Møt UiB-nissen 11. desember

Publisert:11. desember 2014Oppdatert:11. desember 2014, 10:21
Om du har god greie på svenske teiknefilmar kan det godt hende du klarer spørsmålet Linda Gröning kjem med i dagens julekalender. Foto: Karl Kristian Langeland
LUKE 11:

Kvar dag i desember vil På Høyden presentera ein ny nisse. Og skjerp sansane: Nissen presenterer eit spørsmål. Svarar du rett, vert du med i trekninga av dagens premie.

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
- Eg likar å feire jul, men eg er ikkje spesielt tradisjonsbunden. Av tradisjonar kan vi vel nemne at vi drikk <<julmust>> i Sverige. Den må eg ha på plass til jul. Det er det same som julebrus i Noreg, men smakar heilt annleis. Ein annan ting er at eg må sjå <<Sagan om Karl-Bertil Jonssons julafton>>, det er ein skikkeleg tradisjon. Elles har det å lage ei fin jul for borna blitt fokuset, og den viktigaste tradisjonen for dei har vore å få pynte til jul og å vere med på å ta inn og pynte juletreet.

– Ribbe eller pinnekjøt? Eller noko heilt anna?
– Eg et ikkje kjøt, så her går det mykje i fisk og vegetarmat og annan julemat som ikkje inneheld kjøt, som for eksempel graut.

– Er det noko julestemning på UiB? Eller kan det verta det?
– Det blir vel julefesten på det juridiske fakultet som er julestemning for meg på universitetet. Den skal eg forsøke å få med meg.

– Har du ein favorittjulesong?
– Om det er ein favoritt eller ikkje når det kjem til julemusikk veit eg ikkje, men det er uansett <<Wham>> med <<Last Christmas>> som er det fyrste eg tenkjer på når eg tenkjer på julemusikk. Det er i alle fall ein veldig 80-talls nostalgi over den songen. Elles finns det mange vakre julesongar på svensk også som for eksempel <<Nu tändas tusen juleljus>>.

– Kva ynskjer du deg til jul?
– Det eg ynskjer meg mest til jul er ei pulsklokke frå Garmin.

– Kva ynskje har du for UiB i det nye året?
– Eg ynskjer at UiB held fram med ei positiv utvikling. Sett frå det juridiske fakultet sin ståstad så ynskjer er at vi held fram med å utvikle arenaer for tverrfaglege diskusjonar, møte og forsking. Eit generelt godt fokus på forsking både nasjonalt og internasjonalt er viktig.

 

Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret til tips@pahoyden.no innan kl 10 dagen etter. Då er du med i trekninga av ein velsmakande førjulspremie som kan hentast hos oss i Christies gate 13. 10. desember spurte me kven Krampus er. Han er St. Nicholaus sin mørke og slemme kompanjong, som skal skremma ungane til å vera snille. Dette visste mellom andre Fredrik Manne. Gratulerer!

Dagens spørsmål:
– Kven er det som har skrive den svenske klassikaren <<Sagan om Karl-Bertil Jonssons julafton>>?

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed