselskap på ein konferanse. Me nølte litt, for dette tek jo av tida vår. Men samstundes er dette ein måte å få formidla det me gjer på, og me får formidla meiningsmangfaldet og vist at det er viktig å vera fleirfaglege.

Det seier prosjektleiar Kjersti Fløttum, som er professor i fransk språk.

Vêret – eller framtida
Forskargruppa er tverrfagleg. I tillegg til Fløttum og Drange er deltakarane Øyvind Gjerstad, førsteamanuensis i fransk kultur, Gisela Böhm, professor ved Institutt for samfunnspsykologi, Oleksandr Kapranov, postdok i lingvistikk ved Institutt for framandspråk og Elisabeth Ivarsflaten, førsteamanuensis i samanliknande politikk. Vegard Rivenes er forskingsassistent, og Trine Dahl frå NHH og Endre Tvinnereim frå Uni Rokkan er òg med på laget.

– Spørsmålet er jo om det kan verta film av tekst. Me skal bruka ein del grafikk, og me skal intervjua både politikarar, forskarar, næringslivsfolk og mange unge, seier Fløttum.

Forskingsprosjektet er i tillegg til tekstanalyse sett saman av mellom anna psykologiske eksperiment og meiningmålingar med data frå norsk medborgarpanel. I tillegg har dei unge ei viktig stemme.

– Eg var ute i vidaregåande skular og hadde undersøkingar med elevar. Dette skjedde i ulike klassar, og det vart svært interessante samtalar. Det heile vart avslutta med ei stor klimasamling, seier Rivenes.

– Medborgarpanelet kan koplast til opplysningar om kjønn, alder og bakgrunn. Det me ser, er at når dei eldre snakkar om klima, er det vêret dei er opptekne av. «Det regnar meir enn før», seier dei til dømes. Men dei unge er meir opptekne av  framtida, seier Fløttum.

I dei psykologiske eksperimenta er det både studentar og deltakarar frå medborgarpanelet med. Noko av det Böhm ønskjer å undersøkja, er kva deltakarane hugsar etter å ha høyrt om klimaendringar.

Vil ikkje overselja
Helge Drange er ein av dei mest kjende klimaforskarane ved UiB, og har vore mykje omtalt i media dei siste ti åra. Han synest den offentlege debatten – eller diskursen, som språkforskarane seier, er interessant.

– Klima er symptom på ei utfordring. Korleis forstår ein denne utfordringa, og korleis er debatten? Me kan ikkje berre seia noko om kva som skjer, men me må òg ha med det som skjer inni hjernane våre. Kva fangar ein opp?

– Kor mykje skuld har media i å forenkla klimadebatten?

– Ein ser ein klår skilnad mellom Noreg og USA. I Noreg ser ein at klimaskeptikar-sida har vorte svakare. Samstundes kunne ein tenkt seg at fordi fleire mediehus slit med kostnadane, og ønskjer flest mogleg klikk på sakene sine, kunne ein få ein situasjon som i USA: Ei polarisering der enkelte mediehus har ei gitt oppfatting, seier Drange.

Han seier at det er ein balansegang mellom ønsket om at flest mogleg skal ha kjennskap til det ein forskar på og å overselja bodskapen.

– Eg har til dømes høyrt mange gongar at «no har ein løyst kreftgåta», illustrerer han.

Fløttum har tidlegare teke eit djupdykk i språkbruken i FN sitt klimapanel sine rapportar og undersøkt korleis vitskapeleg språk vert omforma til argument i den politiske debatten. Forskinga hennar viser at språklege finessar som modale hjelpeverb forsvinn.

– Alt som vert formidla, uansett kor presist det er, vert endra. Det treng ikkje vera ei medviten forvrenging, men saker vert delt vidare. I ein leiarartikkel i Science for eit par år sidan, vart klimaforskarane bedne om å vera aktive i media og ikkje bruka tomme ord som «kan», «kunne», «mogleg at». Det var sagt at desse orda ikkje høyrer vitskapen til, men media, seier Fløttum.

– Den leiarartikkelen vart mykje debattert, legg ho til.

Håpar å verta ferdige i år
Målet med klimafilmen som no skal lagast, er å nå grupper som kanskje ikkje får med seg så mykje informasjon om klimaendringar gjennom tradisjonelle mediekanalar. Kanskje kan bitar av filmen visast på Youtube eller i sosiale media. Forskargruppa har eit samarbeid med UiB si kommunikasjonsavdeling for å få dette til. Men det aller største målet er å få vist filmen på fjernsyn. Planen er ein dokumentar på 30 minutt.

Det er selskapet 1001 film som skal ta seg av det tekniske med filmen.

– Me skal ikkje filma sjølve, det trur eg er like greitt, humrar Fløttum.

– Opptaka byrjar i april eller mai, men så har me no lært at det er ganske mykje som skal gjerast etter at sjølve filminga er ferdig. Målet er å få filmen ferdig i løpet av året. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed