Møt UiB-nissen 7. desember

Publisert:7. desember 2014Oppdatert:7. desember 2014, 10:20
Marion Solheim elskar jul. Maten, songane og pynten. Foto: Karl Kristian Langeland
LUKE 7:

Kvar dag i desember vil På Høyden presentera ein ny nisse. Og skjerp sansane: Nissen presenterer eit spørsmål. Svarar du rett, vert du med i trekninga av dagens premie.

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

– Middagen. Mat. Eg simpelten elskar julemiddagen og eg gler meg i mange månadar for eg er så glad i kjøt og poteter! Det er eit veldig ritual rundt det heile. Det er den einaste gongen i året vi syng for maten. Det er berre pappa som får lov å lage middagen, for han er den eigentlege gode kokken i heimen. Mamma får ikkje lov å røyre den. Mamma og pappa får kvar si juleøl. Det gjer brørne mine og, medan eg får julebrus.

– Ribbe eller pinnekjøt? Eller noko heilt anna?

– Pinnekjøt, sjølvsagt.

– Er det noko julestemning på UiB? Eller kan det verta det?

– Julebordet brukar å verte ein dundrande suksess! Elles er det mange som har julekalender og julefrukost og andre ting. Eg er ikkje med på så mykje av det, men eg må pynte til jul på kontoret mitt. Så sit eg der då, med julemusikk på øyrene, med raud duk på møtebordet og stearinlys og med nokre julekuler som heng rundt omkring. No vurderer eg å få meg eit juletre også.

– Har du ein favorittjulesong?

– Umogleg å velje berre ein. <<Gå inte förbi>> med Peter Jöback og Sissel Kyrkjebø er fantastisk. Dolly Parton og Kenny Rogers med <<I belive in Santa Claus>> og så må vi ikkje gløyme <<Deilig er jorden>>. Då vert eg heilt salig og smått emosjonell.

– Kva ynskjer du deg til jul?

– Ei falsk skinnbukse, eit gåvekort på ein handyman som kan kome å fikse litt på huset mitt. Og ein ting til; ein knall raud leppestift eg kan ha til nyttårsaftan.

– Kva ynskje har du for UiB i det nye året?

– Eg ynskjer at UiB skal bli mykje meir synleg. Eg ynskjer at UiB sine tilsette skal delta mykje meir i den offentlege debatten. Eg ynskjer også at vi skal heve fokuset på forsking enda meir.

 

Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret på dagens spørsmål til tips@pahoyden.no innan kl 10 måndag. Då er du med i trekninga av ein velsmakande førjulspremie som kan hentast hos oss i Christies gate 13.

Dagens spørsmål:
– Står det nokon stad i Bibelen at det var TRE vismenn som kom med gåver til Jesus-barnet?

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed