Feira SFF i brakkerigg

Publisert:16. oktober 2014Oppdatert:16. oktober 2014, 15:53
Bente Moen på senter for internasjonal helse, Hogne Storlid frå eigedomsavdelinga og Halvor Sommerfelt såg til at det vart kake og kaffi til alle som hadde møtt fram på markeringa for at CISMAC er på plass i brakkeriggen.

Kake og glade studentar fylte i dag brakka som husar CISMAC (Centre for intervention science in maternal and child health).

Planen var eigentleg at CISMAC skulle flytte inn saman med Senter for internasjonal helse i Overlege Danielsens Hus, men fjerde etasjen der heldt ikkje god nok stand og der må det grundig oppussing til.  

– Ein kjekk dag
Då fekk dei i staden på plass ein brakkerigg som ligg like utanfor. Brakka var på plass i juni og med det var den siste SFF’en komen i hus og på plass. Grunna mellom anna sommarferie vart det heile fyrst markert i dag.   

– Dette er ein kjekk dag! Endeleg kan vi feire at vi er på plass. Eigedomsavdeling har kome hit med kake til oss og det er heilt fantastisk. Eg trur aldri det har hendt før at dei har kome til oss med kake, men no er både kaka og dei her, sa Bente Moen, leiar for senter for internasjonal helse, til dei mange frammøtte studentane.

Inne i brakka er det lyst, fint, god luft og sjølv om det ligg like ved den trafikkerte Årstadvegen så er det ingen støy inne. Brakka har kontorplass til kring 25 personar, men det er totalt 48 doktorgradsstudentar som er knytt til senteret. Likevel har det stort sett gått bra, kan Moen fortelje.

– Dei er her litt på skift. Nokre er heime i heimlandet sitt og gjer feltarbeid og når dei er det er det nokon andre som flyttar inn her. 

(Artikkelen held fram under biletet)

Det er i denne brakkeriggen utanfor Overlege Danielsens Hus CISMAC skal halde til framover.

«The palace»
Det er liten tvil om at både studentar og tilsette er nøgde med dei nye lokala, men namnet på lokala kan bli betre.

– Vi er veldig fornøgde. Det er ein utruleg fin brakkerigg, men vi har bestemt oss for å kalle den for «the palace». Studentane syntes ikkje det var noko særleg å skulle kalle det for ein brakkerigg, «the palace» derimot klang mykje betre, seier Moen og ler.

Om det no ikkje akkurat er eit palass så er det i alle fall ein godt fungerande brakkerigg, fortel seksjonssjef i eigedomsavdelinga, Ove Botnevik.

– Det er ein brakkerigg etter dagens standard. Den er ikkje unormalt påkosta, men den er normalt god. No har vi då altså kosta på ei kake for å markere at alt er på plass. Det har diverre tatt lenger tid enn vi hadde ynskt.

– Vi leid litt før dette kom på plass. Før det sat vi nesten oppå kvarandre, men det er gløymt no, seier Moen og rosar samarbeidet dei har hatt med eigedomsavdelinga.

Helsa til mor og barn i lavinntektsland er hovudtema for dei fleste som sit på CISMAC. Som vanleg i ein SFF skal senteret evaluerast etter fem år, før dei eventuelt får fem nye år. Så mange år blir dei neppe i brakka.

– Det kjem jo an på kor fort dei pussar opp overlege Danielsens Hus. Vi vert her i alle fall i halvanna år, men det fungerar godt her vi er no og vi er veldig glade for denne løysinga, avsluttar Moen.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed