Må ut med 15 millionar kroner etter risikoinvesteringar

Publisert:24. april 2017Oppdatert:12. desember 2014, 06:05
Noverande dagleg leiar i Innovest AS, Kjell Inge Arnevig, må få tilført 15 millionar kroner til selskapet for å unngå konkurs. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Innovest har brukt pengar dei har lånt frå det offentlege til risikoinvesteringar. No må eigarane ut med 15 millionar kroner.

Også i rekneskapen gøymde det seg lite hyggelege overraskingar i Innovest-skandalen. I juni 2014 overførte Innovest AS om lag 55 millionar kroner til Universitetet i Bergen og Helse Bergen. Etter det var det 38,5 millionar kroner igjen i selskapet, men det har vist seg at denne kapitalen ikkje er stor nok til å dekke dei samla økonomiske plitkene til selskapet, som følgjer med dei mange ulike kontoane for prosjekt eller einskildforskarar. Dette dreier seg mellom anna om avtaler om medikamentutprøving. 

Finanstap og rekneskapsrot
Det er ifølgje styret i Innovest tre grunnar til at det manglar pengar:

Ein del midlar har opp gjennom åra blitt investert i innovasjonsselskap, og nokre av investeringane har gått tapt. Dette er etter det På Høyden kjenner til den desidert største delen av underskotet, og det er snakk om investeringar med svært høg risiko. I tillegg er det pengar lånt frå det offentlege som er brukt til aksjeinvesteringane.

Innovest har òg ført verdiauke på aksjar som inntekt kvart år, sjølv om dei ikkje har seld aksjane. Dermed har resultatet til selskapet blitt betre, sjølv om det ikkje har fått tilført pengar.

Ein siste grunn til underdekninga er at Innovest har skrive av utstyr og eigedelar.

Styret i Innovest har ikkje tidlegare sett at det manglar pengar, verken det nye eller det gamle. I ei styresak til Helse Bergen blir det vist til at revisor aldri har gitt melding om at det låg slike problem i rekneskapen.

Må droppe gåver til UiB
Helse Bergen og Stiftelsen Universitetsforskning Bergen, eller Unifob, eig 50 prosent av Innovest kvar. Eigarane kunne vald å la Innovest gå konkurs, men vel i staden å dekke tapet sjølv: «Om ein ikkje gjer det, kunne ein stilt seg i ein vanskeleg situasjon overfor andre kreditorar, som kunne ha klaga eigarane for å tappe selskapet i eiga interesse og med andre partar som skadelidande.» heiter det i styresaka til Helse Bergen.  Helse Bergen er sjølv den klart største kreditoren til Innovest.

UiB har òg drøfta saka med Kunnskapsdepartementet, som har gjort det klart at eigaren – Unifob – må dekke underskotet. UiB har fått nei til å bidra til å få rekneskapen til å gå opp. Men resultatet blir i stor grad det same: Unifob må overføre pengane, og dermed må stiftinga la vere å gi tilskot til anna forsking ved UiB i 2014 og 2015. 

Universitetet i Bergen har vald å hemmeleghalde dokumentet om dei 15 tapte millionane. Dokumentet blei lagt fram for universitetsstyret i ein lukka del av førre møte, men konstituert universitetsdirektør Kjell Bernstrøm unntok dokumentet ved å vise til paragraf 23 i offentleglova, som gjeld omsynet til posisjonen til det offentlege i tingingar og anna. <<Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar når det er påkravd av omsyn til ei forsvarleg gjennomføring av økonomi-, lønns-, eller personalforvaltninga til organet>> heiter det i lova. Etter fleire klager frå På Høyden og Bergens Tidende har UiB-leiinga likevel vald å gi innsyn i dette eine dokumentet, då Helse Bergen har lagt ut ei styresak med det same innhaldet. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed