Satsar på å senda fleire SFF-søknader

Publisert:26. februar 2015Oppdatert:26. februar 2015, 08:48
12 miljø ved mat.nat skal neste veke presentera idear som kan verta SFF-søknader. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

Ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet er det fleire miljø som jobbar med skisser som kan verta søknader til Senter for framifrå forsking-ordninga (SFF). Forskingsrådet oppmodar institusjonane om å vurdera nøye kor mange søknader dei sender inn.

– Senter for geobiologi jobbar med ein ny ide som kan verta ein ny SFF-søknad, seier Dahle , dekan ved mat.nat.

– Me set ikkje noko tak på kor mange søknader me kan senda inn, seier mat.nat-dekan Helge K. Dahle.

Neste veke skal fakultetet han leiar ha eit møte der potensielle prosjektskisser vert presentert. 12 prosjektidear er meldt inn til møte i neste uke.

For å auka kvaliteten på søknadane har fakultetet sett av ein halv million kroner til prosjektstøtte, og det er sett ned eit internt ekspertpanel som skal bidra med råd til søkjarane. Søknadsfristen er i november.

Ber om eit avgrensa tal søknader
Både universitet, universitetssjukehus, høgskular og forskingsinstitutt som har ein stor portefølje av grunnleggande forsking, kan vera vertsinstitusjon for eit SFF. Forskingsrådet (NFR) har sett av 1,5 milliardar kroner til det som vert den femte SFF-runden. Men dei oppmodar no institusjoane om å tenkja nøye gjennom kva søknader dei sender inn.

– Me vil oppmoda forskingsinstitusjonane til å konsentrera ressursane sine om eit avgrensa tal søknader. Både det å utarbeida og det å vurdera ein SFF-søknad er svært ressurskrevjande, seier divisjonsdirektør Anders Hanneborg i Forskingsrådet til NFR sine nettsider.

Hanneborg seier at nålauga for å få SFF-tildeling er svært trangt, og forskinga ved eit slikt senter skal ha eit stort potensiale for å flytta den internasjonale forskingsfronten.

Ved UiB er arbeidet med SFF-søknadane delegert til dei ulike fakulteta, seier prorektor Anne Lise Fimreite.

– Bør alle fakulteta senda ein eller fleire søknader?

– I den nye strategiplanen er det ein føresetnad at alle fakulteta skal jobba for å ha miljø i verdsklasse. Å jobba fram søknader mot til dømes SFF kan vera ein måte å nå dette på. For nokre fakultet er det likevel slik at deira miljø kanskje først er klare til å søkja SFF i neste runde, seier Fimreite.

Prosess i to deler
Denne gongen er søknadsprosessen delt i to. Til fristen i november skal søkjarane levera inn ei skisse på fem sider. Dei søkjarane som går vidare, vil få frist til mai 2016 med å levera ein søknad på 15 sider. Den skal innehalda ei fullstendig skildring av senteret.

– Grunnen til at me ber om ei komprimert skildring av prosjektet i trinn ein, er at me vil gjera det mogleg for medlemmene i fagkomiteane å vurdera den berande forskingsideen- og kvaliteten i alle søknadene. Deira oppgåve er å vurdera søknadane samla. I trinn to vil internasjonale fagekspertar med spisskompetanse vurdera kvar søknad, seier Hanneborg.

Geobio jobbar med ny ide
Dekan Dahle seier at å ha SFF-ar er svært viktig for fakultetet. I dag har mat.nat Birkeland-senteret og Senter for geobiologi, medan Bjerknes-senteret og CIPR fekk senterstatus i første SFF-utlysing i 2002. Dahle seier at sentra bidreg til stor aktivitet retta mot grunnleggande forsking. Samstundes er  sentra tydelege  fyrtårn ved fakultetet, og dei bidreg tungt til eksternfinansiering.

– Me ser òg at sentra har lukkast i å bygga framifrå forskingsmiljø gjennom at dei mellom anna har henta inn tildelingar frå prestisjefylte ordningar som BFS og ERC, seier Dahle.

Eit av kriteria for å få senter-status, er at ein har ein ny ide. Ein kan altså ikkje få støtte til same tema i tjue år.

– Senter for geobiologi jobbar med ein ny ide som kan verta ein ny SFF-søknad, seier Dahle.

– Det er ikkje så rart, det vert bygd opp tunge miljø med mykje forskingsaktivitet rundt eit slikt senter, og forskinga genererer nye idear.

Eit anna miljø som truleg kjem til å senda inn ein søknad, er Hjort-senteret. Det er eit samarbeid mellom UiB, Uni Research, Nansensenteret og Havforskingsinstituttet. Dei andre forskarane som skal presentera ideane sine, kjem frå ulike institutt og miljø.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed