Per Bakke får ny tillit

Publisert:30. mars 2015Oppdatert:30. mars 2015, 11:30
Per Bakke er tilsett som instituttleiar på Klinisk institutt 2, trass i at han er i konflikt med Helse Bergen. Dette blir hans andre åremål, av totalt tre mulege. Arkivfoto: Gudrun Sylte

Mens Helse Bergen vurderer å gå til sivilt søksmål etter Innovest-saka, har Universitetet i Bergen full tillit til Per Bakke, og tilset han for ein ny periode som instituttleiar.

På fakultetsstyremøtet i førre veke blei Bakke tilsett i eit nytt åremål på fire år ved Klinisk institutt 2 (K2). Dei to andre søkarane trakk seg i løpet av prosessen.

– Eg er glad for at dei valde meg. Eg håpar at eg kan bidra med noko til instituttet, seier Bakke til På Høyden. Han har allereie bak seg ein periode, men tok permisjon frå jobben då Helse Bergen melde han til politiet for underslag i fjor.

Politiet fann ingen grunn til å ta ut tiltale mot Bakke, og henla saka i januar i år. Men Helse Bergen meiner framleis at Bakke har brote lova, og trugar med sivilt søksmål. Dei har saman med Universitetet i Bergen allereie tatt ut søksmål mot Amund Gulsvik, som var Bakkes kollega. Gulsvik er no pensjonert, men forskar framleis.

Hindrar undervisninga
Bakke slutta i ei 20 prosents stilling i Helse Bergen på grunn av konflikten, og den tidlegare arbeidsgivaren nektar no Bakke å få tilgang til pasientar han kan bruke i undervisninga. Det vanskeleggjer utdanninga av legar for UiB.

– Eg håper likevel at vi kan finne ei løysing på dette. Eg veit om andre personar som heller ikkje er formelt knytt til sjukehuset, men som likevel får tilgang på pasientar, seier Bakke.

For lungespesialisten har det vore tøft å bli meld til politiet av sin tidlegare arbeidsgivar og mangeårige samarbeidspartnar.

– Eg er glad for at eg har fått tillit får universitetet. Eg har òg opplevd ei kjempestøtte frå kollegaer på universitetet og instituttet i denne perioden, seier han.  

Vanskeleg tid
– Vi hadde tre søkarar til instituttleiarjobben, men to av dei trakk seg. Eg er trygg på at Per kan gjere ein god jobb for K2, og han er særs godt eigna til jobben, seier dekan Nina Langeland ved Det medisinsk-odontologiske fakultetet.

Konflikten i etterkant av Innovest-skandalen har ikkje vore lett for eit fakultet som lever i symbiose med sjukehuset.

– Det er klart at det har vore vanskeleg. Når det gjeld tilsettinga av Per har min jobb vore å gjere det som er best for K2, seier Langeland.

Trur på løysing
Langeland håper og på ei løysing når det gjeld pasient-nekten, og den pågåande konflikten mellom Helse Bergen og Bakke har vore ein del av vurderinga då Bakke blei tilsett.

– Eg ønskjer at vi skal leggje desse tinga bak oss, saman med Helse Bergen. Og dét er eg overtydd om at vi skal få til.

– Har Helse Bergen prøvd å påvirke tilsetjingsprosessen?

– Det er ingen som har kontakta meg om dette frå Helse Bergen, seier Langeland.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed