Kven har skulda for Innovest?

Publisert:27. november 2014Oppdatert:28. november 2014, 14:51
Innovest skulle skaffe millionar til helseforskinga på Vestlandet. Etter å ha fått inn ein milliard kroner enda samarbeidet mellom Helse Bergen og Universitetet i Bergen med skandale. Foto: Magnus Vabø

Innovest AS fekk inn ein milliard kroner til forsking, men enda i skandale. Forskarar, eigarar, direktør og styre kranglar om kven som har skulda.

UiB-professor Per Bakke er meld til politiet. Saman med Amund Gulsvik er han saksøkt for mange millionar kroner. Tidlegare dagleg leiar Arne Godal har òg fått varsel om søksmål. Så langt går eigarar og styre fri. Men kven har eigentleg skulda for at det gikk så galt i Innovest? I dag tek universitetsstyret debatten slik dei pleier med ubehagelege saker – bak lukka dører. Sjå resten av styremøtet direkte i På Høyen i dag!

Helse Bergen har så langt ikkje hatt styreansvaret på dagsorden i styret. 

Skulle bli noko stort
Innovest skulle bli stort, og bringe inn forsking til Helse Bergen og UiB. Frå 2001 til i dag har selskapet omsett for éin milliard kroner.

– Utgangspunktet for Innovest var veldig bra, med eit godt konsept. Vi ønskte å få eit skikkeleg system for medikamentutprøving, og få orden rundt desse. Og førebuingane var grundige nok, meiner Kristen Haugland. Han sat i Innovest-styret frå 2004 til 2013. Frå 2008 var han nestleiar.

Innovest blei etablert i 1997, og målet var å fremje forsking og næringsutvikling i helsesektoren på Vestlandet. Frå 2001 blei Innovest eit aksjeselskap, som etter kvart var eigd halvt om halvt av Helse Bergen og stiftinga Unifob, som var forskingsstiftinga til Universitetet i Bergen.

Skålte i champagne
Det gjekk godt med Innovest. Administrerande direkør Arne Godal hadde ord på seg for å vere særs dyktig i tingingar, og sikra gode kontraktar til forskarane. I 2002 fekk Amund Gulsvik ein avtale på 16 millionar kroner til prosjektet GenKOLS, som undersøker samanhengar mellom genar og kols. Pengane kom frå eit legemiddelfirma, og bidrog til at lungemiljøet blei ytterlegare bygd opp. Innovest-styret skålte i champagne over dei gode resultata. I 2005 fekk Per Bakke ein liknande avtale med legemiddelfirmaet GlaxoSmithKline. Verdien var 50 millionar kroner. 

I kontraktene dei to forskarane skriv under på med Innovest står det at pengane kan brukast til forsking eller fagleg oppdatering. Dersom dei sluttar med forsking «er det mest aktuelt å ta ut forskningsmidlene som skattepliktig lønn, og deretter avslutte kontoen». I kontrakten står det òg at næraste overordna person skal kunne be om opplysningar om at dei har ein personkonto i Innovest, og kva saldoen er ved utgangen av året. Vidare heiter det at «rettighetshaver selv sørger for at denne informasjonsplikten blir overholdt».

«Høge satsar»
Begge prosjekta får store overskot; 8 millionar kroner for Gulsvik sitt, og 12 millionar for Bakke. Dei har gjennom åra begge tatt ut fleire millionar kroner i løn frå kontoane, som Helse Bergen no meiner at dei ikkje har hatt krav på. «Arbeidsgivar vart ikkje informert om restmidlande. Forskaren har sidan dette jamnleg teke ut midlar til eiga løn», heiter det i ei styresak for Helse Bergen om Gulsvik.

Per Bakke og Amund Gulsvik. 

Om uttaka til Per Bakke heiter det:

«Prosjektet vart regnskapsført i Innovest AS, og midlar vart jamnleg overført frå prosjektet sin konto til kontoar kontrollert av forskaren på bakgrunn av timelister med særs høge satsar. Forskaren vart i sin kontoavtale gitt ein eksklusiv rett til desse midlane. Arbeidsgjevar vart ikkje informert om restmidlane.» Det er òg poengtert at Bakke tok ut store midlar under eit opphald i USA.

Ikkje i god tru
– Innovest har vært administrert på ein slik måte at veldig mange forskjellige inntekter har blitt kategorisert på same måte. Dette har vi no rydda opp i. Om du går gjennom kva pengar som er sett inn på desse kontoane er det ikkje sikkert at dei passar saman med innhaldet i kontraktane. Og dersom du får eit tilbod som er for godt til å vere sant bør du kanskje takke nei, særleg om ein er i ansvarsfull stilling. Spørsmålet er om dei har handla i god tru eller ikkje. Vi har jobba grundig og lenge og vurdert at det i nokre få saker er grunn til å få dette vurdert rettsleg, seier Eivind Hansen.

Økonomidirektøren i Helse Bergen er styreleiar i Innovest AS, etter at Stener Kvinnsland og resten av styret blei skifta ut då saka blei oppdaga.

Forelda krav
I tillegg til at dei meiner at Bakke og Gulsvik ikkje har vore i god tru, meiner Helse Bergen at Bakke har kamuflert overføringar frå forskarkontoen som prosjektkostnader. Han er og skulda for å ha skrive fiktive timelister og for å ha tatt ut løn som ikkje var klarert med Helse Bergen. UiB er med på søksmålet mot Gulsvik, men ikkje mot Bakke.

Krava frå Helse Bergen og UiB er i  utgangspunktet forelda, men denne fristen kan vere utsett dersom dei to har gjort noko for å dekke over uttaka. Tidlegare leiar Arne Godal har og fått varsel om søksmål på grunn av «svikt og forsømmelse». Bakke er i tillegg meld til politiet av Helse Bergen.

– Alt er reelt
– Eg undrar meg over at Bakke er meld til politiet i det heile tatt. Eg kan verkeleg ikkje sjå noko grunnlag for det, og trur heller det er eit ledd i ei posisjonering. Det kan umuleg ha vore gjort noko fagleg vurdering rundt det. Men det er ei kjempebelastning for Bakke, seier advokat Per Magnus Falnes, som representerer Per Bakke.

– Vi meiner at alt Bakke har tatt ut kan dokumenterast, og er reelt. Eg vurderer det slik at han har oppført seg korrekt, og følgd dei retningslinjene han har fått. Han har dessutan hatt same forståing av dette som leiinga og styret har hatt tidlegare. At ein i ettertid har kome til at det ikkje skulle vore gjort på denne måten kan ikkje han lastas for, meiner Falnes.

Peikar mot styret
Han er glad for at Universitetet i Bergen no ser kritisk på heile Innovest-skandalen, og kven som har ansvaret. Falnes meiner at styret, der Stener Kvinnsland lenge var leiar, er særleg interessant.

– Det er positivt at UiB no ser på styret si rolle, og eg reknar med at dei tek den tida dei treng. Mitt inntrykk er at styret har vore fullt informert heile tida. Og om dei ikkje har vore det, så er det fordi dei har vald å ikkje stille spørsmål, seier Falnes.

Han viser til at det har gått store summar ut av Innovest i form av løn til forskarar.

Jakt på syndebukkar
– Ein må ha vore klar over at i alle fall store delar av lønsutgiftene har gått til eigne tilsette. Måten dette har vore organisert på må ha vore kjent for styret og for Helse Bergen. Men ein har truleg sett gjennom fingrane med det fordi det har vore nyttig, meiner advokaten.

Han trur det kan komme mykje fram dersom det blir rettssak av det. Og pengekrava UiB og Helse Bergen meiner å ha er underordna.

– Eg trur ikkje denne saka handlar om pengar. For nokon har det kanskje vore viktigare å finne syndebukkar. Peikar ein på andre, så går ein klar sjølv, meiner Falnes.

– Inhabil Hansen
Han er òg kritisk til at det er Eivind Hansen som er sett til å rydde opp i Innovest-skandalen, ettersom han har Stener Kvinnsland som næraste overordna.

– Det er underleg og svært uvanleg at ein byrjar heilt nede når ein skal fordele ansvar. Men det skuldast vel at Kvinnsland har ei dobbeltrolle her. Dette er oppsiktsvekkande, og ville ikkje ha skjedd nokon annan stad. Hansen og Kvinnsland jobbar etter kva eg har forstått vegg i vegg. Det er veldig få som saksøkjer sin eigen sjef. Granskinga av Innovest burde vore gjort av eksterne, meiner Falnes.

Har diskutert habilitet
I Helse Bergen er dei ikkje einige, og Eivind Hansen ser ikkje si eiga dobbeltrolle som noko problem.

– Er du habil?

– Eg retter meg etter generalforsamlinga til Innovest, og det er den som vurderer min habilitet. Eg har fått tilliten frå generalforsamlinga frå 2011 og til no. I vurderinga til generalforsamlinga ligg det mange element, mellom anna om ein er i stand til å handtere vervet.

– Har din habilitet vore diskutert av eigarane?

– Temaet har vore framme, men det er ikkje protokollert frå generalforsamlingane, seier Hansen.

Styret i Helse Bergen har ikkje tatt stilling til om det har vore riktig å setje Hansen til å rydde opp i skandalen.

– Dei har vurdert habiliteten hans i Helse Bergen, men eg har ikkje vore med i den vurderinga. Det er gjort i Helse Bergen, seier Ranveig Frøiland, som er styreleiar i helseforetaket. 

Sjølv om ikkje Helse Bergen har diskutert eit eventuelt styreansvar i Innovest-saka har dei likevel tatt stilling til det, ved berre å varsle søksmål mot Gulsvik, Bakke og Godal.

– Det er UiB og Helse Bergen som har teke ut søksmål.  Innovest har ikkje teke ut søksmål mot nokon. Som styreleiar har eg saman med styret og dagleg leiar teke ansvar for gjennomgangen og drifta i selskapet dei siste to åra. Vi har samtidig teke del i arbeidet med å legge til rette for dei vurderingane leiinga i Helse Bergen og UiB har gjort. 

Helse Bergen og UiB meiner altså så langt at forskarane og dagleg leiar har skulda for Innovest-skandalen, i alle fall når det gjeld om institusjonane kan ha lidd økonomiske tap.

Likt og ulikt
Arne Godal er ifølgje Helse Bergen og UiB blant skurkane når soga om Innovest skal skrivast. Det var Godal som ga forskarane tilbodet dei burde ha takka nei til. Han var innleigd som administrerande direktør gjennom sitt eige selskap, Siv. Ing A. Godal AS. Han var med som dagleg leiar heilt frå starten i 1997, i 60 prosents stilling. For å jobbe 1000 timar for Innovest var betaling til selskapet hans i 2010 1,5 millionar kroner. 

Godal fekk inn store kontrakter med legemiddelindustrien og andre finansieringskjelder. Ifølgje dommen i det sivile søksmålet mellom selskapet til Godal og Innovest AS var Godal godt likt av forskarar og eksterne samarbeidspartnarar. Retten teiknar eit bilete av Godal som ein «betydelig ressurs for Innovest AS, hva gjelder den kommersielle siden, herunder ved å knytte til seg forskere, inngå kontrakter med legemiddelindustrien og forvalte disse avtaleforholdene på en måte som ivaretok de eksterne parters ønsker.»

Bergen tingrett fann at Innovest AS hadde sakleg grunn til å seie opp avtalen med selskapet til Godal, då han mellom anna aktivt motarbeidde styret. Retten skriv og at «de kontrakter som ble inngått under Arne Godals ledelse, åpnet for betydelige overføringer fra forskningskonti hos Innovest AS til forskerne privat, uten krav til kontroll og direkte i strid med formålet med virksomheten».

– Ga informasjon
Retten viser òg til at Arne Godal motarbeidde styret og eigarane når dei ba om meir innsyn i drifta i Innovest AS. Det er Godal framleis ikkje einig i.

– Styret fekk den informasjonen dei ba om, og meir til. Det finst ikkje ein einaste protokoll som viser at styret ikkje fekk den informasjonen dei ba om, seier Godal.

At universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken eller andre ved universitetet spurde om informasjon og ikkje fekk han, er ei anna sak, meiner Godal.

– Eg veit at administrasjonen etterspurde informasjon, men det kom ikkje fram gjennom styremedlemmene frå UiB. Ifølgje aksjelova er det ikkje riktig å gjere det på den måten, seier Godal.

Han fekk på oppdrag av styret lagd ei juridisk utgreiing om spørsmålet, som konkluderte med at UiB ikkje kunne få tilgang til informasjon.

– Men styret avgjorde på eit tidspunkt at dei likevel ville opne opp, og då kom Kjell Bernstrøm til Innovest og fekk all den informasjonen dei ville ha, seier Godal.

Informerte styreleiar om alt
Han er sjokkert over vendinga saka har tatt.

– Det kan ikkje vere tvil om at styret i mange år meinte at forskarane kunne bruke pengar på kontoane til forskinga si. Det er ufatteleg at dei melder dei til politiet i ettertid. Her synest eg det er gjort veldig slett arbeid frå desse granskarane, og særleg frå styret, som i ettertid kjem på kritikkverdige ting og diktar opp eit fiendebilete, seier Godal.

Han viser mellom anna til at Stener Kvinnsland var særs godt oppdatert på drifta i Innovest.

– Han var svært godt brifa om alle ting, både på styremøta og ved mange høve elles.

– Visste han om einskildutbetalingar, som til Per Bakke?

– Det er unaturleg at ein styreleiar kjenner til dei einskilde utbetalingane. Men han visste godt at Per Bakke styrte eit så stort prosjekt, og at han disponerte så store midlar som han gjorde, og at han deretter dro til USA for å forske.

Revisor gjekk god for utbetalingar
Godal viser òg til at det sto klart i alle avtalane med forskarane at dei som eit alternativ kunne ta ut pengane som løn, fråtrekt skatt og arbeidsgivaravgift. Styret handsama ved fleire høve ordlyden i desse avtalane, uten at retten til å ta ut løn blei endra. Og i årsmeldingane framheva styret at Innovest AS løna kring 80 forskarårsverk. I tillegg går det klart fram av årsrekneskapen til Innovest at pengane vart disponert av forskarane, ikkje institusjonane. Der er pengane oppført som «Bundne forskermidler» og ført opp som gjeld til forskarane med denne noten: <<Bundne forskermidler består av overskuddssaldo i de ulike prosjekter som er administrert av Innovest AS. Midlene tilhører prosjektlederne/forskerne som disponerer midlene i prosjektet til sin forskning.>> Slik sto pengane omtalt i årsrekneskapen i ei årrekke, og det heile blei underteikna av styret.

Seinare er denne formuleringa berre til dels endra, og først i rekneskapen for 2013 er pengane omtalt som «Bundne forskningsmidler». I rekneskapen for 2013 er det presisert at «Bundne forskningsmidler består av ubenyttede midler i de ulike prosjekter som er administrert av Innovest. Innovest forvalter midlene på vegne av institusjonene og har rett på avkastningen av midlene

Revisor har heile tida gått god for forvaltninga, og i forkant av at Bakke hausten 2009 dro til Harvard i USA på forskingstermin blei uttaka godkjende av revisor, to gonger. Han hadde då permisjon frå jobben i Helse Bergen.

Skuldar på Kvinnsland
Den tidlegare daglege leiaren er ikkje i tvil om at alle forskarane var i god tru då dei tok ut pengar som løn. Men på sin tidlegare styreleiar har han mistra trua.

– Det einaste som har svikta i Innovest-saka er Stener Kvinnsland, som stadig roste verksemda, men deretter rømde frå heile saka. Han har ofra to toppforskarar for å redde sitt eige skinn, meiner Godal.

Kvinnsland avviser at han slutta som styreleiar for å redde seg sjølv.

– I utgangspunktet hadde vi ein dagleg leiar og revisor som sa at alt gjekk bra. Men våren 2012 blei det openbart at noko måtte gjerast. Då såg eg at dette ville bli av ein slik karakter at det her ville bli for mykje arbeid for meg, seier Kvinnsland til På Høyden.

– Burde du òg vore saksøkt?

– Viss noko slikt måtte komme får eg forhalde meg til det. Ein må tole at offentleg pengebruk blir gjennomgått.

– Burde de ikkje ha byta dagleg leiar mykje tidlegare?

– Det er lett å vere etterpåklok. Eg har uttalt at eg kanskje burde ha sett varselsignala tydelegare mellom 2011 og 2012. Men det var ingen klare indikasjonar på at systemet kunne misbrukast før i 2011. Men i etterkant ser eg at det var ein grad av fridom i systemet som kunne utnyttast.

Ikkje tvil om pengane
I motsetnad til Godal seier Kvinnsland at han alltid har meint at det var institusjonane sine pengar, ikkje forskarane, men at forskarane sjølvsagt skulle ha avgjerande innverknad på bruk av pengane til dei avtalte forskingsføremåla. 

– Kven som eig pengane meiner eg at vi har to dommar på. Vi har ingen grunn til å tru noko anna enn at pengane har kome inn fordi forskarane har vore tilsett i institusjonar. Overskot på prosjekta skal difor gå tilbake til meir forsking, i regi av forskaren eller institusjonen.

– Men kontraktane var formulert slik at forskarane kunne ta ut løn?

– Ja, og det kan ha vore kritikkverdig. Men det er i våre system aldri aktuelt utan godkjenning frå næraste leiar. Det litt underlege er at fleire hundre forskarar har oppfatta at dette ikkje er deira pengar, mens nokre få har oppfatta det på ein annan måte.

– Korleis vurderte du habiliteten i høve til at Eivind Hansen fekk jobben med å rydde opp i Innovest?

– Om eg hadde hatt ein økonomisk relasjon til Innovest hadde eg tenkt tanken. Men det viktigaste for oss var at eigarane måtte styre Innovest på ein klar måte då det måtte ryddast opp.

– Kva gjekk galt i Innovest?

– Det var ordningar som gjekk under radaren, og som var utnyttbare. Noko som ein i etterkant opplever at er ukurant går under radaren til revisor, og det har aldri vore framstilt som noko problem for styret.

Få styremøte
– Hadde de nok styremøter og eit tett nok oppfølging av eit selskap som omsette for meir enn 100 millionar kroner?

– Eg meiner å hugse at vi hadde i alle fall to styremøte per semester. Alle tilhøve som eit styre skal ha med seg blei handsama i møta.

På Høyden har telt kor mange styremøte Innovest-styret hadde. Ifølgje protokollane På Høyden har fått var det mellom eitt og tre styremøte i året i perioden 2006 til 2012.

– Har du sett kontrakta mellom Innovest og forskarane, som seier at forskarane kan ta ut midlar som løn?

– Ja tilbake til 2004/2005, og der var avtalemalane godt tilpassa dei ulike typane konti, så langt eg kan hugse, seier Kvinnsland.

– Det har vore leit med heile greia. Det var meint at systemet som blei etablert med Innovest skulle vere ei god ordning som skulle gjere livet lettare for forskarane. Langt på veg har Innovest fungert etter den intensjonen. Derfor er det òg synd at det skulle ende slik.

Eigarar i strid
Sjølv om ryddejobben har gått fredeleg for seg har det vore strid mellom eigarane. I årevis krevde UiB at ein større del av inntektene skulle gå til dekningsbidrag til UiB for bruk av infrastrukturen til universitetet. Men det blei aldri semje mellom eigarane om spørsmålet, og Innovest haldt fram med å ta ti prosent av forskingsmidla, i tillegg til at avkastinga av pengane gjekk til selskapet.

I 2007 vedtok Kunnskapsdepartementet eit nytt reglement for forvalting av forskingmiddel, og UiB gjekk gjennom randsoneselskapa sine året etterpå, med unntak av Innovest. Internrevisjonen sleit med å få tilgang til selskapet, og gjennomgangen skjedde først i 2009. Informasjon om kva som skjedde i Innovest var eit stadig tema for diskusjon, og Godal ville kun rette seg etter vedtak frå styret.

Uhandgripeleg
Internrevisjonen ved KPMG kom med sin rapport 5. juni 2009. Vurderingane er runde og overordna, men ein av konklusjonane er at UiB må setje i verk kontroll- og tilsynsrutiner som bidreg til at regelverket blir følgd. Universitet bør og ta initiativ til dialog med Helse Bergen og Innovest om det vidare samarbeidet, og få til ein overordna samarbeidsavtale.

Heile rapporten blei sendt til Innovest, og diskutert i styret.

– Vi fekk ein overordna presentasjon frå revisjonsfirmaet, men det var omtrent ingen ting å gripe fatt i. Det var ikkje nokon grunn for å følgje opp rapporten frå Innovest-styret, meiner Kristen Haugland, som var nestleiar i styret.

Ville kjøpe UiB ut
Då UiB ba om ein dialog rundt selskapet og måten det fungerte på, var svaret frå Helse Bergen at dei ville kjøpe opp aksjane til Unifob for éin million kroner. UiB var ikkje interessert i å selje aksjene i eit selskap som då omsette for over 100 millioner kroner i året.

UiB gjekk i gang med nye undersøkingar i 2010, og i 2011 kom rapporten som gjekk ned på forskarnivå. Rutinane var for dårlege, og mykje kunne vere galt. Det blei innrapportert til Kunnskapsdepartementet i juni 2011, men Helse Bergen fekk ikkje sjå varselet før ni månader seinare. Dermed kunne systemet i Innovest halde fram som før endå ei tid.

Seinare gjorde Helse Bergen sine eigne undersøkingar ved hjelp av revisjonsfirmaet Deloitte. I desember 2012 kom konklusjonen: Det var store utfordringar i måten Innovest fungerte på.

Rett før konklusjonen kom gjekk Kvinnsland av som styreleiar. I februar 2013 blei avtalen med Godal avslutta av det nye styret.

Må lære av Innovest
UiB-rektor Dag Rune Olsen blei først rektor då ryddejobben i Innovest var i gang. Men han er klar på at UiB må ta lærdom av saka.

– Vi må mellom anna spørje oss om vi har hatt ein leiingsstruktur som har vore tenleg. Innovest som mekanisme var fornuftig då det blei etablert. Læringspunktet blir der vi ser at det gikk feil, seier Olsen. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed