Møt UiB-nissen 18. desember

Publisert:18. desember 2014Oppdatert:18. desember 2014, 10:35
Marielle Bergh pussar støvet av utstoppa dyr i førjulstida. Men til julemat blir det svin, ikkje koala.

Kvar dag i desember vil På Høyden presentera ein ny nisse. Og skjerp sansane: Nissen presenterer eit spørsmål. Svarar du rett, vert du med i trekninga av utsøkt sjokolade.

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
– Å dra heim til familien min i Skåne! Der dreg vi ut i skogen for å finne vår eiga gran, som vi pyntar. Og så slåss eg litt med mamma om kor mykje pynt vi skal ha på… Vi har og ein juletradisjon der vi slår terning om julegåvene. Om du får ein seksar kan du ta julegåver frå dei andre. 

– Er det noko julestemning på UiB? Eller kan det verta det?
– Vi kosar oss i alle fall med julegran, julekaker og julebord. Vi har og gått lucia-tog rundt til andre avdelingar. 

– Ribbe eller pinnekjøt? Eller noko heilt anna?
– Eg har aldri heilt forstått pinnekjøtet. Heime har vi juleskinke, jansons fristelse, gode silderetter og grønnkål. Mye godt! 

– Har du ein favorittjulesong?
– Det må bli Gläns över sjö och strand med Sofia Källgren. 

– Kva ønskjer du deg til jul?
– Eg treng nye briller, så eg håper på hjelp frå familien til å finne nokre fine. Elles er eg nøgd med berre å kome heim. 

– Kva ynskje har du for UiB i det nye året?
– Eg håper vi får løyving til museumsprosjektet, og ei god jul og eit godt nytt år til alle!

Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret til tips@pahoyden.no innan kl 10 dagen etter. Då er du med i trekninga av ei eske med utsøkt sjokolade, som kan hentast hos oss i Christies gate 13. I går spurde vi kva helgen julenissen er basert på. Rett svar er Sankt Nikolaus. Unni Janbu er trekt ut som vinnar. Gratulerer!

Dagens spørsmål:
Kven skrev diktet <<Tomten>>, som byrjar med <<Midvinternattens köld är hård >>?

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed