Han skal leie Institutt for fysikk og teknologi

Publisert:9. april 2014Oppdatert:9. april 2014, 13:54
Øyvind Frette er professor i optikk og atomfysikk, og vil truleg tiltre som leiar av Institutt for fysikk og teknologi. Foto: Gudrun Sylte og UiB.

Framfor tre interne og to eksterne søkjarar vart professor Øyvind Frette tilsett som leiar av Institutt for fysikk og teknologi (IFT).

Professor Øyvind Frette er i dag professor i optikk og atomfysikk ved Institutt for fysikk og teknologi.  Denne veka fekk han tilbod om stillinga som instituttleiar.

– Eg har vore fagleg tilsett i ti år, og kjenner at det vert interessant å prøve seg på ny utfordring. Instituttet har mykje spennande aktivitet som eg ser fram til  å lære meir om. Det blir også interessant å komme tettare inn på fakultetets sine arbeidsoppgåver, seier Øyvind Frette til På Høyden.

Han tek over roret etter professor Geir Anton Johansen, som 1. april starta i ny jobb som dekan ved avdeling for ingeniørutdanning ved Høgskulen i Bergen.

Førstemann i EnTek-bygget
– I kva retning vil du leie instituttet?
– I den første fasen som leiar vil eg  snakke med kollegaene mine, for å finne ut kva tilstand det er rundt om kring på dei ulike gruppene. Der ting fungerer godt frå før, vil eg ikkje endre så mykje på det.

– Du vil også få gleda av å flytte instituttet inn i det planlagde EnTek-bygget?
– Ja, det vil eg tru. Eg har vore involvert i prosessen rundt EnTek-bygget sidan dei innleiande rundane. Vi må få den ressursen som bygget representerer på plass, og det vil eg prøve å bidra til på best mogleg måte, seier Øyvind Frette.

Rusta for høg temperatur
– Du skal leie eit institutt samansett av ein rekke sterke personlegdomar, og som innimellom snakkar med ganske høge stemmer. Korleis ser du på det?
– Eg kjenner instituttet på godt og vondt. Eg ser på meg sjølv som ein ganske roleg person, så eg kjem ikkje til å stelle i stand  noko meir stormande debattar enn det som er nødvendig. Eg forstår at eg går inn i ein utfordrande jobb, og eg veit at eg vil bli testa på den eine og andre måten. Samtidig ser eg også at IFT er eit institutt med ein rekke ressurssterke personar. Då blir temperaturen gjerne også høg, seier Øyvind Frette.

Blant søkjarane til stillinga som instituttleiar er tre interne. Professor Jan Petter Hansen har tidlegare vore instituttleiar, og ønska seg tilbake til leiarstolen. Laszlo Csernai og Joakim Nystrand  var to andre interne søkjarar, også dei professorar  ved instituttet. Stillinga fekk også to eksterne søkjarar; Abderazak Rafil og Håvard Helstrup. Helstrup fungerer i dag som dekan ved Ingeniørutdaninga ved Høgskulen i Bergen.

Dekan: Nøgd med Frette
Mat.nat-dekan Helge Dahle er nøgd med å ha fått landa tilsettinga ved IFT. Dette var den tredje instituttleiartilsettinga fakultetetstyret har gjort den siste tida.

– Kva gjorde at de valde Øyvind Frette?
– Det var mange gode søkjarar til stillinga. Fakultetsstyret  er svært nøgd med å ha fått tilsett ein ung og dyktig instituttleiar som har instituttet bak seg, seier Helge Dahle.

Vil at studentane skal føle seg heime
Øyvind Frette har tenkt å halde fram med forskinga også mens han går over i den administrative stillinga som leiar.
Det er ein åremålsstilling, så eg kan jo ikkje legge det heilt vekk, seier han.
– Vil du sakne undervisninga og di eiga forsking?
– Eg vil sakne undervisninga. Det er noko eg har brukt mykje tid på fram til no. Eg har undervist på alle nivå, og det har vore spanande. Når det kjem forsking, vil eg prøve å halde dette i gang så best som mogleg. .

Ein av ambisjonane hans er å få studentane til å sjå på UiB som arbeidsplassen sin.

­– Vi må knytte studentane til oss tidlegare i løpet, slik at dei får ein eigarskap i det å vere universitetsstudent. Nokre studentar ser vi får lite til. Eg vil at de skal få kjensla av å høyre til på faget, og i eit fagleg fellesskap.

– Korleis vil du gjere det?
– Kanskje vi kan ha noko obligatorisk tidleg i semesteret som gjer at dei må møte opp, bli kjent og få ein kull-følelse? Kanskje kan ein mentor-ordning vere greitt? Eg vil gå i dialog med dei og høyre, seier Øyvind Frette.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed