Ebola, poteter og bio-terror

Publisert:14. oktober 2014Oppdatert:14. oktober 2014, 16:27
Først utvikla han hepatittvaksine i poteter, men etter 2001 har fokuset vore medisin mot Ebola.

Genmodifiserte planter, vaksine-poteter og frykt for biologisk krigføring ligg bak ebolamedisinen ZMapp. Då mannen bak medisinen kom til Bergen i går, blei det trangt om plassen.

Norskætta Charles Arntzen frå Arizona State University er på Noregsturné for tida, invitert av Bioteknologirådet. Og tidspunktet for turnéen kunne vanskeleg vore betre vald: Den norske ebolasmittta kvinna og Arntzen kom begge til landet omtrent på same tid i førre veke. Då Arntzen heldt foredrag i går var auditoriet overfylt. 

Og mens Arntzen fortel om utviklingsprosessen for ebolamedisinen på norske universitet, går produksjonen for fullt i USA. Men likevel vil det ta lang tid før det er nok medisin til å dekke behovet. ZMapp er dessutan ikkje ferdig utprøvd, og det er for tidleg å seie kor vellukka medikamentet er.

Hepatitt-potet
Men historia startar med genmodifiserte planter. Arntzen er ekspert på molekylærbiologi og protein, og på nittitalet jobba han med å utvikle vaksiner i planter.

– Eg jobba med genmodifiserte planter, og visste at det var svært lett å modifisere bakteriar og virus og sprøyte dei inn i plantene, fortel Arntzen.

Noko av bakgrunnen for initiativet var at det er ein svært tung og årelang prosess å utvikle tradisjonelle medikament og vaksiner, mens vaksiner i planter kan lagast raskare. Forskargruppa starta med poteten, og endte opp med ei genmodifisert potet som inneheld vaksine mot hepatitt B.

Forsøk viste at menneske fekk immunitet mot sjukdommen ved å ete dei genmodifiserte potetene, på same måte som ved tradisjonelle vaksiner. Forsøkspersonane måtte ete potetene rå.

Frykt for bioterror
Det var lita interesse hos den farmasøytiske industrien for å ta i bruk nye metodar. Men då terrorangrepet skjedde 11. september 2001, endra situasjonen seg.

– For fyrste gong i historia såg amerikanarane at dei òg var sårbare for terrorisme. At det blei sendt brev med miltbrann til senatet gjorde ikkje bioterrorisme mindre aktuelt, fortel Arntzen.

Det amerikanske forsvaret fatta interesse for hans bruk av genmodifiserte plantar for å framstille vaksiner og legemiddel raskt, og dei finansierte arbeidet som leda fram til ZMapp.

Plante lagar antistoff
I produksjonen får genmodifiserte tobakksplantar sprøyta inn ebola-viruset. Planten utviklar antistoff mot viruset, og dette blir seinare trekt ut av planten.

Metoden kan gi vaksiner og medisin mykje raskare enn andre metodar, men det blir ikkje produsert store mengder.

Pasientane frå 10-12 gram med ZMapp mot ebola, fordelt på tre dosar. Innhaldet i medisinen er antistoff mot sjukdommen, og dei store mengdene hjelper kroppen med å halde stand mot den raskt virkande sjukdommen, slik at immunforsvaret til kroppen rekk å byggje seg opp sjølv.

– Eg starta altså ikkje prosjektet med ebola i tankane, men fordi vi hadde utvikla ein verktøykasse til å utvikle slike medisinar, fortel Arntzen.

100 gram i veka
Så langt har sju ebola-pasientar fått ZMapp, og fem av dei har overlevd. Det gir ei dødsrate på 29 prosent. Medisinen er ikkje testa ut på menneske tidlegare, men har gitt god effekt på apar.

– Det er viktig å starte behandlinga tidleg. Og ein slik medisin vil vi sjølvsagt aldri teste ut på menneske ved å la nokre på  placebo-medisin, seier Arntzen til På Høyden.

Til ein pasient går det med kring 10 gram antistoff, og produksjonskapasiteten er berre på 100 gram i veka.

– Alle de første dosane er no brukt opp, men vi førebur no nye. Eg slepp heldigvis å avgjere kven som skal få dei, men eg synest dosane bør gå til legar og sjukepleiarar som er i frontlinja, seier han.

Vaksine vanskelegare
Ei vaksine mot ebola som kan brukast av mange trur han er eit stykke unna.

– Problemet med vaksiner er at du må distribuere dei i eit område med dårleg infrastruktur. Nokre av dei må vere frosne, og haldast i flytande nitrogen, seier Arntzen.

Han er usikker på kor lenge denne epidemien vil vare.

– På ein måte har dette utbrotet òg ein samanheng med den lokale kulturen. I området vaskar dei lika, og då blir heile familien smitta. Det er vanskeleg å bruke ein vestleg logikk for å seie når epidemien kan ende. Du må nesten endre kulturen til folk for å få ein slutt på det. Og har vi i det heile tatt rett til det?

Det trengst både medisin, vaksiner og opplæring, og dessutan meir forsking.

– Dette er ein mykje farlegare variant av Zaire-utgåva av ebolaviruset. Vi må finne ut meir om variantane av ebolaviruset, meiner han.

Fleire døyr av andre sjukdommar
Arntzen har aldri fått så mykje merksemd for arbeidet sitt som no.

– Ebola er ein forferdeleg epidemi, og det er nokre tusen menneske som døyr av han. Men det er samtidig millionar av menneske som døyr av andre sjukdommar, som malaria, seier han.

Inspirerande
Arntzen rakk òg å møte lokale forskarar mens han var i Bergen.

– Han er i verdstoppen innan utvikling av vaksiner. Det har vore veldig spennande å få høyre hans versjon av det, fortel overlege i infeksjonsmedisin, Bjørn Blomberg. Han jobbar ved Nasjonalt kompetansesenter for tropiske infeksjonssjukdommar, men er òg førsteamanuensis ved UiB.

I dei råka områda i Vestafrika kan så mange som 50 til 90 prosent av dei smitta døy.

– Men berre ved hjelp av væskebehandling har Legar utan grenser fått dødsprosenten ned i 40 prosent, fortel Blomberg.

Råkar helsevesenet
Han er og uroleg for ein annan konsekvens av epidemien:

På grunn av sjukdomen sluttar folk å komme til helsestasjonar og sjukehus.

– I tillegg vil mange tilsette i helsevesenet døy. Desse faktorane vil igjen føre til at mange vil døy av andre sjukdommar. Det er difor vi har jobba med å få bygd opp helsevesenet i desse områda i mange år.

– Korleis vil det gå om det kjem ebolapasientar til Bergen?

– Vi meiner fremdeles at vi er godt førebudde på det, og at vi skal klare å takle det. Men det er sjølvsagt tankevekkande at både er personar i Dallas og Spania som har blitt smitta på gode sjukehus. Slike isolasjonsdrakter er til dømes utruleg vanskelege å ta av seg riktig, så ein må ha gode rutiner.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed