4,7 millionar til open publisering

Publisert:23. februar 2015Oppdatert:23. februar 2015, 12:00
Universitetsbiblioteket har laga ein rapport om open publisering. UiB har ein eigen budsjettpost til dette. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

I fjor betalte UiB nærare fem millionar kroner for at forskarar skal kunne publisera i opne tidsskrift. Totalt 252 artiklar og monografiar fekk støtte.

Viserektor Anne Christine Johannessen er nøgd med at fleire forskarar ønskjer å gjera forskinga si tilgjengeleg. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

– Det er du som betalar for forskinga mi, så kvifor skal du betala for å lesa henne?

Professor Jill Walker Rettberg stilte spørsmålet i fjor haust. Den nyaste boka hennar, «Seeing Ourselves Through Technology», vart gitt ut gratis.

Eller, gratis og gratis. Gratis for lesarane, men framleis kostar det mykje pengar å publisera i såkalla opne tidsskrift. Rettberg si bok var den første UiB-monografien som var tilgjengeleg for alle, og professoren engasjerte seg sjølv. Men å gi ut bøker på denne måten, er ein ikkje heilt enkel prosess. Det vert det peika på i rapporten Universitetsbiblioteket nyleg har laga om open publisering.

Dyr hybrid-løysing
2014 var det første heile året der UiB-forskarar kunne søkja om å få støtta publisering i opne tidsskrift. Det kom inn totalt 270 søknader, og 252 av desse vart innvilga. Lista viser at det er flest ph.d-ar som søkjer om støtte, og det er Det medisinsk-odontologiske fakultetet som er øvst på lista. 131 av dei innvilga søknadane kom derifrå. I tillegg til Rettberg si bok, vart det gitt støtte til to andre monografiar. I rapporten heiter det at «det vart fort klart at det er store skilnadar mellom Open Accesstilbodet for artiklar og for monografiar, då det fyrste er eit mykje meir utvikla og straumlinjeforma tilbod enn det andre».

Totalt vart det innvilga støtte for 4,78 millionar kroner. Det gir ein snittpris per artikkel på om lag 19 000 kroner, men det er store skilnader i pris mellom opne tidsskrift og såkalla hybride tidsskrift. Sistnemnde er tidsskrift som er abonnementsbaserte, men der artikkelen kan gjerast tilgjengeleg for alle gjennom eit gebyr. Snittprisen UiB betalte for at forskarar kunne publisera i desse tidsskrifta, var nærare 22 000 kroner.

Nøgd viserektor
Viserektor for internasjonalisering, Anne Christine Johannessen, seier til UiB Aktuelt at ho er glad for at så mange forskarar har søkt og fått støtte til open publisering.

– Det er svært viktig at flest mogleg får enkel tilgang til forskingsresultata våre, uavhengig av kor dei bur i verda eller kor mykje pengar dei har, seier Johannessen.

Viserektoren meiner at det er viktig å jobba for meir open publisering i dei hybride tidsskrifta.

– Me kan ikkje endra publiseringssystemet over natta. Dei etablerte forskingsforlaga har lange tradisjonar og spelar ei svært viktig rolle i kvalitetssikring og utvikling av forskinga. Dfior vil me gjerne støtta arbeidet for meir gratis publisering i desse kanalane òg, seier Johannessen.

For å kunne få støtte til publisering i opne tidsskrift, må artiklane publiserast med ein såkalla Creative Commons (CC)-lisens. Dette sikrar permanent open tilgang til artiklane. Det er berre artiklar på nivåa 1 og 2 som får støtte.

Sjølv om meir enn 250 artiklar fekk støtte i fjor, er det grunn til å tru at det vart publisert fleire artiklar i opne tidsskrift. Tal frå Universitetsbiblioteket viser at publisering i reine open access-tidsskrift har auka frå 75 i 2005 til 385 i 2013.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed