Bakke reinvaska i Innovest-saka

Publisert:13. januar 2015Oppdatert:13. januar 2015, 19:31
Per Bakke vil ikkje få nokon strafferettsleg reaksjon for å ha heva løn frå Innovest.

Professor Per Bakke blei meld til politiet av Helse Bergen i Innovest-saka. No er saka ferdig etterforska, og lagt bort grunna manglande prov.

– Det var ei stor lette då eg opna brevet på fredag. Det var fantastisk, seier Per Bakke til På Høyden.

Lungeforskaren opplevde i fjor å bli meld til politet og saksøkt av Innovest-eigar Helse Bergen, etter å ha vore ein skatta stjerneforskar i tiår. Helse Bergen hevdar at han urettmessig har tatt ut millionar kroner i løn frå forskingskontoen sin mens han var i USA på eit forskingsopphald, og leiinga i helseforetaket hevdar at det har skjedd på ein fordekt måte, og melde difor Bakke til politiet for underslag.

Visste han var uskuldig
Professoren legg ikkje skjul på at det har vore tungt å bli etterforska av politiet.

– Det har vore ein stor belastning, og svært ubehageleg. Men på same tid har eg heile tida visst at eg har vore i god tro når eg har gjort som eg har gjort, og det har bidrege til å halde meg oppe. Det har vore tungt for familien òg, men eg har ei fantastisk kone som har hjelpt meg gjennom det.

Takkar støttespelarane
Bakke har fått mange støtteerklæringar undervegs, ikkje minst frå kollegaene på Det medisinsk-odontologiske fakultetet. Men òg juristar frå Det juridiske fakultetet har stilt opp og gitt han fagleg hjelp.

– I dag har eg lyst til å nytte høvet til å takke alle som har støtta meg: Både rektor på UiB, dekanen på Mof, kollegaene mine på Klinisk institutt 2 og elles på universitetet.

Manglande prov
No har både Helse Bergen og Bakke frist på seg til 23. januar med å komme med eventuelle innvendingar mot avgjerda, og i så fall vil saka bli sendt over til statsadvokaten for endeleg avgjerd.

– Saka er lagd bort grunna manglande prov. Utover det har eg ingen kommentar, seier politiadvokat Bertil Rønnestad, som har vore påtaleansvarleg i saka.

Omfattande men greie fakta
Bjørn Helge Skurtveit har etterforska saka.

– Det har for så vidt vore ei omfattande etterforsking, som vi har jobba med i meir enn eit halvt år. Det har vore mykje å gå gjennom, og mange avtalar og partar. Men dei fakta i saka har vore veldig greie, seier Skurtveit til På Høyden.

Det har såleis vore dei juridiske vurderingane i saka det har vore strid mellom Helse Bergen og Bakke om. Men no har påtalemakta altså konkludert med at Bakke ikkje gjorde noko straffbart då han tok imot løn mens han hadde permisjon frå jobben i Helse Bergen. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed