Finn dysleksi før lesealder

Publisert:21. august 2014Oppdatert:25. august 2014, 12:39
Karsten Specht, Turid Helland og Kenneth Hugdahl publiserer artikkel om dysleksi i det anerkjende tidsskriftet Brain. Røtene til lese- og skrivevanskar ligg djupare i hjernen enn lesesenteret, og det er difor muleg å oppdage det før lesealder.

Disposisjon for dysleksi kan sjåast i hjernen før ungar har lært å lese. UiB-forskarar har funne røtene til problemet djupare enn i lesesenteret i hjernen.

I ein artikkel i det prestisjetunge vitskaplege tidsskriftet Brain viser professorane Turid Helland, Kenneth Hugdahl og Karsten Specht i samarbeid med ei av dei mest kjende forskargruppene innan hjerneavbilding, Laboratory of Neuroimaging ved UCLA, korleis ein tidleg kan oppdage nevro-anatomiske trekk som disponerer for dysleksi, med hjelp av funksjonell magnetresonanstomografi (fMRI). Allereie i 5-6-årsalderen kunne forskarane finne forskjellar i hjernen, som kan føre til dysleksi.

Vestlandsbarn
Funnet er gjort i ein omfattande studie, der både barn med særleg risiko for å få dysleksi og barn i ei kontrollgruppe har vore med. Alle barna er frå fire kommunar på Vestlandet. Forskarane har no følgt dei i ti år, og dei har hatt opp til tre fMRI-skanningar kvar i løpet av perioden. Dei fleste har blitt skanna både som 6-, 8- og 12-åringar. Det er tatt bilete både mens dei slappar av, og mens dei gjer leserelaterte oppgåver.

– Vi ser at det er forskjellar i hjernestrukturen allereie før ungane har byrja å lese og skrive, fortel Helland.

Og forskarane har òg funne prov for at vanskane ikkje stammar frå lesesenteret i hjernen. Det er først etter at barna har lært å lese at dei har sett skilnader i lesesentret. Men allereie i 6-årsalderen kan dei sjå skilnader i meir djupareliggande delar av hjernen, der lyd- og synsinntrykk blir prosessert. Forskarane trur difor at dysleksi heng saman med skilnader i denne delen av hjernen, ikkje sjølve lesesenteret.

– Dette er heilt ny kunnskap, som vi har fått fordi vi har klart å få desse ungane i skannar. Det er første gang vi finn ein medfødt disposisjon for dysleksi så tidleg, ved hjelp av hjerneskanning, seier Helland.

Tidlege tiltak virkar
Ho understrekar at ein slik disposisjon for dysleksi ikkje er ein hjerneskade.

– Men det er god grunn til å setje i gang tiltak tidleg, for då kan vi påverke utviklinga av dei nevrologiske nettverka i hjernen. Dette kan oppdagast tidleg, og vi veit at vi kan avhjelpe mykje av dette med tidleg intervensjon og trening, fortel Helland.

Vel praktiske fag
Dei ønskjer å forske meir på ungane, som byrjar å bli store.

– Eg har inntrykk av at dei som har utvikla dysleksi òg klarer seg bra. Men vi kan gjerne sjå det på karakterprofilen, der dei klarer seg bra i munnleg, men så går dei ned i skriftleg. Dei ser òg ut til velje meir praktisk orienterte fag.

Men sjølv om det går an å påvise disposisjon for dysleksi ved hjelp av fMRI, er det ikkje aktuelt med undersøkingar av store grupper.

– Spørjeskjemaet vi utvikla då ungane var 5 år viste seg å ha god prediksjonsverdi. Og det er ei ganske stor sak å putte ein frisk 5-6-åring inn i ei MR-maskin, seier Helland.

Det er foreldra som skal svare på skjemaet, og det blir spurd om sjukdomshistorie, språkutvikling, motorisk utvikling, språkvanskar i familien, og om foreldra har uroa seg for at ungane deira kan utvikle lese- og skrivevanskar.

Blir app
Skjemaet er no i ferd med å bli ein app. Foreldre fyller ut skjemaet, som deretter blir tolka av fagpersonar. Dermed kan endå fleire ungar som står i fare for å utvikle dysleksi få hjelp tidleg, slik at problema blir minst mulege.

– Dysleksi er ikkje ein hjerneskade, og har ingen samanheng med generelt intelligensnivå. Men skolen er basert på lesing og skriving, og då får dei som har slike vanskar det midt i trynet.

 

 

 

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed