UiB på niandeplass i verda

Publisert:18. februar 2015Oppdatert:18. februar 2015, 14:40
UiB hamnar på niandeplass på indikatoren for talet på nettsider på verdsbasis, men målinga seier ikkje noko om kor oppdaterte dei er.

Men berre når det gjeld talet på nettsider… Totalt kjem UiB på 140. plass i verda, ti plassar framfor NTNU, mens UiO er på 68. plass.

Plassering: 

Helsingfors universitet er Nordens mest synlege universitet på nettet. Deretter fylgjer Universitetet i Oslo,på 68. plass på Webometrics’ verdsranking over universitet som er mest synlege på nett og som har flest forskingsartiklar digitalt tilgjengelege. Helsingfors universitet kjem på 42. plass på denne rankinga, som kjem kvart halvår.

Universitetet i Bergen hamnar på ein 140. plass, medan NTNU plasserer seg ti plassar bak, på 150. plass. For eit halvt år sia kom begge på 142. plass. 

Webometrics måler i kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, og det blir av forskargruppa bak målinga rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet. Rankingbyrået er tett knytt til det spanske forskingsrådet, og held til i Madrid.

Rankinga er ikkje den mest anerkjende i verda, men gir ein peikepinn på korleis nettsidene til institusjonane klarar seg i konkurransen. 

Halvparten av målinga er vekta etter <<impact rank>>, som skal vise kor synleg institusjonen er, målt i kvadratrota av opplenkingar frå andre domene. Her hamnar UiB på 307. plass. 

Den andre halvparten av målinga er delt i tre delar med like stor vekt: 

<<Presence>> er talet på nettsider på domenet, målt med Google. Her skårar UiB fantastisk, og hamnar på ein niandeplass på verdsbasis. Men variabelen seier ikkje noko om kor ryddig nettstaden er, og kor mange av nettsidene som er utdaterte. 

<<Openness>> skal måle kor opne institusjonane er om forskinga si. Dette er målt ved å telje PDFar og liknande filer via Google Scholar. Her skårer UiB dårlegast, med 349. plass. 

<<Excellence>>-faktoren skal måle siteringar, og her tek Webometrics utgangspunkt i dei ti prosent mest siterte artiklane. 

Harvard best i verda
Best av verdas universitet på denne rankinga, er Harvard University i USA. På dei neste plassane fylgjer Massachusetts Institute of Technology, Stanford University og Berkeley-universitetet i California.

I Europa er det universiteta i Cambridge og Oxford som tar dei to øvste pallplassane, men det gir dei likevel berre ein 15. og 16. plass på verdsrankinga.

Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda er no som før Swiss Federal Institute of Technology i Zürich (ETH Zürich). Det tar ein 27. plass på verdsrankinga og ein bronseplass i Europa.

Taiwan og Brasil markerer seg
I Asia gjer National Taiwan University det best med ein 30. plass på verdsrankinga, medan Sao Paulo-universitetet gjer det best i Latin-Amerika med ein 34. plass på verdsbasis. Av dei spanskspråklege universiteta er det Nasjonaluniversitetet i Mexico (UNAM) som gjer det best og blir nummer 56 i verda.

UiO best i Skandinavia
Universitetet i Oslo gjer det betre enn både Københavns Universitet og Lunds universitet i Sverige. Dei klarer likevel å bli mellom dei 100 beste, som nummer 78 og 90. Det gir dei ein 15. plass og 18. plass i Europa.

Karolinska Institutet i Stockholm gjer det vanlegvis best i Norden på målingane til Shanghai Jiao Tong-universitet og til Times Higher Education Supplement (THES). På rankinglista til Webometrics kjem det på 74. plass i Europa som gir dette medisinske universitetet ein 204. plass i verda.

Les resultata av rankingane til Webometrics:

Verdsrankinga

Europa-rankinga

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed