Møt UiB-nissen 4. desember

Publisert:4. desember 2014Oppdatert:4. desember 2014, 10:15
Kim Hommen er assisterande fakultetsdirektør ved HF. Han reiser heim til Sørlandet for å feira jul. Foto: Hilde Kristin Strand
LUKE 4:

Kvar dag i desember vil På Høyden presentera ein ny nisse. Og skjerp sansane: Nissen presenterer eit spørsmål. Svarar du rett, vert du med i trekninga av dagens premie.

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
– Det er nok pinnekjøtmiddagen på julaftan. Mors pinnekjøt, men moltekrem til dessert.

– Er det noko julestemning på UiB? Eller kan det verta det?
– Her hos oss pyntar me lokala. Som du ser, har eg allereie fått eit lite juletre på bordet mitt. Dette bordet vert brukt som lunsjbord. Og så har me ein eigen adventskalender med bilete av dei som jobbar i fakultetsadministrasjonen. Alle har med seg ein pakke kvar, og så trekkjer me kvar dag. Me er litt meir enn 24 tilsette, så nokre dagar trekkjer me to.

– Har du ein favorittjulesong?
– Det må vera På låven sitter nissen. Den hugsar eg frå barneskulen. Då dramatiserte me songen, med nisse og mus. Eg var mus.

– Ribbe eller pinnekjøt? Eller noko heilt anna?
– Som sagt er det pinnekjøt. Eg er innlandssørlending, så me et pinnekjøt, ikkje torsk. Då eg var liten, var eg van med heimeslakta pinnekjøt. Bestefar min hadde gard. Det viktige er at det er potetlefse til pinnekjøtet. Me lagar ein slags kebab med potet, kjøt og kålrabistappe inni.

– Kva ønskjer du deg til jul?
– Eg ønskjer meg nye regnklede. Dei eg har er heilt utslitne.

– Kva ønskje har du for UiB i det nye året?
– Eg ønskjer at det kjem opp mange gode og spentige forslag i organisasjonsutviklingsprosjektet, og at me får ein god prosess for å verta samde om kva tiltak som skal setjast i verk.

 

Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret til tips@pahoyden.no innan kl 10 dagen etter. Då er du med i trekninga av ein velsmakande førjulspremie som kan hentast hos oss i Christies gate 13.

3. desember var spørsmålet kva sukat er. Sukat er ikkje sitron, slik nokre kanskje trur, men i hovudsak laga av sitrusfrukta cedrat. Skalet er kandisert. Me fekk fleire rette svar, og Helga (Kikki) F. Kleiven er trekt ut som vinnar. Gratulerer!

Dagens spørsmål:
Kva dag er Boxing day? Og kva kallar me vanlegvis Boxing day i Noreg?

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed