Millionløn til professorar

Publisert:17. november 2014Oppdatert:17. november 2014, 11:13
Det er skilnader mellom fakulteta. Men etter årets lokale lønsforhandligar er det fleire professorar som no tener over ein million kroner. Arkivfoto: Paul-Erik Rosenbaum

Etter årets lokale forhandlingar, er det fleire professorar som tener over ein million kroner. – I gjennomsnitt løner UiB dårleg, meiner Forskerforbundet.

Steinar Vagstad i Forskerforbundet seier at nokre av hans medlemmer har fått seks eller sju lønstrinn i tillegg, andre har fått ingenting. – Fagforeininga sender inn krav på vegne av dei medlemmene som har søkt. I tillegg har arbeidsgivar ei liste over dei som dei meiner fortener meir løn. Så forhandlar me om dei som står på desse listene. Arkivfoto: Dag Hellesund
Jørgen Melve i NTL har omalg 400 medlemmer ved UiB. Om lag halvparten av dei leverte inn lønskrav, og ein god del av dei fekk eit par ekstra lønstrinn. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

– Me misser dei beste studentane når dei er ferdige med mastergrada, seier Steinar Vagstad.

Han er professor i økonomi og leiar i Forskerforbundet ved UiB. Og sjølv om fleire av Vagstad sine medlemmer no har runda lønstrinn 90, der løna vert over ein million kroner, meiner han at UiB framleis løner dei tilsette for dårleg.

– Dersom me vil laga eit godt universitet for framtida, må UiB vera ein attraktiv arbeidsplass. I dag er det slik at for nokre fag kan studentane gå til spanande stillingar der dei tener meir, får fast jobb – og i nokre tilfelle får forska like mykje som ved UiB, seier Vagstad.

– Ja, me tener meir enn ein gjennomsnittleg industriarbeidar. Men det er heller ikkje dei me samanliknar oss med, legg han til.

–For mykje til mellomleiarar
Potten for dei lokale lønsforhandlingane var i år 1,75 prosent av lønsmassen.

– Det var eit litt pussig oppgjer med ein svær pott. Det var ikkje fleire søknader enn vanleg, så me fekk gjennomslag for fleire krav, seier Vagstad.

Også i Norsk tenestemannsforbund (NTL) var det ein god del av medlemmene som fekk ein lokal lønsauke.

– Me er ei fagforeining, så me er aldri nøgde når alle krava våre ikkje har nådd fram. Men det har vore ein god tone og greie prosedyrar, og me har fått gode og grunngitte tilbakemeldingar, seier Jørgen Melve, som leiar NTL ved UiB.

Av hans om lag 400 medlemmer er det ganske mange som har fått nokre ekstra kroner.

– Mange har fått eit par lønstrinn, det vil seia mellom 10 000 og 45 000 kroner, seier Melve.

Han meiner at det generelt har gått ein for stor del av potten til høgare stillingar, altså til mellomleiarstillingar.

Det same meiner Randi Heimvik i Parat.

– Ved eit lokalt lønsoppgjer kjem ikkje lønsmidlane ned i organisasjonen. Realkompetanse gir ikkje utslag i lønsvekst, og for mykje av midlane går til fakultetsadministrasjonane, seier ho.

Heimvik seier at Parat meiner at det er betre å fordela lønsopprykk i det sentrale oppgjeret, og at lokale forhandlingar ofte fører til skeivfordeling mellom stillingsgrupper i organisasjonen.

Også Vagstad seier at leiarane kom godt ut i år, men han ser ikkje noko problematisk i det.

– Spesielt administrasjonssjefane kom godt ut i år. Dette var første gong eg var med i forhandlingane, men det er sagt at dei kom dårleg ut i det førre oppgjeret, seier han.

Tena meir? Bytt jobb
Melve seier at dei som har vore tilsett lenge, kjem dårleg ut lønsmessig.

–Det gjeld eigentleg alle stillingstypar. Dersom ein vert tilsett like før det vert gjort vedtak om at alle i ein viss stillingskategori skal ha minst det og det lønstrinnet når ein vert tilsett, sakkar ein akterut. Då vert det slik at for mange er å byta jobb måten å gå opp i løn på.

For dersom ein til dømes går frå ein førstekonsulentstilling ved eit fakultet, til ein førstekonsulentstilling ved eit anna fakultet, vil ein ha rett til å forhandla løn.

– Nokre byter jobb sjølv om dei eigentleg er glade i den jobben dei har, seier Melve.

Vagstad seier at han støttar innplassering på høgare lønstrinn.

– Det er eit tiltak som ikkje går utover nokon, bortsett frå at ein sjølvsagt kan verta misunneleg på at andre tener meir.

Han seier at ofte ser ein på kva ein tilsett har gjort dei siste fem åra, når ein vurderer om vedkomande har fortent eit opprykk. Men for dei eldste tilsette, meiner Vagstad at ein må sjå annleis på det.

– I alle fall dersom det er det siste lønsoppgjeret vedkomande er med på. Då meiner eg at ein må sjå på produksjonen gjennom heile karrieren. Me har mange vitskapeleg tilsette som var veldig flinke på 1980- og 90-talet, men dette gjorde lite utslag på løna.

– I dag er det slik at ein kan tilsetja ein professor i lønstrinn 69. Reelt sett vert ingen tilsett under lønstrinn 70. Men me har framleis professorar som er i lønstrinn 69, illustrerer Vagstad.

Får pengane i desember
Det sentrale lønsoppgjeret ga UiB-tilsette eit tillegg:1,98 prosent lønsauke for dei frå lønstrinn 54, 6 000-8 500 kroner i tillegg for dei med lågare lønstrinn.

– Utfordringa er at dei som ikkje får eit lokalt tillegg, ikkje har nokon reell lønsvekst, seier Melve.

Det lokale tillegget vart betalt ut i august, med verknad frå mai. Dei som har fått eit lokalt tillegg, kan gleda seg til nokre ekstra kroner på desemberløna. Det lokale tillegget har verknad frå 1. august, opplyser konstituert økonomidirektør Kirsti Robertsen Aarøen.

 

Her kan du sjå oversikt over dei nye lønstabellane.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed