Aarebrot om 40 år på universitetet

Publisert:5. desember 2014Oppdatert:5. desember 2014, 08:53

Onsdag ettermiddag var Knut Fægris hus fylt av folk som har gjort ein innsats for UiB i 25 og 40 år. Her kan du sjå bilete av jubilantane som var tilstades og video av Frank Aarebrot som deler sine tankar om 40 år på UiB.

– Veldig mykje kjekk ungdom å sjå, sa rektor Dag Rune Olsen til dei mange frammøtte som har arbeidd ved UiB i 25 og 40 år.

Med kvite dukar, levande lys og vakker musikk frå klaveret, kunne rektor ynskje jubilantane velkomne til ei markering i Knut Fægris hus.

– Det er ikkje alltid vi har anledning til å samle så mange som har jobba så lenge samstundes. Dei har jobba målretta for den institusjonen vi har i dag. Når folk har jobba her i 25 og 40 år så blir vi veldig begeistra for det og synes det er på sin plass å kaste litt glans over dei.

– Takk for timar, år, entusiasme og krefter
– Vi på universitetet har som oppgåve å jobbe med unge og med kunnskap til morgondagens beste. Det har de gjort i 25 eller 40 år. Eg håpar de har trivst godt ved universitetet og at det har vore ein god arbeidsplass. På vegne av universitetet vil eg takk for alle dei år, timar, entusiasme og krefter de har brukt og nedlagt på og for universitetet. Eit universitet er ingen verdens ting utan dei menneska som lyfter institusjonen. De har de bidrege til. Tusen, tusen takk, sa rektor før utdelinga starta.

Som eit minne om denne dagen fekk dei som har jobba ved UiB i 25 år ei ugle i krystall, medan dei som har jobba i 40 fekk ein krystallvase.

Er ingen heimføding
– Det har vore veldig artig. Eg kan ikkje klage, seier Frank Aarebrot om tida som tilsett på Universitetet i Bergen.

Han kunne onsdag kveld ta i mot ein krystallvase som teikn på at han har vore tilsett ved UiB i 40 år. No som det er snakk om å heve grensa for pensjonsalder kan det fort bli fleire jubileum på Aarebrot og dei andre tilsette.

- Ja, no må vi byrje å tenkje på 50 årsjubileum. Det kjem til å bli dyrt for universitetet dette om dei skal byrje å gje gåver til 50 åringane også, seier Aarebrot.

Sjølv om Aarebrot manglar ti arbeidsår framleis på 50 så har han eit slags 50-årsjubileum likevel.

– Eg har faktisk hengt rundt på denne Høyden i kring 50 år. Eg hadde lånekort på universitetsbiblioteket frå 1963, og eg har vel også hengt rundt på Nygårdshøyden frå kring 1966 og framover.

Lei blir han heller ikkje.

– Neida, eg har vore tilstrekkeleg mange gonger i utlandet og fått nok impulsar til at eg ikkje har vorte fullstendig heimføding, seier Aarebrot og ler.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed