Storstilt flytting på Universitetsmuseet

Publisert:21. oktober 2014Oppdatert:21. oktober 2014, 15:33

Om du har sett store afrikanske dyr sveve over Bergen by så er det ikkje du som har tørna. Det er berre Universitetsmuseet som skal flytte på dei mange utstoppa dyra sine.

Elefant, nashorn, sjiraff og sebra. Det er berre nokre av dyra som dei siste dagane har vore å sjå høgt over bakken på veg ut frå andre etasje på  Universitetsmuseet, ned til ein ventande bil og frakta vidare til eit lager.

Over hundre år gamle
Sidan museet er under rehabilitering må dyra og dei andre gjenstandane ut. Så langt har flytteprosessen gått bra, fortel Marielle Bergh, naturhistorisk konservator.

– Arbeidet med flyttinga går veldig bra. Vi er ein fin gjeng på åtte personar som jobbar med flytteprosjektet og vi har fått til ei god rutine på det.

Ein skulle kanskje tru at det ville vere litt problem å flytte på så pass store dyr, men det har vist seg å gå veldig fint så langt. Med unntak av nokre avstøypingar så er dei fleste av dyra utstoppa. Mange av dei er også svært gamle og godt over 100 år, likevel er dei i forbausande god stand.

– Mange av dyra er veldig fine, men det er klart at der er nokre av dei som kanskje ikkje er like anatomisk korrekte. Når dyr vart utsoppa i tidlegare tider så fekk ein ofte berre ein pels og så stoppa dei ut dyret etter korleis dei sjølve trudde den såg ut. Kanskje følgde det med eit foto av det døde dyret, men ofte hadde dei som stoppa dei ut ikkje sett det i levande live, fortel Bergh.

Tidkrevjande prosess
Forarbeidet for flyttinga byrja dei med allereie i juni. Då var det reingjering, registrering og fotografering som måtte gjerast. Etter det har det gått i pakking av dyra. Også det har gått bra.

– Nokre av dei er litt ustabile så då har vi måtte bygge opp trerammer rundt dei. Mange av dyra har ganske høgt tyngdepunkt og då må ein støtte dei under transporten ut av museet. Det går bra så lenge ein ikkje støttar dei i halen eller snabelen. Det er litt kjedeleg om elefanten skulle miste snabelen. Då er det jo noko som manglar, seier Bergh og ler.

Med så mange gamle dyr og gjenstandar så seier det seg også at mange av dei er ganske skjøre. Då gjeld det å vere forsiktig og ta seg god tid midt opp i all flyttinga.

– Kvart dyr vi har flytta ut har blitt fotografert og registrert og reingjort for gammalt støv før vi pakkar dei. Nokre ting må kanskje sikrast betre enn andre og då passar vi på å merke dei ekstra godt slik at vi ikkje skal få eit knekt horn eller ein knust finne når vi flyttar på dei. Det er ikkje berre å kaste dei ut vindauget. Dei som jobbar i flyttebyrået har fått gode instruksar for korleis dei skal gå fram.

Storstilt flytting på Universitetsmuseet from På Høyden on Vimeo.

Skal frysast fyrst
Etter at dei utsoppa dyra vert flytta ut av museet skal dei oppbevarast i eit såkalla fjernmagasin.

– Der får dei det bra. Der er det godt klima og eit lavoksygen anlegg som forhindrar brann, fortel Bergh.

Men før dei utstoppa dyra kjem så langt skal dei frysast. Dei gamle naturhistoriske skattane kan nemleg ha ein og annan uynskt passasjer.

– Det kan sitte gammalt rusk, skadeinsekt og egg som vi ikkje klarer å sjå med eigen auger. For eksempel i ein pels. Dette gjeld ikkje berre dyra, men også kulturhistoriske objekt som skal flyttast på. Då må vi fryse gjenstandane fyrst for å ta knekken på eventuelle skadedyr.

Kor lenge dei utstoppa dyra vert verande på <<ferie>> i  fjernmagasinet  er vanskeleg å seie.

– Mange av dei blir vel ståande der til museet er klart, men det er ikkje sikkert alle kjem tilbake heller. Det kan jo vere at det kjem litt nyare objekt som skal inn, og ein del av dei skal også konserverast. Det har vi ikkje tid til i denne omgangen, men det kan skje seinare.

Eitt etter eitt forsvinn dyra ut det store vindauget i andre etasje, blir frakta vidare inn i ein flyttebil og museet tømast sakte, men sikkert.

– Det er ei litt rar kjensle. No blir det tomt her, men det er også veldig godt å vite at dei utstoppa dyra får ein bra stad å vere under oppbevaring. Museet har hatt litt ymse klima opp gjennom tida. Det er store vindauge, skadeinsekt som har kome seg inn gjennom små hol og opne vindauge. Når dei kjem tilbake til museet har vi forhåpentlegvis på plass eit nytt og betre inneklimasystem, seier Bergh før ho går tilbake til arbeidet med å gjere klart eit lite reinsdyr for flytting.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed