Berekraftig algesuppe

Publisert:17. juni 2014Oppdatert:19. juni 2014, 11:01
Algar brukar CO2, som igjen blir fiskemat. Målet til testsenteret CO2Bio er at 1,8 tonn CO2 skal gje eitt tonn tørr biomasse. Uni Research er ein av partane i det nye selskapet.

I ein milliliter av dette grøne vatnet finst det 5 millionar omega 3-rike algar. Blir dette omdanna til laksefôr, kan vidare vekst i oppvekstnæringa på Vestlandet vere sikra.

Oppdrettslaks treng mat som er rik på omega 3. I dag vert halvparten av all fiskeoljen i verda brukt til laksefôr. Problemet er at fiskeolje er eit ettertrakta råstoff, og denne delen kan vanskeleg aukast. For at industrien skal vekse, må oppdrettarane ta i bruk andre kjelder til omega 3.

– Kjelda til omega 3 til fiskeindustrien har i alle år vore fiskeolje, fortel Einar Wathne konsernsjef i fiskefôrprodusenten Ewos.

CO2Bio: Nytt testsenter på Mongstad
I framtida kan det bli annleis. I 2015 opnar eit nytt pilotsenter for produksjon av algar dyrka på CO2. Her skal CO2 frå Mongstad blir til algemat, som igjen blir til omega-3-rikt fôr til laks. Ewos er ein av partnarane i det nye testsenteret CO2Bio AS

Pilotanlegget skal stå klart alt i 2015, og prosjektet er eit samvirke mellom ei rekke ulike aktørar.

CO2 er ein ressurs, sa Svein Nordvik, dagleg leiar i selskapet CO2Bio AS

Folkeauke og berekraft
– Folkeauken fører til eit behov for ein berekraftig industri. Vi treng meir energi, meir mat og betre helse, sa Hans Kleivdal, forskingsleiar i Uni Research, som også er tungt involvert i prosjektet.

Når ein dyrkar algar, nyttar ein CO2 og sollys. Denne fotosynteseprosessen er rekna for vere både berekraftig og trygg. Målet er at 1,8 tonn CO2 skal gje eitt tonn tørr biomasse. Kleivdal fortel at dei marine mikroalgane bruker all energien til produksjon av omega 3.

– Omega 3 er viktig for laksen, og det er viktig for menneska som skal ete laksen.

– UiB har eit sterkt engasjement i forsking og utdanning knytt til lakseoppdrett, sa rektor Dag Rune Olsen då han ønska velkommen til eit pressemøte om det nye testsenteret kalla CO2Bio AS.

Viktig for Vestlandet
Ein annan fordel med å bruke algar til fiskefôr er at ein ikkje konkurrerer med produksjon av mat. Algeproduksjonen brukar verken ferskvatn eller legg beslag på matjord.

– Gjennom UiB sitt eige instituttselskap håpar vi å kunne bidra til å sørgje for at industrien får nok fôr også i framtida, sa Dag Rune Olsen.

Partnarane er glade for at offentlege myndigheiter og havbruksnæringa har løyva 12 millionar kroner, slik at prosjektet er fullfinansiert.

– Den blå bioøkonomien vil bety mykje for Vestlandet, meiner Dag Rune Olsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed