På jakt etter magien

Publisert:20. februar 2015Oppdatert:20. februar 2015, 06:05

– Å høyra sitt eige verk framført på konsert kan vera både det mest fantastiske eller det mest grusomme ein kan oppleva, seier komposisjonsstudent Kari T. Sundet. Laurdag skal BIT20 Ensemble framføra verket hennar i Logen.

Blodsmaken i munnen. Kari T. Sundet kjenner han kvar gong ho leverer frå seg noko ho sjølv har skrive, og som skal spelast av musikarar.

– Eg ser alltid for meg at dei tenkjer «er det du som har funne på dette tullet?». Og ja, det er eg, og eg synest det er viktig nok til at 40 musikarar skal spela det.

Ho smiler.

Denne veka har ho site konsentrert på sidelinja. Laurdag vert konserten «Melodic Labyrinths» arrangert på Logen. Dette er årets samarbeidskonsert mellom samtidsensemblet BIT20 og Griegakademiet. Konserten er todelt: Orkesteret skal spela verka Sundet og Tonje Hernes har skrive. I tillegg får 13 studentar sitja side om side med dei profesjonelle musikarane i orkesteret.

Trekkjer fram læraren
– Det er viktig å få fram kor takksame me er overfor både BIT20 og Forsvarets musikkorps. Samarbeidet med dei er uvurderleg for oss, og det er ikkje akkurat noko dei tener pengar på, seier Tonje Hernes.

Ho går siste året på bachelorstudiet i komposisjon, Sundet går første året på master. Begge trekkjer fram læraren Morten Eide Pedersen, som døydde brått i fjor haust.

– Han var bautaen. Og han var oppteken av at ein ikkje skulle koma inn på studiet som ferdig komponist, men at ein måtte ha noko spanande ved seg, seier Hernes.

– «Me hiv dykk utpå», var mantraet hans. Han var òg oppteken av at det ikkje skulle vera vasstette skott. Bachelor- og masterstudentar jobba saman, og alle vart handsama som kollegaer. Det gjorde at me fekk temmeleg skremmande oppgåver då me var heilt ferske, fortel Sundet.

Stykket hennar heiter «Phantasmagoria». Det er eit omgrep, og viser til dei optiske illusjonane som oppstår når ein brukar lys til å laga skuggar og figurar på ein vegg.

– Slike figurar er vakre, men kan òg vera skremmande. Det er slik eg har tenkt. Eg har skrive eit stykke som på ein måte er litt gamaldags, og som skal vera fint, men samstundes er det noko litt skummelt ved det, seier ho.

Ville byrja med det enkle
Hernes sitt stykke har fått tittelen «Constant reminder». Det er to grunnar til det. Det eine er at det er eit insisterande og naivt tema som går att gjennom heile stykket.

– I tillegg vert det eit slags mantra for meg sjølv. Eg hadde ein periode der eg var usikker på om eg hadde noko å tilby. Eg ønska å minna meg sjølv på at eg skulle skriva noko eg hadde lyst til, og at eg skulle byrja med det enkle, seier Hernes.

Ho seier at det er mange måtar å jobba med eit nytt verk på. Sjølv er ho eigentleg saksofonist, men fann ut at ho ikkje hadde lyst til å bruka så mange timar på øvingsrommet som krevst for å verta profesjonell musikar. I botn har ho utdanning som faglærar i musikk.

– Eg var klar på at eg ville verta «noko med musikk», og etter å ha tenkt på det i tre år, søkte eg Griegakademiet.

Nokre gonger er det ein visuell idé, ein struktur eller ei form som dannar utgangspunktet for eit nytt musikkstykke. Andre gonger er det eit klanguttrykk eller ein kombinasjon av instrument.

– Det er nok ulikt korleis komponistar jobbar. Eg byrjar ofte med ein liten bit, og så, for å låna Morten sitt omgrep, knar eg han utover. Så endar eg gjerne opp med å måtte kasta 99 prosent av det eg har skrive. Det er verkeleg «kill your darlings», humrar Sundet.

Ein mot tjue
Begge komposisjonsstudentane skildrar tankane om at det dei gjer, ikkje skal vera godt nok.

– Det som er så flott med å jobba med proffe musikarar, er at me kan levera kva dei vil – og dei spelar det. Det er når ein jobbar med til dømes det lokale korpset sitt at ein må tenkja grenser, seier Hernes.

Men sjølv om dei profesjonelle teknisk sett kan spela det aller meste, er det ikkje alle ting som fungerer.

– Ein idé kan vera god, men det er ikkje sikkert musikarane skjønar kva ein har tenkt, seier Sundet.

– Det kan vera så konkret at ein har skrive noko som er for vanskeleg, anten i toneregister eller i grepssamansetjing, eller at ein ikkje klarar å uttrykka gjennom notane kva ein vil få fram. Det handlar om kommunikasjon, supplerer Hernes.

Ho seier at mange komponistar er sterkt prega av usikkerheit.

– Det handlar jo om sjølvtillit. Ein er ein mot tjue musikarar.

Når ideen lever
På øving sit komponistane med nasa djupt nede i partituret, klare til å svara på spørsmål frå musikarar eller dirigent. Konserten med BIT20, samtidsensemblet med medlemmer frå Bergen filharmoniske orkester, som vert dirigert av anerkjende Baldur Brönniman, er eit årvisst samarbeid mellom Griegakademiet og orkesteret.

– Korleis er det å høyra verket sitt på konsert?

– Det er anten det mest fantastiske – eller det mest grusomme – som finst, seier Sundet.

– Dersom stykket vert godt spelt, og publikum ser ut til å lika det, kan det vera magi. Ein kjenner at eins eigen idé lever i rommet. Det varer ikkje lenge, men det skjer. Men dersom det går gale; musikarane spelar dårleg eller publikum ikkje likar det, då kjennest det som tortur. Eg har heldigvis opplevd mest av det første.

– Men du har opplevd begge deler?

– Ja. Og det er eg glad for.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed