- Er HiB villige til å splitte sine fagmiljø?

Publisert:30. oktober 2014Oppdatert:30. oktober 2014, 15:05
Rektorane og representantar for elevane ved dei tre ulike utdanningsinstitusjonane i Bergen var samla til debatt på Kronbar ved HiB i går kveld.

Kven skal ut(danne)? Var det store spørsmålet då Studentparlamentet ved UiB arrangerte debatt om framtida til utdanningsinstitusjonane i Bergen, men rektor ved UiB hadde også eit spørsmål til fusjonsvillige HiB han gjerne ville ha svar på.

Lite nytt om ein eventuell fusjon kom fram. HiB og rektor Ole Gunnar Søgnen var som tidlegare positive til ein fusjon med mellom andre UiB. HiB har hatt sitt siste styremøte før dei skal sende innspela sine til strukturmeldinga hjå kunnskapsdepartementet.

– Vi ser to alternative vegar. Det eine er å fusjonere med andre høgskular på Vestlandet og at vi på den måten vert ein ny, stor profesjonshøgskule som i neste omgang kan få moglegheita til å verte eit universitet. Den andre vegen er at vi fusjonerar i Bergen med UiB og på den måten styrkar Bergen som kunnskapsby og gjer Bergen til eit nasjonalt tyngdepunkt.

– Er HiB villige til å splitte fagmiljøa?
Rektor Dag Rune Olsen viste til styremøtet UiB skal ha i dag og var lite lysten på å kome med nokre ynskjer om samanslåing. Han ville heller spørje Søgnen om HiB var klare for å splitte sine fagmiljø om ein fusjon med UiB skulle verte aktuelt.

– De har i styret vedteke at det kan vere interessant å gå i ein diskusjon med UiB om fusjon. De har fått eit stort, flott, nytt bygg med plass til nesten alle studentane. Slik eg ser det er ein av dei moglege gevinstane ved ein fusjon om vi samlokaliserar sjukepleiarutdanninga og medisinarutdanninga. Spørsmålet mitt er då, er de klare til å splitte fagmiljøa på Kronstad for å få til ein fagleg synergi?

– Det er alt for tidleg å uttale seg om kva som er mogleg ved ein fusjon. Vi har fått ein stor og flott campus som er skreddarsydd for å utdanne dei ulike profesjonane våre og eg er sikker på at dei vil halde fram med å bli utdanna her, no som vi har fått desse infrastrukturane på plass, i uoverskodeleg framtid. Eg trur ikkje det er gjennom felles fysiske strukturar, men på andre måtar vi må realisere gevinstane ved ein eventuell fusjon på, svarte Søgnen. 

Inga fusjonsstøtte frå studentane på UiB
Også Studentparlamentet ved HiB ynskjer ein fusjon mellom UiB og HiB. Dei kan ikkje vente seg å få støtte frå Studentparlamentet ved UiB i fusjonsdebatten.

– Det er nokre fordelar med eit tettare samarbeid, men det kan ein løyse nettopp gjennom samarbeid. Så bør ein heller reindyrke profilane. HiB ynskjer å verte eit profesjonsuniversitet, medan vi ynskjer at UiB skal halde fram å vere eit breiddeuniversitetet. Ein kan ikkje vere begge deler. Difor bør UiB stå aleine og ha eit nasjonalt ansvar, sa Tommy Aarethun, som er leiar for Studentparlamentet på UiB.

NHH ser heller til Oslo?
NHH med Rektor Frøystein Gjesdal i spissen er heller ikkje særleg fusjonslystne, og dersom det skulle vere aktuelt med ein fusjon ville kanskje Oslo vere meir naturleg enn Bergen.

– På NHH så er det relativt få som meiner vi bør gå for ein fusjon, men dersom det var slik at vi måtte gjere noko for å tilfredsstille statsråden kva ville då stå øverst på lista? Då ville eg ikkje tenkje Bergen, men Oslo. Vi har blitt kontakta av tilsette på Høgskulen i Oslo og Akershus som har ei ganske god økonomi- og admninistrasjonsutdanning med spørsmål om kvifor ikkje vi kan overta den utdanninga.

Men Gjesdal såg ikkje på det heller som særleg aktuelt.

– Det er ein tanke som er interessant for oss og det er mange positive tankar med det, men når det er sagt trur eg det likevel ville vere ein veldig tung prosess. Det er betre å ha eit konsentrert fagmiljø i Bergen, og dei studentane i Oslo som ikkje ynskjer å flytte på seg dei får heller bli der dei er, sa Gjesdal som la til at NHH gjerne kunne samarbeide med andre utan å fusjonere.

Etablere seg saman i utlandet?
Sjølv om ikkje fusjonsviljen til UiB er den største no så ser rektor Olsen andre moglegheiter framover for dei tre utdanningsinstitusjonane i Bergen.

– Frøystein har snakka om utdanning i Oslo. Kanskje er det slik, om vi tør å tenkje spenstig nok, at vi tre saman om nokre år har så mykje å tilby av sentrale utdanningsmessige element at vi kan bygge saman og etablere oss andre stadar. Det treng ikkje å vere i Noreg eingong, seier Olsen. 

UiB skal i dag ha sitt styremøte der dei vil sende vidare sine innspel i strukturdebatten til kunnskapsdepartementet. Du kan følgje heile styremøtet her.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed