Møt UiB-nissen 20. desember

Publisert:20. desember 2014Oppdatert:20. desember 2014, 10:00
Redaktør Dag Hellesund er ein ekte tjuagutt. På julaftan er det berre pinnekjøt, og ingenting anna, som gjeld. Foto: Hilde Kristin Strand

Kvar dag i desember presenterer På Høyden ein ny nisse. Og skjerp sansane: Kva nisse stiller eit spørsmål. Svarar du rett, er du med i trekninga om dagens premie.

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
– Det er nok når roen senkar seg julaftan og me stivpyntar ungane og et risengrynsgraut. Kanskje vert det ein tur i kyrkja.

– Er det noko julestemning på UiB? Eller kan det verta det?
– Mange stader er det godt med julestemning, men det er alt etter kva ein lagar til sjølv. På Høyden har ikkje pynta, men me har vore rundt og besøkt mange som har gjort det. Kalenderen er vår julepynt!

– Ribbe eller pinnekjøt? Eller noko heilt anna?
– Pinnekjøt! Her er det inga eksperimentering med nøttesteik eller noko anna. Det har vel aldri vore eit reelt alternativ, men kona sin familie var vegetarianarar nokre år då ho vaks opp. Til pinnekjøtet har me kålrabistappe og raudkål eller surkål, og så sjølvsagt riskrem til dessert.

– Har du ein favorittjulesong?
– Det er ein del nye julesongar eg synest er fine, og eg likar best dei ungane er med på. I år har eg høyrt ein del på Sissel Kyrkjebø og Odd Norstoga, og synest julesongen frå Jul i svingen er fin.

– Kva ønskjer du deg?
– Nye sykkelhanskar, for det er hol i dei eg har, og ny arbeidsbukse. Den eg har er det òg hol i. Me har hatt shoppestopp i heimen i haust, så eg kjøper ikkje slikt. Difor ønskjer eg meg det eg verkeleg treng til jul.

– Kva ønskje har du for UiB i det nye året?
– Eg ønskjer meg to ting: Eit endå opnare UiB der adminsitrasjonen forstår at det er av stor verdi å vera open om ting sjølv om dei er vanskelege, og eg ønskjer meg at fleire deltek i debatten om UiB si framtid. Det skjer mykje både på institusjonen og i sektoren, og det er viktig å delta for å kunne påverka.

 

Kvar nisse kjem til  stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret til tips@pahoyden.no. Dagens spørsmål må me ha svar på innan måndag klokka 10. Då er du med i trekninga av ei øskje med utsøkt sjokolade, som kan hentast hos oss i Christies gate 13.

Dagens spørsmål:
Kor mykje pengar kjem det norske folket til å bruka på julehandelen i år?

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed