Her får direktøren oppgåvene sine

Publisert:13. februar 2015Oppdatert:13. februar 2015, 14:05
Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm sette seg på sidelinja då styret diskuterte kva særlege oppgåver han skal ha det neste året. Framme: Synnøve Myhre og Anne Kverneland Bogsnes. Foto: Hilde Kristin Strand

Med Kjell Bernstrøm på sidelinja vedtok universitetsstyret kva mål han skal nå det neste året.

Universitetsdirektøren si løn er sett saman av ein basiskomponent og ein resultatkomponent. Etter at Kjell Bernstrøm vart tilsett på åremål like før jul, vedtok universitetsstyret i årets første møte kva dei forventar av han i 2015.

– Dette seier noko om prioritering, og er ei utdjuping av det som ligg inne i jobben, sa rektor Dag Rune Olsen.

Digitalisering og implementering
I forslaget, som òg vart vedteke, heiter det mellom anna at arbeidet med eksternfinansiering skal styrkast. Direktør skal òg jobba for at 30 prosent av studentane får tilbod om digital eksamen i 2015. Direktøren får ansvar for å implementera den nye strategien, og han skal legga til rette for tverrfaglege satsingar. Han skal òg jobba for modernisering av biblioteket, og skal ha ansvar for at dei sentraladministrative avdelingane i større grad jobbar på tvers.

– Det høyrest litt mykje ut med 15 prosent fleire EU-søknader på eitt år, kommenterte Synnøve Myhre, som representerer dei tekniske og administrativt tilsette.

– Eg hadde ikkje tenkt at han skulle skriva dei sjølv, svarte rektor humrande, før han la til:

– Det me har drøfta, er at me treng å senda fleire søknader til EU, fleire gode søknader.

– Eg trur me må seia 15 prosent fleire i løpet av perioden, sa prorektor Anne Lise Fimreite.

Ville ha openheit
Universitetsdirektøren sin kontrakt er ein standard statleg leiarkontrakt, og det er del to av denne kontrakten som var oppe til drøfting. I saksframstillinga heiter det at ved neste årlege drøfting vil krava vera utgangspunkt for ei evaluering av arbeidstakaren og for å fastsetja eit eventuelt individuelt lønspålegg. Manglande innfriing av krava kan på si side utløysa moglegheit til å omplassera arbeidstakaren til andre oppgåver.

– Er det slik at dei punkta som vert lista opp her, skal prioriterast framfor andre deler av jobben? Dette er ting som er vanskeleg å måla, meinte Anne Kverneland Bogsnes, som er ekstern representant i styret.

Rektor sa at krava er diskutert med direktøren.

– Ein del av dei tinga som er lista opp, til dømes økonomiansvar, er noko direktøren må ha. Men me seier noko ekstra her. Det er lett å sjå om punkta er tekne tak i, det er eit ja- eller nei-svar, sa Olsen.

Han poengterte at dette var første gang ei slik sak vart behandla i ope universitetsstyremøte. Og sjølv om saka ikkje var unnteke offentlegheit, valte Bernstrøm å setja seg på sidelinja.

– Det er direktøren sjølv som ønskjer at det skal vera openheit rundt kva me forventar av han og rundt kva han skal gjera, sa rektor.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed