Møt UiB-nissen 23. Desember

Publisert:23. desember 2014Oppdatert:23. desember 2014, 10:05
Rektor-nisse Dag Rune Olsen er på veg ned trappa i tårnrommet på Museplass 1. Er det ein sekk med gåver han har hengt opp, eller er det berre saccosekken rektoratet tek ned når dei skal ide-myldre?

Kvar dag i desember vil På Høyden presentera ein ny nisse. Og skjerp sansane: Nissen presenterer eit spørsmål. Svarar du rett, vert du med i trekninga av utsøkt sjokolade.

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
– Det må vere at vi pakkar bilen og dreg på hytta. Det er ein juletradisjon vi har hatt i 12 år no. Vi pyntar nesten ingenting heime i byen. Hytta ligg på fjellet utanfor Røros. Det er berre litt snø der i år, så det spørs om det er nok til å gå på ski. Vi treng jo litt mosjon for å trimme av oss julematen!

– Ribbe eller pinnekjøt? Eller noko heilt anna?
– Lutefisk! Det er alltid lutefisk hos oss på julaften.

– Er det noko julestemning på UiB? Eller kan det verta det?
– Eg synest det er ganske mykje julestemning på UiB. Folk har julesamlingar rundt omkring, og mange har hengt opp julepynt på arbeidsplassen.

– Har du ein favorittjulesong?
– Det må bli «Mot lysare daga» av Arnfinn Strømmevold. Det er ein lokal song frå Røros.

– Kva ynskjer du deg til jul?
– Eg pleier å ønskje meg bøker, og det får eg òg. Kva for nokre blir opp til den som gir.

– Kva ynskje har du for UiB i det nye året?
– Det eg er mest opptatt av og spent på no før jul er den nye finansieringsmodellen. Eg håper at han byggjer opp om kvalitet i forsking og utdanning. Modellen vil vere ein viktig premissleverandør for rammevilkåra våre framover. Og så trur eg vi har strukturdebatten bak oss for vår del. Men strukturmeldinga blir viktig, for det er gjennom den vi vil sjå om regjeringa lukkast med sitt politiske prosjekt.

Kvar nisse har eit spørsmål til lesarane. Send svaret til tips@pahoyden.no. Dagens spørsmål må me ha svar på innan 2. januar klokka 10. Då er du med i trekninga av ei øskje med utsøkt sjokolade, som kan hentast hos oss i Christies gate 13.

Dagens spørsmål:
Korfor er raudt julefargen? 

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed