Det er NO du kan lobbe mot rektoratet

Publisert:15. september 2014Oppdatert:15. september 2014, 06:10
Rektoratet er i ferd med å setje planen sin ut i livet gjennom strategien #UiB2022, men vil gjerne ha innspel tidleg i prosessen.

Vil du påvirke korleis UiB blir fram mot 2022? «Olsenbanden» legg ein plan, men vil først ha dine innspel.

Er du misnøgd med lønspolitikken, eller meiner UiB bør satse meir på polarforsking? Då bør du komme med innspel til den nye strategien, som skal gjelde frå 2016 til 2022. Prorektor Anne Lise Fimreite styrar prosessen, som skal ende opp i ein ferdig strategi til våren.

Opne øyre
Utgangspunktet er programmet rektoratet fekk støtte til gjennom valet, men mykje er likevel ope.

– Valgplattformen er ein viktig premiss, men det er viktig for oss å høyre på organisasjonen, og få mange innspel, seier Fimreite.

Så langt er det arrangert allmøter både for studentar, tilsette ved ulike fakultet og sentraladministrasjonen. Meir enn 400 har deltatt. Leiinga ved fakultet, institutt og andre einingar deltok på eit strategiseminar på Solstrand før sommaren. Tala som blei lagt fram der, viste at UiB ligg på ein tredjeplass på mange statistikkar, bak UiO og NTNU. Rektor Dag Rune Olsen har vore klar på at det berre er ein veg som er farbar, og den går oppover. Han har òg fleire gonger varsla at klima blir eit satsingsområde for UiB i framtida.

Dei to eksisterande «spissane» til UiB – marin og utviklingsrelatert forsking  – blir no evaluerte, før dei eventuelt blir med vidare som satsingar.

Evolusjon, ikkje revolusjon
Fimreite understrekar at det her er snakk om ein evolusjon, ikkje ein revolusjon. Den nye strategien skal dermed utviklast frå det som allereie er bygd opp ved UiB, utan å rive ned alt det gamle.

– Men i ein evolusjon kan det går både fort og sakte, legg Fimreite til.

Eit overordna mål som rektoratet uansett vil halde tak i er slagordet frå valkampen: Kunnskap som formar samfunnet. Det kan varsle ei meir utadretta linje enn den noverande strategien, som gjeld frå 2011 til 2015. Strategien frå Grønmo-rektoratet vektla særleg UiB som eit internasjonalt anerkjend forskingsuniversite, tufta på interne, akademiske verdiar. Kunnskapsdepartementet har fleire gonger signalisert at dei som eigarar gjerne hadde sett ein litt meir spissa profil, mellom anna i etatsstyringsdialogen.   

Strategi for kven?
Kunnskap som formar samfunnet bør vere sentralt både når det gjeld utdanning, forsking, formidling og innovasjon, meiner Anne Lise Fimreite.

På førre møte hadde universitetsstyret gruppearbeid, og oppgåva var mellom anna å definere kven den nye strategien skal vere for. Oss sjølve, eigarane, næringslivet, studentar, Bergen kommune og regionen var nokre av svara som kom opp. Eksterne interessenter er invitert til eit eige møte 21. oktober, og då blir det òg sett sluttstrek for innspel. Så skal strategiprosessen gjennom eit omfattande arbeid, og i desember skal eit ukast etter planen ut på første høyring, før ein omarbeidd versjon, der høyringsinnspel er innarbeidd, etter planen blir klar for endeleg vedtak i mai. Strategien kjem til å bli tema for kvar einaste styremøte framover. I møtet 24. september vil styret få ein kondensert versjon av innspela som har kome så langt. Rektor vil innleie til diskusjon, og peike på kva som er viktig for rektoratet i det vidare arbeidet.

Spissare enn før
Fimreite trur det enklaste blir å få på plass den overordna strategien, visjonen og oppdraga UiB skal utføre for samfunnet. Ho trur òg at samarbeidet med eigaren, Kunnskapsdepartementet, skal gå bra.

Når det gjeld balansen mellom spissing og breidde peiker Fimreite på at dei to kan eksistere side om side: Spissa satsingar kan hanke inn fleire kroner, noko som trengst for å ha breidde.

– Eg håper vi får til ein spissare strategi enn vi har hatt dei siste åra, seier Fimreite.

Infrastruktur, infrastruktur, infrastruktur
Ein god infrastruktur for digital undervisning er eit viktig punkt for rektoratet.

– Infrastruktur for forskarane er òg svært viktig. Infrastruktur er mangfaldig ved eit stort breiddeuniversitet; alt frå frå ubåtar og laboratoriefasilitetar til medborgarpanel og registerdata. Det er viktig for oss å vere gode på dette, for det er slikt som skal trekke oss dei beste forskarane til oss, seier Fimreite.

Dei fleste fakulteta jobbar igjen med sine eigne strategiar, parallelt med UiBs strategiarbeid. Og det same gjeld på nasjonalt nivå, der det førebels er uklart kor omfattande reformer den borgarlege regjeringa vil gjennomføre, både når det gjeld strukturen i sektoren og forskingsfinansiering.

– Vi er i spennande politisk landskap. Då er det òg viktig å vere i gang med vår eigen strategiprosess. Om vi ikkje sjølv veit kor vi skal er det mykje lettare å la seg føre av straumen, meiner Fimreite.

 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed