ViS-prisen til På Høyden

Publisert:23. april 2017Oppdatert:5. mai 2014, 07:20
På Høyden ved redaktør Dag Hellesund får årets ViS-pris for avisa si dekning av forskingspolitiske og forskingsetiske spørsmål. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

På Høyden får Vitenskapsakademiet i Stavanger sin pris for god forskingsjournalistikk.

Dette er fjerde gong prisen vert delt ut. Tidlegere har P2-programmet Museum, Aftenposten og Morgenbladet fått prisen. ViS-prisen blir ifølge statuttane delt ut til redaksjonar eller enkeltjournalistar som har drive «kritisk, innsiktsfull og vederheftig forskingsjournalistikk».

Ein stor heider til sektoren
Redaktør Dag Hellesund vart tilsett for to år sidan. Samtidig fekk På Høyden redaktørplakat, og med den eit større rom for uavhengig journalistikk og kritisk debatt.

– Eit av måla du proklamerte som nytilsett redaktør for to år sidan, var at På Høyden skulle vinne ein pris. Kva betyr det for På Høyden å få denne prisen?

– Vi er særs lukkelege over å ha fått ViS-prisen. Årets pris er ein stor heider til den veksande sektoren av universitets- og høgskuleaviser, som driv kritisk journalistikk på ein meir fagnær måte enn ålmenne aviser kan tillate seg. At fagblad vinn prisar er eit teikn på at vi er der vi skal vere når det gjeld kvaliteten på journalistikken vår, seier redaktør Dag Hellesund.

Statoil-avtaler på den nasjonale agendaen
Nominasjonskomiteen skriv i grunngjevinga at dei særskilt har merka seg redaksjonen si dekning av UiB sin Akademiaavtale med Statoil. Komiteen skriv at «…På Høydens reportasjer, intervjuer og kommentarer har hatt en slik kvalitet og en så stor grad av vederheftighet og seriøsitet, at den debatten som avisen har reist om de såkalte «Statoil-stipendiatene» har spredt seg videre til andre medier, som Dagens Næringsliv, Morgenbladet, Bergens Tidende med fleire, slik at På Høyden har drevet saken framover og oppover på den nasjonale agendaen».

Nominasjonskomiteen roser På Høyden for å ha levert ein konstruktiv og formativ forskingsjournalistikk, og meiner På Høyden har fylt eit tomrom i den offentlege diskusjonen omkring miljø- og klimadebatt.

– Kva er det med På Høyden sin posisjon som har gjort den breie dekninga mogleg?
– Debatten om etikken i petroleumsforsking er ein debatt som heile det norske samfunnet må ta, men det tener akademia til ære at dei på mange måtar er først ute. Æra for at debatten kom i gang skal først og fremst dei engasjerte tilsette ved UiB ha. Utan frie medium i sektoren vil det vere vanskeleg å få til ein like brei debatt, der mange i sektoren deltek, seier Dag Hellesund.

– Kva har vore viktig for deg når du har leia det redaksjonelle arbeidet med desse sakene?
– Når det gjeld klimaspørsmål er det ei utfordring at debatten lett blir polarisert, slik at han ender i skyttargraver.  Å røkte debatten slik at flest muleg blir med er difor viktig, og å drive han framover med ei blanding av redaksjonelle saker og debattinnlegg.

Tok opp dårleg klima ved Nansen-senteret
I 2013 hadde På Høyden ein serie artiklar om det problematiske klimaet internt på Nansen senter for miljø og fjernmåling, eit forskingsinstitutt som har eit utstrakt samarbeid med UiB. Artiklane omtala mellom anna arbeidstilhøva ved instituttet, uformell makt i leiargruppa og EU si granskinga av rekneskapa. Den kritiske dekninga av Nansen-miljøet på Marineholmen fekk ros i nominasjonskomiteen si grunngjeving.

Dag Hellesund meiner ei universitetsavis må våge å stille ubehagelege spørsmål, også når det gjeld det forskingsmiljøet og universitetstilsette i Bergen. Eller kanskje særleg når det gjeld desse?

– Universitetssektoren er liten og oversiktleg, og avstanden til kjeldene er kort. Vi må vere klare til å ta opp vanskelege og kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen vi sjølv er ein del av. Mange prosessar i akademia er ukjende eller lukka for resten av samfunnet. Vi jobbar for å opne sektoren opp, seier Dag Hellesund.

–  På Høyden feirar snart to år med redaktørplakat. Kva kan lesarane vente seg meir av framover?
– Vi vil strekke oss endå lenger for å gi lesarane våre god, kritisk og relevant journalistikk. Og endå fleire gode debattar!

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed