UiB saksøkjer tidlegare tilsett

Publisert:10. februar 2015Oppdatert:11. februar 2015, 09:33
Amund Gulsvik har vore ein leiande lungeforskar i Noreg. No kan han møte sin tidligare arbeidsgivar i retten. Biletet er frå ei utdeling av forskingsløyvingar.

Universitetet i Bergen og Helse Bergen krev pensjonert lungeforskar Amund Gulsvik for 4,5 millionar kroner, og har klaga han inn for Oslo tingrett.

Gulsvik har tidlegare krevd å få ut pengar frå Innovest AS, då han framleis forskar og publiserer. No har Helse Bergen og UiB sendt saka inn til Oslo tingrett for rettsleg prøving, og dermed kan begge partar få prøvd krava sine rettsleg.  

– Det samla kravet er på over 4,5 millionar kroner og knyt seg til løn og utgiftsdekning som er tatt ut på toppen av hans til saman 120 prosents stilling, skriv personal- og organisasjonsdirektør Trond Søreide i Helse Bergen i ein e-post til Bergens Tidende

Gulsvik var både overlege på Haukeland og professor ved UiB då han i i 2002 fekk ei løyving på 16,8 millionar kroner frå legemiddelselskapet GlaxoSmithKline for å drive kolsforsking i Bergen. Den store avtalen blei feira av både UiB- og Helse Bergen-toppar. I 2005 blei nær halve summen overført til ein personkonto Gulsvik hadde i Innovest, og sidan har han jamleg fått ut pengar frå kontoen, basert på timelister han har levert. 

Men i 2013 fekk han beskjed om at kontoen var sperra, og han har sidan ikkje fått ut pengar når han har levert timelister. Gulsvik meiner at Innovest-eigarane urettmessig held tilbake pengar han har krav på, mens UiB og Helse Bergen derimot meiner at han har fått ut alt for mykje pengar. 

UiB ba i desember 2014 om ei tilbakemelding frå Kunnskapsdepartementet om dei kunne gå til søksmål mot Gulsvik, og universitetsdirektør Kjell Bernstrøm skriv i eit brev at 

<<Det er utarbeidet et utkast til stevning som er behandlet og godkjent av institusjonene og som er gjennomgått og kommentert av professor dr. juris Rune Sæbø, som også ellers har bistått UiB ved vurdering av enkelte sider av Innovest-saken (vedlegg 5).>>

UiB har freista å hemmeleghalde dokumentet etter paragraf 18 i offentleglova, men departementet har likevel gitt det ut til På Høyden. Paragrafen UiB viser til gjeld berre dokument som <<eit organ har utarbeidd eller motteke som part i ei rettssak for norsk domstol>>.

Departementet har ikkje tatt stilling til innhaldet i søksmålet, men skriv at UiB kan representere staten dersom universitetet meiner at det er riktig å gå vidare med saka. Svaret frå departemenetet er datert 6. januar 2015. 

Professor Per Bakke har enno ikkje blitt formelt saksøkt, men Helse Bergen har tidlegare signalisert at dei vil gå til sak mot han, mens UiB derimot ikkje vil det. Helse Bergen melde òg Bakke til politiet fordi dei meinte at han hadde brote straffelova, men politietterforskinga viste at det ikkje var grunnlag for å gå til sak mot Bakke. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed