MNT-fakultetet?

Publisert:16. oktober 2014Oppdatert:16. oktober 2014, 06:05
Ei namneendring kan vere på trappene. Kanskje blir dette bygget no Fakultet for matematikk, naturvitskap og teknologi, MNT-fakultetet.

Fakultetsleiinga ved det matematisk-naturvitskaplege fakultet ynskjer å synleggjere teknologidelen av fakultetet betre. Det kan bety ei namneendring.

I eit brev som vart sendt ut til dei ulike institutta ved Mat.-nat- ber fakultetsleiinga om innspel på deira forslag om namneendring. Eit eksempel på det kan vere Fakultet for matematikk, naturvitskap og teknologi (MNT-fakultetet).

– Vi ynskjer å styrkje teknologiprofilen på fakultetet. Vi har store satsingar i den retninga. EnTek-bygget er ein del av det. Vi veit at det kjem eit partikkelterapisenter på Haukeland som vil krevje kompetanse i den retninga, og regionalt er det også eit stort behov for teknologar. Vi ynskjer å kunne bidra til at dei vert utdanna i Bergen og ikkje berre i Trondheim, fortel dekan Helge K. Dahle.

Skal ikkje konkurrere med NTNU
Dekanen presiserer at dette likevel ikkje må sjåast som ein konkurranse med NTNU for å kapre studentane.

– Vi vil ikkje gå i konkurranse med NTNU på dei tradisjonelle ingeniørutdanningane. Det greier dei fint i Trondheim. Vi vil styrkje oss på dei områda der vi har tung forsking og det er naturleg at vi går inn og byggjer utdanningsvegar, seier Dahle.

– Så det å få teknologi inn i namnet handlar ikkje om å knabbe studentar frå NTNU?

– Nei, vi ynskjer oss fleire studieplassar. Fakultetet har aldri hatt så mange godt kvalifiserte søkjarar som i dag, og vi ynskjer å gi fleire eit godt studietilbod.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dekan, Helge K. Dahle, meiner at ei teknologisatsing vil vere viktig, ikkje berre for UiB, men også for regionen rundt. Foto: Karl Kristian Langeland.

Teknologisatsing er viktig for regionen
Dekan Dahle meiner også at det er underliggande fagleg at teknologi er så drivande for mykje av aktiviteten dei held på med og peikar på at det er ein konvergens mellom teknologi og naturvitskapane.

– Berre for å ta eit eksempel så har vi eit SFF på geobiologi. Ut av det har ein no etablert eit senter for djupmarinforsking. Skal dei ned på fleire tusen meters djupne for å ta prøver er ein heilt avhengige av teknologi og vi har jo fått ei stor infrastrukturtildeling på det, fortel Dahle.

Ei teknologisatsing vil vere viktig, ikkje berre for UiB, men også for regionen, trur Dahle.

– Bergensregionen er noko usynleg og noko tynn på teknologisida når det kjem til forsking og utdanning på masternivå. Vi ynskjer å styrkje det. Skal ein inn i eit samfunn der vi skal ha meir innovasjon og meir konkurranseutsett forsking så trur eg dette er rett satsing.

– Vil ei namneendring ha noko påverknad på planlagde Science City Bergen?

– Namneendringa er eit signal om at her dreiar vi noko profil og vi ynskjer og satse i den retninga. I høve til SCB er dette viktig fordi teknologiutdanningar som leier til sivilingeniørgrader er ein del av denne satsinga.

Vil styrke fakultetet
– Om teknologi no skal inn i namnet på fakultetet og teknologi skal verte ei satsing framover, vil det gå på bekostning av det matematiske og naturvitskaplege?

– Nei tvert imot. Eg trur at ei tydeleggjering av at vi òg driv med teknologi og ei satsing i den retning vil legge eit grunnlag for eit meir ekspansivt budsjett. Det vil kome heile fakultetet til gode.

I forslaget som vart sendt ut på høyring peikar fakultetsleiinga på at fakultetet allereie har mange teknologisk orienterte studieprogram, der fleire også har teke i bruk teknologi i namnet. Dekanen trur likevel ikkje at ei namneendring vil gjere det lettare å få gjennomslag for fleire teknologiretta studier.

– Eg tvilar på at ei namneendring i seg sjølv vil gjere det. Det vi derimot held på med no er at vi har sett ned arbeidsgrupper som skal jobbe med å definere konkrete studieprogram som går mot teknologiutdanning. Dette gjer vi i tett samarbeid med Høgskulen i Bergen, som har den største ingeniørutdanninga i landet på bachelornivå. Vi har peika ut tre områder vi ynskjer å satse på; energi undervassteknologi, og medisinsk teknologi. Då er målsetjinga å få fullfinansierte studieplassar på desse områda.

Eit tydeleg signal til omgjevnadane
Høyringsfristen til institutta er 22. oktober. Så langt har ikkje Dahle fått nokre innspel.

– Det har ikkje kome nokre tydelege signal enda, men det vil nok vere ulike oppfatningar på fakultetet om kor viktig ei slik namneendring er.

Kor viktig er det slik du som dekan ser det å få på plass ei namneendring?

–Eg trur det er viktig fordi det gjev eit tydeleg signal til omgjevnadane om kvar vi står og kva retning vi ynskjer å bevege oss i. Det har noko med universitetet sitt samfunnsoppdrag å gjere. Vi må vise at vi tek det alvorleg. I den forbindelse trur eg at eit namneskifte kan vere viktig. Samstundes må vi ikkje gløyme at vi er inne i ein nasjonal strukturdebatt, der fusjon med Høgskulen i Bergen kan vere eit mogeleg utfall. Dersom det skjer kan det hende premissane for ei namnenedring vil vere endra, avsluttar Dahle.  

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed