Radikale islamistar hacka universitetsranking

Publisert:18. februar 2015Oppdatert:18. februar 2015, 12:34
Radikale islamistar hacka seg inn på nettsidene til Webometrics og la ut ein bodskap med støtte til radikal jihadisme, fortel dagleg leiar Isidro G. Aguillo til Uniforum. Foto: Webometrics

Det spanske rankingbyrået “Webometrics” blei utsett for eit åtak frå hackerar og måtte difor utsetja publiseringa over verdas beste universitet på nettet. – Hackerane hadde lagt ut hatbodskap frå ekstreme islamistar, fortel dagleg leiar Isidro G. Aguillo.

Hackeråtaket er likevel ikkje meld til politiet, trass i at hackerane har klart å gå inn i systemet og endra rekkjefylgja på minst eitt universitet, opplyser dagleg leiar i Webometrics, Isidro G. Aguillo til Uniforum.

Knytt til det spanske forskingsrådet
Rankingbyrået Webometrics er tett knytt til Det spanske forskingsrådet, og publiserer to gonger i året ei rangering over kva universitet i verda som er mest synleg på nett og som har flest forskingsartiklar tilgjengelege på nett.  Den siste publiseringa blei utsett i fleire dagar på grunn av åtaket.

Jihadist-bodskap
I eit intervju med Uniforum forklarar Isidro G. Aguillo det som har skjedd.

– Me oppdaga at det hadde vore eit hackingåtak, då det brått dukka opp ein logo på hovudsida med ein typisk jihadist-bodskap, altså bodskap frå ekstreme islamistar.

– Kva var innhaldet i bodskapen?

– Det uttrykte støtte til radikal islam.

– Melde de frå til politiet?

– Nei!

– Kvifor ikkje?

– Det var ei avgjerd som blei tatt av IT-avdelinga.

– Endra rekkjefylgja
Isidro G. Aguillo og medarbeidarane hans oppdaga at hackerane hadde gått inn og gjort endringar i rankinga.

– Dei hadde gått inn og endra rekkjefylgja på minst eitt universitet, slik at det universitetet brått blei det beste i det landet det ligg i. Men det var berre eitt slikt tilfelle, understrekar han. Aguillo ynskjer ikkje å fortelja kva land det gjeld.

Webometrics klarte likevel å retta opp feilen gjennom ein ekstra kopi som dei hadde av alle data, og i tillegg måtte dei stengja eit hol i sikringsnettet. Bodskapen og logoen var ikkje heilt ukjend for dei.

– Me har sett dei på andre nettsider som ikkje har noko å gjera med oss.

Problem med å lasta ned
Hackerane har likevel ikkje klart å hindra publiseringa av rangeringa over dei universiteta i verda som er mest synlege på nett.

– Det oversynet kan alle interesserte finna på nettsidene våre. Problemet er at det er stor trafikk og at det kan ta litt tid å lasta ned nettsidene, fortel Isidro G. Aguillo.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed