- UiB har eit stort ansvar

Publisert:24. september 2014Oppdatert:24. september 2014, 09:59
Det er fleire årsaker til det store fråfallet hjå bachelorstudentar,trur leiar i Studentparlamentet Tommy Aarethun.

Nærare 40 prosent av dei som byrjar på ein bachelorgrad ved UiB fullfører ikkje studiet. – Her har både universitetet og regjeringa eit stort ansvar, meiner leiar i Studentparlamentet, Tommy Aarethun.

Spesielt mange av dei som fell frå gjer det i tredje semester, og det er dei med snittkarakteren C som er dei største gjengangarane på denne lista. Det syner ein ny rapport som vert lagt fram for universitetsstyret i dag.

Fleire grunnar til fråfall
Leiar i Studentparlamentet, Tommy Aarethun, meiner det er fleire grunnar til at ein ser dette fråfallet.

– Det seier noko om studiekvaliteten, men det seier også noko om at studentane i dag brukar for mykje tid på jobb og for lite tid på studia.

Så dette er ein kombinasjon av tilbodet til studieinstitusjonen og studenten sine eigne prioriteringar?

– No er kanskje blitt slik at ein må prioritere å bruke tid på jobb, fordi studiestøtta har stoppa litt opp og det er no ni av ti studentar som har studiestøtta som sekundær inntekt. I tillegg syner studiebarometeret til NOKUT at det studentane er minst nøgde med er oppfølginga og tilbakemeldingane frå institusjonane, seier Aarethun.

– Så her må både politikarar og UiB gjere ein jobb?

– Absolutt. Eg håpar at politikarane gjer ein jobb allereie no i Statsbudsjettet når det kjem til studiestøtte og studentbustadar. Så har vi jobba lenge for at ein skal få på plass ei mentorordning på UiB slik at studentane kan få tettare oppfølging av fagmiljøa.

Fire tiltak som kan vere med på å betre tala

Og ei mentorordning er eitt av fleire tiltak som UiB no vurderer. Viserektor Oddrun Samdal skisserte i går fire punkt til UiB.no som er aktuelle for universitetet og som kanskje kan bidra i å betre tala på studentar som fell frå.

  • Prøve ut ei mentorordning der kvar student får ein fast kontaktperson på faget sitt.
  • Bygge opp fellesskapsfølelsen hjå nye studentar gjennom fyrste studieår og seinare, mellom anna gjennom faste arbeidsgrupper og på alle studia.
  • Be søkjarane tenkje gjennom kvifor dei vil velje eit bestemt fag, og begrunne dette i søknaden.
  • Informere meir om fag og jobbmoglegheiter til elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Aarethun har lita tru på at eit motivasjonsbrev skal gje noko særleg positiv effekt, men har større tru på betre informasjon og rådgjeving på eit tidlegare tidspunkt i utdanningsløpet.

– Eit motivasjonsbrev kan kanskje hjelpe i nokre fag, men eg ser ikkje heilt at det skal vere relevant i alle fag. Ein ting eg derimot trur vil hjelpe er å styrke rådgjevnadstenestene i både ungdomsskule og på den vidaregåande skulen slik at dei kan gjere meir opplyste val når dei vel høgare utdanning, fortel Aarethun.

– No er det mykje snakk om kva universitetet og staten kan gjere, men må ikkje den enkelte studenten også ta på seg litt av ansvaret?

– Studentane har nok litt  av ansvaret sjølv, men hovudansvaret ligg på dei rammene som er rundt og då er det både institusjonane og staten som må ta ansvar, avsluttar Aarethun.

Fråfall ved UiB er berre ei av mange saker som skal opp for universitetstyret i dag. I tillegg skal dei mellom anna innom innspel til strategiarbeidet, økonomirapport etter 2. tertial, universitetsmuseets organisasjon og fadderveka 2014.

HER kan du sjå direkte frå universitetsstyret sitt møte frå klokka 10.00

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed