Meir pengar til open publisering

Publisert:11. februar 2015Oppdatert:11. februar 2015, 11:00
Vitskapelege tidsskrift er dyre, og det er òg dyrt å publisera i tidsskrift som er gratis tilgjengelege. Arkivfoto: Dag Hellesund

Med open tilgang til forskingsresultat vil forskinga verta endå nyttigare, trur kunnskapsministeren. No vil Forskingsrådet dekka deler av utgiftene institusjonane har til publisering i opne tidsskrift.

Forskingsrådet ønskjer meir publisering i tidsskrift som er gratis og fritt tilgjengelege, såkalla open access. Men for å få publisera i slike tidsskrift, må institusjonane eller enkeltforskarane betala ei avgift.

No lyser Forskingsrådet ut midlar som kan dekka inntil halvparten av institusjonane sine utgifter til publisering i opne tidsskrift. Det skriv Forskingsrådet på sine nettsider.

3,8 millionar hos UiB
– Me veit at institusjonane er inne i ein dyr overgangsfase der dei både må halda oppe tidsskriftabonnement og betala for å publisera i tidsskrift med open tilgang. Den nye støtteordninga skal gjera denne fasen mogleg å handtera for institusjonane, samstundes som dei kan laga gode system for å finansiera open publisering gjennom publiseringsfond, seier Arvid Hallén, administrerande direktør i Forskingsrådet.

UiB brukar i dag over 30 millionar kroner i året på tidsskrift. Samstundes har universitetsstyret vedteke at ein skal ha ein eigen pott til publisering i opne tidsskrift. For 2015 er denne på 3,8 millionar kroner.

Må ha eige fond
Den nye støtteordninga, med namnet STIM-OA, skal dekka kostander til artikkelavgifter som oppstår når forskarar publiserer i opne tidsskrift. Ordninga vil ha ei utlysing i året, og vil dekka inntil femti prosent av institusjonen sine publiseringskostander frå året før. I år er det sett av ni millionar kroner. For å kunne få midlar, må institusjonen sjølv ha eit publiseringsfond. Det vil berre verta gitt støtte til publisering på nivå 1 og 2.

Den femårige forsøksordninga frå Forskingsrådet vart gjort kjent i fjor sommar, men no er første gong institusjonane kan søkja om midlar. Norske forskingsinstitusjonar brukar totalt om lag 16 millionar kroner i året på publisering i opne tidsskrift.

Internasjonalt råd
– Med open tilgang til forskingsresultat vil forskinga verta endå nyttigare, og samfunnet vil få endå meir att for investeringane i forsking, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til Forskingsrådet.

Å sikra open tilgang til vitskapelege artiklar er eit overordna forskingspolitisk mål internasjonalt. I Noreg er det løfta fram mellom anna i forskingsmeldinga «Lange linjer».

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed