Innovest-rydding til fire millionar kroner

Publisert:30. oktober 2014Oppdatert:30. oktober 2014, 14:11
Oppsummeringa av ein del av Innovest-skandalen blei presentert i universitetsstyret i dag. Men den vanskelege delen gjenstår. Illustrasjon: Tor H. Monsen

UiB og Helse Bergen har saman brukt fire millionar kroner på oppryddinga etter Innovest-skandalen.

Ryddeprosessen har så langt har resultert i ei rettssak, sivilt søksmål mot tre personar og at ein forskar er meld til politiet. Men framleis er det uklart kven som har ansvaret for skandalen, og dei framtidige rettsprosessane kan koste store summar.

Berre sjølve den interne ryddeprosessen blei handsama av universitetsstyret i dag, og ingen av medlemmene hadde innvendingar mot saksframlegget.

– Kontrakten med dagleg leiar blei som kjent avvikla, og hamna i retten. Gjennomgangen av økonomien i selskapet har vist seg å vere ganske krevande, og eigarane har vore einige om å dele kostnadane for dette, seier konstituert universitetsdirektør, Kjell Bernstrøm.

Prosessen er no avslutta, og størstedelen av midla er overført til Helse Bergen og UiB. Styret i Innovest arbeider no med å få overført resten av oppgåvene i Innovest AS til Bergen Teknologioverføring AS.

– Dersom dialogen mellom Innovest og BTO fell på plass, satsar vi på at oppgåvene blir overført i løpet av hausten, fortel Bernstrøm.

Men selskapet vil ikkje bli avvikla før dei pågåande prosessane er avslutta.

– Vi ser for oss at Innovest blir avvikla som selskap i løpet av 2015, seier Bernstrøm.

Universitetsstyret har og leigd inn jusprofessor Rune Sæbø til å vurdere kven som har ansvaret for skandalen. Han er ekspert på styreansvar. Dette blir truleg tema på neste universitetsstyremøte, 27. november.

Dette er første gong Innovest-skandalen har vore handsama for opne dører av styret ved Universitetet i Bergen. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed