Massiv motstand mot skulepengar

Publisert:8. oktober 2014Oppdatert:8. oktober 2014, 13:20
Leiar av Studentparlamentet ved UiB, Tommy Aarethun, ristar på hovudet av forslaget til regjeringa om skulepengar for internasjonale studentar.

Forslaget til regjeringa om skulepengar for internasjonale studentar utanfor EU/EØS møter massiv motstand.

Leiaren i Studentparlamentet ved UiB, Tommy Aarethun, meiner det er hårreisande at studentar frå land utanfor EU skal finansiere eit kutt til UH-sektoren på 80,5 millionar.

– Dette er uhaldbart og no blir det kamp. Allereie i dag har Norsk studentorganisasjon varlsa at det vil verte demonstrasjonar i Oslo. Vi i Studentparlamentet skal også jobbe opp mot politikarane, særleg i Krf og Venstre, seier Aarethun.

Han meiner at budsjettet som vart lagt fram i dag ikkje tek studenten på alvor og at innføringa av skulepengar for internasjonale studentar utanfor EU er ein dårleg idé.

– Dette er eit angrep på lik rett til utdanning og ei fjerning av gratisprinsippet. Erfaringar frå andre land syner at vegen er kort til skulepengar for alle studentar. No set vi vår lit til at stortinget stoggar forslaget om skulepengar for internasjonale studentar, seier Aarethun.

No håpar Aarethun at samarbeidspartia til regjeringa vil setje ein stoppar for dette forslaget.

– Eg fryktar det kan bli ein realitet, men eg håpar at Krf og Venstre står på sine prinsipp og stansar dette. Dei må vise at dei satsar på utdanning, og dei må ta desse kampane no.

Aarethun har også sett fleire reaksjonar blant studentane på UiB etter at dette forslaget vart lagt fram.

– Vi har registrert ein del reaksjonar på sosiale medier og den samla studentmassen verkar veldig kritisk til dette. Gratisprinsippet er, og bør vere, eit sentralt punkt i norsk utdanning.

Bør oppretthalde tilbodet om gratis utdanning
Også leiar for Universitets og høgskulerådet, Ole Petter Ottersen, er overraska over forslaget. I UHR si pressemelding seier Ottersen mellom anna dette:

– Internasjonalisering er av stor betyding for norsk høgare utdanning, og som eit høgkostland i utkanten av Europa er det viktig å ikkje legge stein til byrda for dei som ynskjer å studere i Noreg. Norske utdanningsinstitusjonar har også eit samfunnsansvar, og Noreg bør som eit rikt land oppretthalde tilbodet om gratis utdanning til alle, seier Ottersen.

Fryktar Noreg vil gå glipp av mange talent
Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, reagerer også sterkt på forslaget om skulepengar. I ei pressemelding frå UiB er rektoren redd Noreg vil gå glipp av mange talent og peikar på at det ved UiB er rundt 600 studentar som vil verte råka av dette forslaget.

– Eg håpar verkeleg ikkje at dette går igjennom i Stortinget, seier Olsen.

Regjeringa seier at det er opp til kvar enkelt institusjon å krevje ei eventuell eigenbetaling frå studentane frå disse landa. Konstituert universitetsdirektør Kjell Bernstrøm seier at dette vil tilsvare 7,9 mill. kroner for UiB.

Om UiB vil ta rekninga på nesten åtte millionar, har ikke vore diskutert enno.

– Dette er alt for ferskt, seier Bernstrøm.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed