21 prosent av doktorgradene vart ikkje godkjende

Publisert:13. januar 2015Oppdatert:17. april 2018, 22:26
Ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet har talet på underkjente doktorgrader vore høgt dei siste åra. Fakultetsleiinga er usikker på om det er ein tendens eller tilfeldig, men har likevel sett inn tiltak. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

Både i 2013 og i 2014 har nær tjue prosent av dei innleverte doktorgradene ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet vorte underkjende. – Me er usikre på om dette er ein tendens eller om det er tilfeldig, seier fakultetet.

– Underkjenning kan ha noko med form på avhandlinga å gjera, trur prorektor Anne Lise Fimreite. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
– Alle doktorgradsstudentane skal ha to rettleiarar, seier prodekan Annelin Eriksen. Foto: Hilde Kristin Strand
– Det er tilfeldig at fleire hos oss får underkjent avhandlinga si same år, trur instituttleiar Johan Myking. Foto: Ingvild Festervoll Melien

– Når oppunder tjue prosent av dei innleverte arbeida ikkje vert funne gode nok til å verta forsvarte i ein disputas, er det urovekkjande.

Det skriv Det samfunnsvitskapelege fakultetet i si forskarutdanningsmelding for 2013.

På Høyden har henta ut tal frå alle fakulteta for å sjå kor mange av stipendiatane som ikkje får arbeidet sitt godkjent for disputas. I fjor var det fire underkjente doktorgrader både ved SV og ved Det medisinsk-odontologiske fakultetet (MOF). Skilnaden er at ved MOF var det 72 kandidatar som disputerte, ved SV 15.

Disputas før disputasen
– Dei siste åra har me sett ein tendens til at det er fleire som får underkjent avhandlinga si. Men me er usikre på om det faktisk er ein tendens, eller om det er tilfeldig. I 2012 var det berre ei underkjent avhandling ved fakultetet.

Det seier Annelin Eriksen, prodekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet.

I 2013 var det fem som ikkje kom gjennom nålauga til disputas. Det vart avvikla 23 disputasar. Tala viser at det i 2013 og 2014 var om lag tjue prosent av kandidatane som ikkje vart godkjende for disputas. Men talgrunnlaget er lite.

Eriksen seier at sjølv om konklusjonen er at dette neppe er ei eintydig utvikling, skadar det ikkje å ha fokus på forskarutdanninga.

Midtvegsevaluering og to rettleiarar til alle er to av tiltaka som allereie er i gang.

– I tillegg diskuterer me no to andre tiltak. Det eine er eit sluttseminar. Det er noko som er vanleg i Sverige, og er ein slags disputas før disputasen. Ein har ein komite, i utgangspunktet med interne medlemmer, men eventuelt òg med eit eksternt medlem, som les gjennom teksten. Dette vert gjort for å fanga opp kor svakheitene ligg. Så treffest ein og går gjennom dette med kandidaten, seier Eriksen.

Det andre tiltaket er å få på plass eit opplegg rundt dei som har fått underkjent avhandlinga si. Dette kan ein lesa meir om i ei seinare sak i denne serien.

Tiltak hos juss
Sidan 2012 er det ingen ph.d-ar ved Det psykologiske fakultetet som har fått underkjent doktorgrad. 59 har fått avhandlingane sine godkjende, og har disputert. Både MOF og Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet har mange godkjende disputasar i løpet av eit år, MOF nokre år over hundre, mat.-nat. over 70.

I 2013 hadde MOF 115 godkjende disputasar. Sju kom ikkje gjennom nålauga. I forskarutdanningsmeldinga skriv fakultetet at talet på underkjenningar er lågt, og at dei fleste som leverer avhandlinga for andre gang då får henne godkjent.

Regelen er at dersom avhandlinga ikkje vert godkjent for disputas, heiter det at ho er underkjent. Ein får så sjanse til å levera inn på nytt. Dette kan skje tidlegast etter seks månader. Dersom arbeidet heller ikkje den gongen vert godkjent, vert avhandlinga endeleg refusert.

I motsett ende finn ein Det juridiske fakultetet. Dei siste åra har dei hatt tre til seks disputasar i året. I 2013 var det to som ikkje fekk godkjent arbeidet sitt. Eit høgt tal ved dette fakultetet. Fakultetet skriv i forskarutdanningsmeldinga at prosjekta var så ulike at det er vanskeleg å finna nokon fellesnemnarar. Men ein trend er at kandidatane i større grad enn før er forseinka. I fjor vart det difor starta eit prosjekt der ein skulle gå gjennom rutinane for mottak og oppfølging av stipendiatar. I 2014 var det fire som disputerte ved fakultetet, ingen fekk arbeidet underkjent.

– Tilfeldig
Det humanistiske fakultetet har hatt 26 til 32 dipustasar dei siste åra. Kor mange som får underkjent varierer. Ein i 2014, men fem i 2013. Går ein attende til 2010, er talet åtte.

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) hadde to underkjente doktorgrader i 2010, to i 2013 og ei i 2014. I tillegg har instituttet hatt to doctor philosophiae (dr. philos) som ikkje kom gjennom.

Dr. philos, eller den filosofiske doktorgraden, er ei fri doktorgrad, som er lite i bruk. Ein dr. philos arbeider åleine, utan rettleiing, og er ikkje knytt til eit universitet før ein får godkjent søknad om doktorgradsprøve. På Høyden har sett vekk frå dr. philos i denne artikkelserien, og fokusert på philosophiae doctor (ph.d.-graden).

– At me har fleire som har fått underkjent same år, trur eg er tilfeldig. Dei som har fått underkjent er flinke folk, seier Johan Myking, instituttleiar ved LLE.

Han seier at ei avhandling ved HF har i seg mange element som gjer det vanskeleg: avklaring av omgrep, krav til metode og til teori.

– Men slik er det òg for dei som passerer, seier Myking.

Ulike format
– At fleire ved HF og SV får underkjent avhandlingane samanlikna med Mat.-nat. og MOF, trur eg kan skuldast formatet på avhandlinga.

Det seier prorektor Anne Lise Fimreite.

Ved desse to fakulteta er det framleis mange som leverer doktoravhandling som monografi. Ved dei andre fakulteta er fleirtalet av doktorgradsarbeida sett saman av fleire artiklar, samt det som heiter kappe. Kappa skal fungera som både introduksjon og samandrag, og skal mellom anna visa kva avhandlinga sitt bidrag til forskingsfeltet er.

– Det er få som sit for seg sjølv på eit kontor og jobbar heilt til dei leverer avhandlinga, understrekar Fimreite.

– Alle skal til dømes har ei midtvegsevaluering. Men dersom ein har ei artikkelbasert avhandling, vert det ofte vanskeleg å underkjenna denne dersom ein eller fleire av artiklane som arbeidet er sett saman av, allereie er godkjent for publisering. Dei vert godkjende etter vanleg fagfellevurdering.

Og Myking meiner at monografien er ei utfordrande form.

– Men artikkelformatet er ingen garanti for å få godkjent avhandlinga det heller. Det er nok likevel slik at mange stipendiatar ved HF og SV opplever at dei er meir åleine, seier han, men understrekar:

– Dei som har fått underkjent hos oss dei siste åra er stipendiatar som har vore ein del av eit miljø. Dei har på ingen måte levd på isolerte øyar.

LLE har dei siste åra hatt ein eigen forskarutdanningskoordinator. Myking er svært nøgd med denne ordninga.

– Det har gjort at me har fått betre oversyn. No er det system på at alle stipendiatane har to rettleiarar, det er noko som tidlegare ikkje alltid fungerte. Forskarutdanningskoordinatoren er òg med på midtvegsevalueringa. Den er ein samtale der ein tek om framdrift, prosessen, kva som fungerer og kva som ikkje fungerer, seier Myking.

Oppteken av fagleg fellesskap
Annelin Eriksen meiner at ein ikkje kan sjå nokon samanheng mellom form på avhandlinga og underkjenning.

– Eg trur det er viktig å ha merksemd rundt det faglege fellesskapet. Difor er det viktig at alle kandidatane har to rettleiarar. Eg trur òg at ein kan finna at dei som ikkje er tilsett ved UiB som stipendiatar, men som har løna si frå ein høgskule eller frå eit senter og berre er tekne opp via forskarutdanningsprogrammet vårt, er overrepresenterte når ein ser på kven som får underkjent avhandlinga. Dei går glipp av kvardagsomgangen med eit fagmiljø, seier prodekanen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed