– Den grøne omstillinga må komme

Publisert:30. mai 2014Oppdatert:2. juni 2014, 14:50
– Personleg meiner eg dei som kritiserer Akademiaavtalen har gode argument, seier tidlegare miljøvernminister Bård Vegar Solhjell. Arkivfoto: Ida Bergstrøm

Statoil er ein del av klimaproblemet, meiner tidlegare miljøvernminister Bård Vegar Solhjell. Men kan Statoil også vere ein del av løysinga?

– I framtida må alle, i alle delar av samfunnet gjere store endringar. Politikken, næringslivet og universiteta må alle ha eit auge på klimautsleppa, seier tidlegare miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

For nokre veker sidan møtte han studentar ved Universitetet i Bergen. Dei diskuterte mellom anna Akademiaavtalen mellom UiB og Statoil, som med sine 11 årlege millionar kroner sikrar UiB litt ekstra olbogerom.

– Den fossile næringa er stor på Vestlandet, og dei har enormt med ressursar. Samtidig er Statoil ein bidragsytar til problemet som må løysast. Då er det heil på sin plass at ein er kritisk til korleis midlane dei gir til UiB blir brukt, seier tidlegare miljøvernminister Bård Vegar Solhjell til På Høyden.

– Akademia-avtalen gjaldt også då du var miljøvernminister.  Var den oppe til diskusjon i regjeringa?
– Nei. Det var også kunnskapsministeren som hadde ansvaret for den. Eg krev ikkje at regjeringa grip inn i UiB si avtale med Statoil. Tvert i mot. Det er viktig at utdanningsinstitusjonane er sjølvstyrte. Dersom SV fekk gjenval, ville eg heller ikkje lagt meg opp i korleis Akademiaavtalen vart brukt, seier Bård Vegar Solhjell til På Høyden.

Ikkje noko å vere flau over
– Olje og gass er ein av Norges viktigaste inntektskjelder. Grunnløyvingane UiB årleg får frå Kunnskapsdepartementet kan også seiast å vere pengar utvunne av olje. Kvifor er då Akademiaavtalen så problematisk?
– Vi kan ikkje slutte å vere nordmenn. Det er ikkje noko å vere flau over. Då vi fann olje visste vi ikkje noko om oljeproblemet. Vi har forvalta ressursane godt. I dag  veit vi meir om problemet oljen skapte, og vi politikarar må ta ansvar for politikken. Eg er opptatt av ein må arbeide for at påverknaden frå oljeindustrien bli minst mogleg der den er. Det som er det problematiske her er at ein stor institusjon går inn med mykje pengar, og gjennom dei kan legge premiss for forskinga.

Solhjell: – Akademiaavtalen mest nyttig for oljeindustrien
– Forsvararane av Akademiaavtalen, Statoil,  og styringsgruppa for Akademiaavtalen peikar på at dette er ein avtale som er nærmast fri for føringar. Pengane kjem lågaregradsstudentar, stipendiatar og forskarar til gode. Kan det ikkje då vere greitt? 
–  Så lenge ein kan vere sikker på at dette er pengar som går til prosjekt som tek oss litt nærmare slutten på fossilalderen, kunne dagens ordning forsvarast. Men ser ein nærare på tematikken som ligg til grunn for avtalen i dag, er det klart at den er mest nyttig for oljeindustrien, seier Bård Vegar Solhjell.

– Kunne ein tenke seg ein Akademiaavtale med ein grønare innretning? 
– Eg er opptatt av at næringslivet kan finansiere forskinga. Men vi må vere forsiktig med å la den fossile industrien styre forskinga. Då kan det bli vanskeleg å få til den omstillinga som er heilt nødvendig.

Frå klimaskepsis til grønvasking
Debatten omkring Akademiaavtalen og dei etiske aspekta ved petroleumsfinansiert forsking har gått høgt og breitt på UiB det siste året.

Motstandarane av avtalen har hevda det er uetisk å forske fram kunnskap som gjer at vi brukar meir olje og gass.  UiB har blitt skulda for å grønvaske avtalen. Forsvararane av avtalen har teke til orde for at oljepengane finansierer grunnforsking, og dermed kunnskap som trengs i ein omstillingsprosess. Andre UiB-forskarar har igjen argumentert for at menneskeskapte klimaendringar ikkje er vitskapleg bevist.

Snart kjem NENT-rådet
I januar i år spelte rektor Dag Rune Olsen spørsmålet om petroleumsforsking og etikk inn til den Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitskap og teknologi  (NENT). 

I midten av juni kommer Nents endelige anbefaling om petroleumsforskning er forskningsetisk ansvarlig. Utkastet er topphemmelig, men det loves tydelige råd.

– Kva råd håpar du NENT vil lande på?
– Komiteen skal gjere sine vurderingar, og dei må ein respektere. Eg meiner at ettersom universitetet er ein viktig aktør og deltakar i samfunnsutviklinga. Dei vert ikkje berre styrt frå toppen. Difor må dei også tåle debatt og kritikk omkring verksemda si. Uavhengig av kva NENT landar på, ynskjer eg ikkje at regjeringa grip inn for å få universiteta til å følgje rådet.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed