Fem vil styre Muséplass

Publisert:17. oktober 2014Oppdatert:5. januar 2015, 11:42
Ei kvinne og fire menn vil inn på hjørnekontoret i dette bygget, og ta over styringa av Universitetet i Bergen. Foto: Dag Hellesund

Her er kandidatane til jobben som universitetsdirektør. Men truleg må dei konkurrere med andre, ukjende søkarar, henta inn av hovudjegerar.

Fire menn og ei kvinne ønskjer å overta som direktør for Universitetet i Bergen, med over 3,7 milliardar kroner i omsetning, kring 3500 tilsette og nær 15 000 studentar.

Dette er søkarane:
Den kvinnelege søkaren heiter Mayuri H. Solanki, er 37 år og bur i Oslo. Som noverande stilling oppgir ho å vere juvelhandlar. På Høyden har diverre ikkje klart å få tak i Solanki for ein kommentar.

Jafar Mahmoudi bur i Stavanger, og er sjefsforskar på Iris AS, som er eit forskingsselskap eigd av Stiftelsen Rogalandsforskning og Universitetet i Stavanger. Mahmoudi ønskjer ikkje å kommentere jobbsøknaden, men jobbar ifølgje Iris med ny energi, risikoleiing og brønnkonstruksjon.

Roy Olav Hovlid har jobba i farmasøytisk bransje, og blei deretter den første innovasjonsdirektøren i Rieber & Søn ASA. 42-åringen jobbar no med å starte eit eige selskap i Bergen. Han ønskjer ikkje å seie noko om søknaden sin.  

Fakultetsdirektør
Geir Ivar Soleng
er direktør for Fakultet for informasjonsteknologi, matematikk og elektroteknikk ved NTNU. 60-åringen bur i Trondheim, men er òg knytt til Bergen.

– Eg er no fakultetsdirektør ved NTNU. Universitetsdirektørjobben er ei høgare stilling, og der vil eg kunne vere med og iverksetje UiBs strategi på leiarnivå. Eg trur dessutan at eg har noko å tilføre med erfaringsbakgrunn frå NTNU, seier Soleng.

– Kva blir utfordringane for UiB i åra som kjem?

– Med fare for å avsløre at eg ikkje kjenner UiB så godt, ser eg i alle fall to utfordringar som gjeld universitets- og høgskulesektoren generelt: Den eine er effektiviseringa av støttefunksjonane rundt dei vitskapleg tilsette. Her er det for tida eit klart signal frå styresmaktene om effektivisering og avbyråkratisering. Den andre utfordringa er omstruktureringa i sektoren, og korleis ein eventuelt skal slå seg saman eller samarbeide med andre institusjonar, seier Soleng.

Han er utdanna bygningsingeniør, men tok ei mastergrad i teknologileiing ved NTNU i samarbeid med NHH og National University of Singapore i 2005.

Kjell Bernstrøm er den femte av søkarane på den offentlege lista. 62-åringen er godt kjend for mange ved UiB, etter å ha jobba her i nær 18 år. Han har hatt mange funksjonar ved institusjonen, og var økonomidirektør inntil han blei konstituert som universitetsdirektør. Bernstrøm bur på Nesttun.

– Eg kan universitetet, og meiner at eg framleis har noko å bidra med i utviklinga av UiB framover, seier han til På Høyden.

Bernstrøm er utdanna siviløkonom frå UiB, og har jobba tolv år i bank før han byrja på universitetet.

– Universitetsdirektøren bør ha forståing for kva type institusjon eit universitet er, og så bør ein ha brei leiarerfaring. Framover blir dei største utfordringane eit nytt finansieringssystem, og ein ny struktur i sektoren. I ei tid med klare krav og ønskjer til sektoren er det viktig at vi sjølv posisjonerer oss for utviklinga som kjem, seier Bernstrøm.

Opne for fleire søkarar
Det er ingen søkarar som er unntatt offentleg innsyn, og dermed er alle dei fem som søkte innan fristen kjende.

Men i ei orientering for universitetsstyret har rektor Dag Rune Olsen forklart at universitetet bruker hovudjeger-byrået Delphi Consulting i jakta på ny direktør, og at selskapet kan komme med kandidater også etter at søknadsfristen er ute.

Dermed kan universitetsdirektøren bli eit namn som ikkje står på lista. På Høyden har bede om å få innsyn i alle nye namn på lista, i tråd med offentleglova. Vi vil då halde lesarane våre oppdaterte. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed