– Forskingsrådet styrer for mykje av forskinga

Publisert:5. juni 2014Oppdatert:5. juni 2014, 13:52
– Noreg må ha forsking av høg kvalitet. Då kan ikkje Forskingsrådet gå inn og detaljstyra norsk forsking, slik som dei gjer i dag, understrekar UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Foto: Alv Reidar Dale i Uniforum/UiO

– Forskingsrådet prøver å styra norsk forsking i staden for å leggja forholda best mogleg til rette for grunnforskinga og prosjekt som forskarane sjølve tar initiativet til. Det meiner UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

– Forskingsrådet skal ikkje leggja eigne detaljerte strategiar for norsk forsking, men gjera norsk forsking best mogleg. I dag ynskjer rådet å satsa mest pengar på etablering av forskingsprogram, og øyremerkja forsking, medan det blir mindre og mindre rom for dei frie forskingsprosjekta, sa UiO-rektoren på eit debattmøte på UiO nyleg.

Ynskjer ikkje detaljstyring
Etter hans eiga oppfatning deler også professor Mats Benner frå Lunds universitet synspunktet hans, skriv Uniforum.

– I eit foredrag som han heldt på Lysebu i mai, karakteriserte han Forskingsrådet som - <<ett hyperaktivt forskningsråd med stor politisk skicklighet men för mycket förhandlat forskningsrutrymme (forskingsområde red. merknad) och för många styrformer.>> Mats Benner nemner også at det er eit problem i norsk forsking at det er eit altfor uklart ansvar for individ med nye idear, utdjupar Ottersen overfor Uniforum. Og UiO-rektoren gir seg ikkje med det.

– Noreg må ha forsking av høg kvalitet. Då kan ikkje Forskingsrådet gå inn og detaljstyra norsk forsking slik som dei gjer i dag, understrekar Ottersen.

Vil revidera finansieringssystemet
–Vil dette seia at du ynskjer at meir av forskingspengane skal gå rett frå Kunnskapsdepartementet til forskingsinstitusjonane utan omvegen om Forskingsrådet?

– Det er ikkje problemstillinga. Forskingsrådet gjer ein god jobb som kvalitetssikrar av norsk forsking. Forskingsmidlar må konkurranseutsetjast for å sikra kvalitet, og her spelar Forskingsrådet ei viktig rolle. Men det er eit akutt behov for å revidera det insentivbaserte finansieringssystemet som universiteta no har vakse frå, meiner Ottersen. Samtidig slår han fast at slik finansieringssystemet no er, så lønner det ikkje kvalitet. Han vil difor endra på systemet.

– Gjennom eit revidert finansieringssystem må universiteta sikrast eit større strategisk handlingsrom, slik at me får skapt fleire av dei internasjonalt leiande fagmiljøa som regjeringa etterlyser, seier UiO-rektoren til Uniforum.

På det same debattmøtet tok kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen Forskingsrådet i forsvar.

– Det skal halda fram med å vera ein viktig aktør i norsk forsking. Forskingsrådet kjem me ikkje til å leggja ned, men me vil gjerne ha betre styring med det, slo han fast.

– Behov for eit offensivt forskingsråd
Adm.dir. Arvid Hallén i Forskingsrådet er ikkje uventa ueinig i kritikken frå UiO-rektor Ole Petter Ottersen om at Forskingsrådet er for opptatt av eigne strategiar og i å detaljstyra norsk forsking.

– Forskingsrådet fekk i 2012 ei svært positiv evaluering frå eit internasjonalt team som sa at Forskingsrådet fungerte svært godt og at omgivnadene har høg tillit til det. Samtidig peika evalueringa på at Forskingsrådet måtte styrkja rolla si som pådrivar for endring i forskingssystemet, også i universitetssektoren. I forskingsmeldinga blir det hevda at det er behov for eit endå meir offensivt forskingsråd. Dette er tonar som vel går i  ei litt anna retning enn det rektor Ottersen målber, seier Arvid Hallén til Uniforum.

Han peikar på at Forskingsrådet skal vera ein nasjonal konkurransearena for forsking.

– Forskingsrådet er ikkje minst ein nasjonal konkurransearena for finansiering av forsking der hovudmålet er å fremja forskinga sin kvalitet og evne til fornying. Me må bidra til eit omfattande internasjonalt samarbeid, til godt samarbeid mellom velfungerande forskingsinstitusjonar og at institusjonane satsar på samfunnsutfordringar der forskinga kan gi eit viktig bidrag. Her er Forskingsrådet ein igangsetjar av regjeringa sine prioriteringar i forskingspolitikken, seier Hallén.

 – Har alltid søkt dialog og samarbeid
Han viser til at med grunnlag i det omfattande styringssystemet til Forskingsrådet med over 600 eksterne representantar, og gjennom brei konsultasjon, er Forskingsrådet også regjeringa sin viktigaste forskingspolitiske rådgjevar.

– Eg har i mi tid som leiar av Forskingsrådet alltid søkt dialog og samarbeid. Forskingsrådet skal ikkje minst bidra til å løysa ut det potensialet for kvalitet og kapasitetsoppbygging som finst på institusjonane.

– Forskingsrådet blir ei skyteskive
– Kvifor trur du UiO-rektor Ole Petter Ottersen er så kritisk til Forskingsrådet?

– Det er vanskeleg å seia, kanskje det like mykje er av innanrikspolitiske grunnar der Forskingsrådet blir ei skyteskive for det som ikkje fungerer så godt på institusjonane. Den refererte Benner-rapporten utfordrar jo i sterkast grad universiteta sjølve. Det heiter til dømes:  “Hvis norske universiteter skal bli verdensledende, må det etableres en kultur av kvalitet og dristighet, og dette kan bare komme fra institusjonene selv. “  Benner hevdar også at med dagens basisfinansiering skulle universiteta vera i stand til å prioritera ressursane sine og ta kontroll over si eiga kvalitetsutvikling, minner Hallén om. Han er godt nøgd med resultata til forskingsinstitusjonen han leier.

– Eg trur Forskingsrådet har spelt og spelar ei viktig rolle for å fremja kvalitet. Me har til dømes vore i stand til å sikra ein ganske stor auke til fri prosjektstøtte samtidig som me har etablert senterordningar som SFF og fått på plass ei solid finansiering av vitskapleg infrastruktur i tillegg til satsingar som FUGE, skryter  Hallén.

Forvaltar åtte milliardar kroner
Forskingsrådsdirektør Arvid Hallén nektar å gå med på at Forskingsrådet er for opptatt av detaljstyring, og er blitt for byråkratisk, sjølv om han vedgår at eit stort forvaltingsapparat kan ha sine svake punkt.

– Hovudbiletet er at me er ein institusjon som er i stand til å forvalta åtte milliardar kroner til forsking på ein effektiv og fagleg legitim måte. Me koordinerer løyvingar frå 15 departement og brukar eit elektronisk søknads- og sakhandsamingssystem som internasjonalt er omtala som beste praksis. Tenk kva alternativet kunne vore med eit stort tal løyvingsorgan med kvar sine system og kvar sine søknads- og rapporteringskrav, utfordrar Arvid Hallén.

– Klarte å få auka løyvingar til FriPro
Biologiprofessor Nils C. Stenseth, som også er preses i Vitskapsakademiet, trekkjer fram at det faktisk har blitt meir overføringar til Fri prosjektstøtte (FriPro) dei siste åra.

–Me er mange som er einige i at det er for lite pengar til FriPro. I det siste har Forskingsrådet argumentert for det, og klart å få auka løyvingar dit. Sektordepartementa merkar derimot heile tida auka behov for pengar til tematiske satsingar. For meg er det viktigare at me rosar Forskingsrådet for å ha jobba for og klart å få meir pengar til Fri prosjektstøtte, understrekar Nils C. Stenseth. Eit av dei tiltaka han peikar på som svært godt, er det såkalla fellesløftet der Kunnskapsdepartementet ved Forskingsrådet bidrar med halvparten medan universiteta tar den andre halvparten.

– Også UiO har store satsingar
– Eg er likevel einig i delar av kritikken frå Ole Petter Ottersen om at Forskingsrådet er for opptatt av store tematiske forskingsprogram, men også UiO har store satsingar. UiO bør difor satsa meir på kvalitet og gi pengar til dei prosjekta med høgast kvalitet som forskarane tar initiativet til. UiO er for svak når det gjeld å premiera kvalitet. Her på universitetet er dei flinke til å satsa på tverrfakultære prosjekt der kvaliteten ikkje alltid kjem i høgsetet, meiner Stenseth. Han rår UiO til å satsa endå meir på dei framifrå forskarane sine. Det er slike dyktige forskarar som fører til at institusjonane deira kjem høgt på universitetsrankingane, konstaterer Stenseth.

– Må satsa på dei unge, framifrå forskarane
Han har også tankar om korleis det kan gjerast.

– Eg ville ha støtta opp om dei gode forskarmiljøa på UiO, til dømes dei forskargruppene som får forskingsstøtte frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) og dei som nesten klarar å hausta inn pengar frå ERC. Ikkje minst til dei unge Starting Grant-kandidatane bør UiO syta for at dei har lønn når prosjektperioden er over, foreslår han.

– Er Forskingsrådet for byråkratisk?

– Ja, det er det. Det har eg blitt merksam på etter at eg har opplevd det europeiske forskingsrådet ERC på innsida. Det er lite byråkratisk og let alltid forskarane få det siste ordet, har Nils C. Stenseth registrert.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed