Studiesentra er ikkje veldig mykje brukt

Publisert:24. februar 2015Oppdatert:24. februar 2015, 06:00
Athen er ein viktig, historisk by, og arkeologifaget har vore blant dei som har nytta det norske instituttet her. Men no er det siste, store planlagte utgravingsprosjektet snart avslutta, og Universitetet i Oslo vurderer om dei vil vera med vidare. Foto: Colorbox

Dei norske instutta i utlandet har ikkje vore veldig mykje brukt av UiB dei siste åra. Men institutta, særleg på HF, vil gjerne ha dei.

Dekan Margareth Hagen leiar evalueringa av dei sju utanlandssentra.

Etter at Universitetet i Oslo på eiga hand gjennomførte ei evaluering av dei sju utanlandssentra, og vedtok å trekkja seg ut frå senteret i Caen, er dei andre breiddeuniversiteta no i gang med eigne evalueringar. Universitetet i Tromsø er ferdige, og har vedteke å trekkja seg ut frå senteret i Athen. Ved UiB er det HF-dekan Margareth Hagen som leiar evalueringa. Ho seier at rapporten skal leverast til universitetsstyret før sommaren.

Ikkje synlege nok
Før jul fekk fakulteta invitasjon til å koma med innspel i samband med evalueringa. Ikkje overraskande er dei fleste svara frå HF – det er dei som brukar sentra mest.

– Hovudspørsmålet i evalueringa er kva desse sentra kan gi som ein ikkje kan oppnå på ein annan måte, seier Hagen.

Ho meiner det er på høg tid med ei evaluering av sentra, men skulle helst sett at universiteta gjorde dette saman.

– Eg har på ingen måte konkludert. Men det som er tydeleg, er at sentra i dag ikkje er synlege nok, verken for tilsette eller for studentar, seier Hagen.

Det er i dag norske institutt i Athen, Paris, Caen, Roma, York, Kiel og St. Petersburg.

Mindre brukt av studentar
Bruken av sentra har vorte endra dei siste åra. Til dømes vert det ikkje lenger gitt tilbod om studentkurs i filosofi ved Det norske instituttet i Aten, færre engelskstudentar enn før søkjer seg til eit toverkes kurs i York og ingen tilsette ved kunsthistorie og klassiske fag har nytta Det norske instituttet i Roma dei siste fem åra. Samstundes har institutta gitt tilbakemeldingar som til dømes «senterets bistand var helt avgjørende for den personlige kontakten som dannet grunnlaget for det effektive samarbeidsprosjektet som LLE har hatt med Statsuniversitetet i St. Petersburg», «Senteret har stor verdi for forskningssamarbeid med Frankrike. Det er organisatorisk uvurderlig at senteret har lokaler og administrasjon til å kunne arrangere kurser og seminarer» (om senteret i Paris), «mange av fagkoordinatorane ved LLE melder at fagmiljøet ønskjer å bruka senteret i framtida» (om senteret i Athen) og «for de studentene som tar mastergrad i fransk innenfor den integrerte lektorutdanningen, har samarbeidet med OFNEC en positiv innvirkning på deres kompetanse i det faget de kommer til å undervise i» (om senteret i Caen).

Dei andre fakulteta nyttar utanlandssentra i mindre grad, men Det medisinsk-odontologiske fakultetet melder om eit forskingssamarbeid via senteret i Paris.

Må betala meir
Hagen seier at sentra har mange funksjonar. I Athen ligg det til dømes eit stort nordisk samarbeids-bibliotek med mykje faglitteratur, noko som vert trekt fram i fleire av tilbakemeldingane. Det vert òg peika på at kontaktane og språkkunnskapane dei tilsette ved sentra har, gjer at dei kan tilby eit opplegg det hadde vore vanskeleg å få til på eiga hand.

– Sentra er nasjonale senter innan sine fagområde, det skal ein ikkje kimsa av. I Athen har ein òg samarbeid med andre nordiske institutt, seier Hagen.

Sentra er finansiert på ulike måtar. Dei som ligg i Kiel og York er det departementet som betalar for, dei andre er spleiselag. Når Oslo no er ute av det eine senteret, og Tromsø av eit anna, betyr det at institusjonane som er att må betala ein større del av kaka.

– Me må sjå på driftsforma. Når nokre ikkje vil vera med lenger, vert det dyrare for oss andre, seier Hagen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed