Møt UiB-nissen 8. desember

Publisert:8. desember 2014Oppdatert:8. desember 2014, 11:04
Manglar du litt julestemning? Då kan kanskje ein prat med juleentusiasten Kikki forandre det.

Kikki er eit ordentleg julemenneskje og stort sett alltid smilande og full av latter, men ein ting skal vere sikkert; du tullar ikkje med favorittjulesongen til Kikki, eller med julematen…

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
– Julekalenderen. Den jobbar eg LENGE med. For mange år sidan kjøpte eg eit lite trehus der ein kan opne dørene og bak det er det små skuffer. Dei blir fylt med utruleg velsmakande ting som passar til frukosten til familien. Litt småsnadder, sjokoladar eller gelefrukt. Av og til gøymer det seg nokre kinobillettar der eller kanskje ein film vi lastar ned på nettet. Kalenderen er kjempeviktig.

– Er det noko julestemning på UiB? Eller kan det verta det?
– Her på geo set vi opp tre i administrasjonen som vi pyntar. I tillegg til det arrangerer vi julelunsj her på instituttet. Allereie i august var komiteen for julelunsjen på plass. Det er ein happening der vi byrjar klokka to og er ferdig klokka to… altså om natta. Med andre ord det ein kan kalle for ein laaang julelunsj.

– Ribbe eller pinnekjøt? Eller noko heilt anna?
– Pinnekjøt! Det er berre heilt uaktuelt med noko som helst anna. Min far vart sendt ut til ein ukjend dal, oppe rundt Evanger, for å hente pinnekjøt som var bestilt for eitt år sidan. Det skal ikkje berre vere pinnekjøt, det skal sjølvsagt vere røykt også.

– Har du ein favorittjulesong?
– Det lyser i stille grender. Den skulle eg jo gjerne ha sunge for lesarane, men du får vel heller legge inn ein annan versjon frå youtube artikkelen…. Men det er ein vakker song. Det er jo Jakob Sande som har skrive den, sjølvsagt. Han er ein av mine favorittdiktarar og så er det jo også litt for at den songen er Vestlandet. Det handlar om grender og det har vi berre her.

– Kva ønskjer du deg til jul?
– Eg er veldig glad i å lage mat. Ei gigantisk støypejernsgryte til å lage dei herlegaste gryterettar står høgt på lista. Elles ynskjer eg meg fancy engelsk, handlaga hagereiskap og franske silkesjal.

– Kva ynskje har du for UiB i det nye året?
– Eg ynskjer at vi skal bli enda meir synlege. Eg håpar vi får til ei heidundrande opning av aulaen på Universitetsmuseet og at UiB klarer å finne ut kva som skal vere spydspissane av toppforskinga samstundes som vi klarer å bevare breidda.

 

Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret til tips@pahoyden.no innan kl 10 dagen etter. Då er du med i trekninga av ei eske med utsøkt sjokolade, som kan hentast hos oss i Christies gate 13.

Fredag var spørsmålet kva filipine var. Rett svar var sjølvsagt spelet ein gjer når ein finn ei hasselnøtt med to kjerner. Den som først seier filipine dagen etterpå, eller når ein møtest, får ein premie. Vinnar blei Kjell Trengereid. 

Laurdag var spørsmålet kva skoltesøndag er. Riktig svar er siste søndag før jul, då det var vanleg å ete smalahove i sauebygdene i på Vestlandet. Vinnar her blei Ingrid Solhøy. 

Søndag lurte nissen på om det står i bibelen at det var tre vise menn som kom til Jesus. Riktig svar er at det ikkje står spesifikt om tre vise menn. Her blei Ingrid Elisabeth Tøsdal trekt som vinnar. 

 

Dagens spørsmål:
– Fullfør setninga i denne julesongen; “Reven …”

a: …rasker til seg isen

b: …rasker over isen

c: …rasker seg hjem til jul

 

Og for å lokke ekstra mange til å svare: Under finn du bilete av premiane vi delar ut kvar dag. Utsøkt, belgisk sjokolade. 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed