Finn den usynlege kompetansen

Publisert:5. november 2014Oppdatert:5. november 2014, 14:31
Kristian A. Bjørkelo sin 75 prosent stilling er delt, slik at halve stillingen går til å organisera emnet, dei siste 25 prosenta til å undervisa. Ivar Utne har vore med heilt sidan 2004. Då var konklusjonen at eit bachelorprogram som heitte språk og informasjon og som skulle kunne brukast praktisk i samfunnet, faktisk burde hatt ei praksisordning. Denne veka mottok Utne (til venstre) og Bjørkelo Sporveugleprisen for arbeidet med emnet. Foto: Ingrid Endal, Det humanistiske fakultetet

Studentane som vel faget praktisk informasjonsarbeid, brukar den kompetansen dei truleg ikkje visste at dei hadde. No har emnet fått HF sin pris for utdanningskvalitet.

Det begynte som eit praktisk emne i bachelorprogrammet språk og informasjon. Ti år seinare eksisterer ikkje bachelorprogrammet lenger, men emnet praktisk informasjonsarbeid lever vidare. Studentar, i hovudsak frå HF, som har 120 studiepoeng, kan velja dette faget. Her får ein opplæring i informasjonsarbeid, men kanskje viktigast: praksis i ei verksemd.

Denne veka fekk emnet sporveugleprisen, HF sin pris for utdanningskvalitet.

Korleis handtera journalistar?
– Det er mange ingrediensar i denne oppskrifta, seier Kristian A. Bjørkelo når han vert spurt om suksessoppskrifta.

Bjørkelo er i dag ansvarleg for faget, og fekk prisen saman med Ivar Utne. Utne leia gruppa som jobba med å få på plass ei praksisordning for ti år sidan, og har arbeidd med faget sidan. Faget ligg under Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, der Bjørkelo er tilsett som universitetslektor og førstekonsulent, og Utne som førsteamanuensis.

– Faget kombinerer opplæring og praksis, og studentane får bruk for den generelle og usynlege kompetansen dei har. Dei har sjølvsagt ein fagkompetanse, men i tillegg har dei ei evne til mellom anna å henta informasjon, til å skilja informasjon frå kvarandre og til å driva med kommunikasjon, seier Bjørkelo.

Heilt konkret byrjar undervisninga med førelesingar og skriveøvingar. Eit stykke ut i semesteret får studentane praksis i ei verksemd.

– Me rettar oss ikkje mot medieverksemder, og er tydelege på at det ikkje er journalistikk me driv med, seier Utne.

– Studentane skal i utgangspunktet driva med kommunikasjon, både intern og ekstern. Dei skal kommunisera mot pressa, og vert kursa i korleis dei skal handtera journalistar. Korleis skriv ein ei pressemelding? Korleis oppfører ein seg dersom ein vert intervjua? Førelesingane om dette er det journalistar som har. Og så får dei kunnskap frå den andre sida, då kjem mellom andre Jo Høyer frå Universitetsmuseet.

TV 2 og Raude Krossen
– Litt sett på spissen, så tenkte me i utgangspunktet at studentane skulle laga brosjyrar. Den tanken gjekk me raskt vekk frå, humrar Utne.

– Det er viktig å tenkja på at kommunikasjonsbehovet var heilt annleis for ti år sidan. Då handla det mykje om papir. I dag vert studentane mest undervist i å skriva tekstar for nettet, i korleis ein best kan bruka sosiale medium og i kommunikasjonsplanlegging.

Utne peikar på vekselverknaden mellom arbeidslivet og UiB. UiB skal utdanna studentar som er matnyttige for arbeidslivet. Samstundes får universitetet tilbakemelding frå arbeidslivet om kva kompetanse verksemdene treng.

– No har me til dømes jobba med å skriva kortare tekstar og bruk av sosiale medium, seier Utne.

Emnet har plass til rundt femten studentar kvart semester. Nokre av verksemdene tilbyr praksisplass kvart semester, medan andre er nye. TV 2, Bergen næringsråd, Raude Krossen og Festspillene i Bergen er blant dei som har vore med lenge.

Utne seier at det krev ein del av verksemdene å ta imot studentar. Dei skal både ha eit opplegg for dei, ha fysisk plass til dei og ha tid til å følgja dei opp. Det er grunnen til at ikkje alle vil ha studentar kvart halvår.

Dobbelt så mange søkjarar som plassar
Kor mange av studentane som faktisk får jobb rett etter at dei har tatt dette emnet, veit verken Bjørkelo eller Utne. Men dei melder om nøgde studentar. Faktisk har emnet dobbelt så mange søkjarar som dei har studieplassar.

– Mange av studentane går vidare til mastergrad. Kommunikasjonsbransjen er tøff, men det våre studentar har, er både ei fagutdanning og praksis. Det betyr at dei til dømes er godt skikka for ein sakshandsamarstilling der ein òg skal driva med kommunikasjon, trur Utne.

Han seier at fleire av studentane har sagt at dei har kome til jobbintervju fordi dei kan visa til relevant praksis.

– Det er mange solskinshistorier frå tidlegare studentar, seier Bjørkelo.

– Om dei ikkje får jobb med ein gong, så er dei i alle fall betre rusta til å finna ein relevant jobb. Dei har både praktisk røynsle, dei har eit nettverk og dei får med seg ein attest frå praksisstaden.

25 000 kroner
– Det er sjølvsagt kjekt å få prisen, det er fint å få vita at ein gjer ein god jobb. Dei eksterne lærarane er veldig glade, seier Utne.

Han håpar merksemda rundt prisen gjer at endå fleire studentar oppdagar emnet.

Sporveugleprisen er på 25 000 kroner.

– På spøk sa eg til instituttstyraren at me no har nok pengar til å dekka underskotet. Men eg fekk beskjed om at dette er friske midlar, så eg trur me kjem til å satsa på å få inn nokre gjesteførelesarar me elles ikkje hadde fått tak i, seier Utne.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed