Møt UiB-nissen 9. desember

Publisert:9. desember 2014Oppdatert:9. desember 2014, 12:45
Når Tommy Aarethun tenkjer på viktige juletradisjonar er det det store juleselskapet hjå besteforeldra som kjem aller høgast opp på lista. Foto: Karl Kristian Langeland
LUKE 9:

Kvar dag i desember vil På Høyden presentera ein ny nisse. Og skjerp sansane: Nissen presenterer eit spørsmål. Svarar du rett, vert du med i trekninga av dagens premie.

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
–  I storfamilien feirar vi jul kvar for oss, men fyrste juledag har vi eit stort juleselskap der alle samlast hjå besteforeldra mine. Det er den viktigaste juletradisjonen. Då er det fult hus, god mat og brettspel. Det er rett og slett veldig stas. For at bestemor skal sleppe å stå att med heile oppvasken har vi også ei ordning på det der det heile går på rundgong.

– Er det noko julestemning på UiB? Eller kan det verta det?
– I Studentparlamentet har vi litt julesamlingar i forkant av jula og i dei ulike studentforeiningane så er det fleire julebord og samlingar. Det er travelt både med lesing og pugging til eksamen, men og med meir kjekke ting for studentane fram mot jul.

– Ribbe eller pinnekjøt? Eller noko heilt anna?
–Vi har ofte begge deler på julaftan. Det er litt forskjellige ynskjer og preferansar innad i familien, men eg et kun pinnekjøt!

– Har du ein favorittjulesong?
– Eg er ikkje ein slik person som får julestemning berre på grunn av ein song, men skal eg velje ein julesong så må det bli <<En stjerne skinner i natt>>. Då må det vere med Oslo Gospel Choir. Heilt kvifor veit eg ikkje, men eg høyrer mykje på radio og der speler den dei ofte, så då har den nok snike seg inn på spotify’en min etter det.

– Kva ynskjer du deg til jul?
–Det er sjeldan eg ynskjer meg noko spesifikt. Eg får ofte ein del bøker og det er eg veldig godt nøgd med. Ofte får eg også pengar og det er jo veldig fint det også. Ei bok med litt pengar inni får vel bli ynskje mitt i år då, seier Tommy og ler.

– Kva ynskje har du for UiB i det nye året?
–For det komande året har eg eit ynskje om vi skal få på plass ein del av dei tinga vi har spelt inn til den nye strategien. Eg ynskjer at digitaliseringsprosjektet skal  bli enda meir konkret slik at studentar og tilsette føler at det er eit prosjekt der det faktisk skjer noko.

 

Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret til tips@pahoyden.no innan kl 10 dagen etter. Då er du med i trekninga av ein velsmakande pakke med belgisk sjokolade, som kan hentast hos oss i Christies gate 13. Vinnaren i går blei Gunhild Brubakken. Vi gratulerer! 

Dagens spørsmål:
– Kva heiter forfattaren, og romanen ho/han skreiv, som vart viktig for kjennskapen til og utbreiinga av juletreet i Tyskland og i andre delar av Europa?

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed