Stolt-Nielsen skal få UiB på tvers

Publisert:22. desember 2014Oppdatert:22. desember 2014, 14:56
Etter å ha vore byrådsleiar i Bergen kjem Ragnhild Stolt-Nielsen no tilbake til UiB. Foto: Bergen kommune

Etter å ha jobba for å få bybanen til Åsane brettar Ragnhild Stolt-Nielsen opp erma for eit anna vanskeleg prosjekt: Tverrfagleg forsking og utdanning.

– Det skal bli kjekt å byrje. Eg gler meg veldig! seier Ragnhild Stolt-Nielsen. 

Folk trivst best i fagsiloar
Ho kjem tilbake til Universitetet i Bergen, der ho var administrasjonssjef på Det samfunnsvitskaplege fakultetet, etter mange år som politikar på heiltid. Den nye jobben er å vere prosjektdirektør for dei strategiske, tverrfaglege satsingane til UiB. Det blir med andre ord ikkje den lettaste oppgåva. 

– Det tverrfaglege har alltid vore vanskeleg. Folk trivst betre nede i siloane sine enn på tvers av dei. No skal vi finne ut kva som er bra med tverrfaglege satsingar, og kva som skal til for at vi skal lukkast med dei, seier ho. 

Og at oppgåva kan vere vanskeleg er ikkje noko minus, synest ho: 

– Eg trivst best med utfordringar. 

Litt som bybanen
Ho tek til i jobben 20. januar. 

– Først skal julefreden få senke seg. Eg er – ikkje overraskande – konservativ, og veldig opptatt av at ein først skal ha advent, før ein går inn i jula. Men no er det snart tid for jul. 

– Kva er lettast: Å byggje bybane til ein ny bydel i Bergen, eller å få universitetstilsette til å jobbe tverrfagleg? 

– Dei to problemstillingane har kvar sine utfordringar. Men eg har framleis tru på at med hardt arbeid og god kommunikasjon, så kan ein klar det meste. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed