UiB-student mista livet

Publisert:7. oktober 2014Oppdatert:7. oktober 2014, 16:54
Ulukka skjedde i vakre men dramatiske Nærøyfjorden. Tufte ligg på nordsida av fjorden. Foto: Colourbox

Ein tysk utvekslingsstudent i 20-åra omkom måndag då han fall i ei fjellside i Nærøyfjorden.

Plassering: 

– Eg fekk vite at ein av våre studentar var råka måndag kveld. Han var på ein privat tur saman med ei venninne. Dei skulle klatre opp mot ein foss då han sklei utfor ein skrent, fortel UiB-rektor Dag Rune Olsen.

Ulukka skjedde ved elva Tufto i Nærøyfjorden. Kvinna som var med på turen er òg utanlandsk, men ho er ikkje UiB-student.

– Her er det snakk om eit uhell som fekk eit tragisk utfall. Det er ikkje noko ekstremsport inne i biletet, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen, til bt.no.

Klokka 12 i dag blei det arrangert minnesamvær for studentar som kjende studenten.

– Han tok fag innanfor sosiologi, psykologi og språkfag. Det var ganske fullt i auditoriet i dag. Dei frammøtte fekk ein rapport frå politiet, ein studentprest var tilstades, Studentsamskipnaden i Bergen opplyste om sitt tilbod om helsehjelp, og det var muleg å stille spørsmål, fortel Olsen.

– Mange hadde møtt fram, og mange græt. Det var eit verdig minnesamver, og det er viktig å kjenne på sorgen når noko slikt skjer, seier rektor.

UiB har vore i kontakt med foreldra til mannen gjennom ambassaden, og far hans fortalde at sonen treivst veldig godt i Noreg.

UiB har ikkje noko særleg opplegg for å lære utvekslingsstudentar om farar i den norske naturen.

– Slik vi har forstått det på politiet var det ein heilt forsvarleg tur i terrenget dei to var på. Dette er mest ei veldig, veldig tragisk fallulukke.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed