UiB utviste student på livstid utan lov

Publisert:6. februar 2014Oppdatert:6. februar 2014, 09:01
Medisinprofessor Eivind Meland har støtta doktoranden heile vegen. No har Sivilombodsmannen gitt dei rett i at det var ulovleg å nekte han å levere på nytt.

For nær tre år sia kasta Universitetet i Bergen ein doktorgradsstipendiat ut etter manglande sitering i avhandlinga, og nekta han å levere på nytt nokon gong. No har Sivilombodsmannen konkludert med at UiB berre har lov til å utvise studentar i maksimalt to semester.

Marerittet for stipendiaten starta vinteren 2011, etter at han hadde levert avhandlinga si 19. november 2010. Komiteen fann i innleiinga til avhandlinga fleire, lengre delar av teksten som var direkte avskrift av andre artiklar om temaet, og innstilte på at avhandlinga ikkje kunne godkjennast, men at delar av ho måtte skrivast om. Hovudinnhaldet i avhandlinga var fleire allereie publiserte artiklar, som fekk gode skussmål og inneheld korrekte sitat.

Omfattande sak
Fakultetsstyret for Det medisinsk-odontologigske fakultetet fann at feila var så grove at dei vedtok å skrive studenten ut av doktorgradsprogrammet, og nekte han å levere på nytt nokon sinne. Saka har seinare vore handsama av redelegheitsutvalet, universitetsstyret og den sentrale klagenemnda, men alle har kome til variantar av den same konklusjonen: Stipendiaten skal utestengjast, og klagene hans har ikkje ført fram.

Hadde ikkje heimel
Kunnskapsdepartementet og Sivilombodsmannen har og uttalt seg i saka, og i eit brev 16. januar 2014 konkluderer ombodsmannen med noko stipendiaten sine støttespelarar samt jussprofessor Jan Fridthjof Bernt har meint lenge:

«Det synes å følge av dette at saken faller under univl. § 4-8 tredje ledd første punktum» skriv sivilombodsmann Arne Fliflet i eit brev til Den sentrale klagenemnda ved UiB. Universitetet har ei eiga forskrift for doktorgradsprogrammet, og har meint at dei har høve til å stengje ute kandidatar som bryt forskingsetiske reglar utifrå denne. Sivilombodsmannen slår no fast at det ikkje er slik, og at UiB maksimalt kan utestengje studentar i eitt år for slike brot på etikken.

Vi må ikkje akseptere eit lovverk som tillet livstidsdommar.

Møtest i morgon
Men uttalene frå ombodsmannen er ikkje bindande, og det er no opp til Den sentrale klagenemnda å avgjere kva som skal skje med saka framover. Tingrettsdommar Beate Blom leier nemnda, som elles har to vitskapleg tilsette og studentar som medlemmer. Nemnda skal ha eit ekstraordinært møte om saka på fredag, og eit muleg utfall er at ho gjer den same vurderinga som før, men konstaterer at utestenginga allereie har vart i nær to år for mykje.

– Eg har eit stort håp
Den mannlege stipendiaten har i meir enn tre år hatt framtida si på vent på grunn av saka, og har mykje av tida vore utan jobb.

– Dette har tatt så lang tid, og det har vært ein svært vanskeleg periode for meg. Denne gongen har eg eit stort håp, men eg vil sjå det endelege utfallet før eg er viss på at det går bra, seier mannen til På Høyden.

Dersom utfallet blir i tråd med vurderinga til Sivilombodsmannen, og han får levere om igjen, må delar av jobben gjerast på nytt. Han kan òg ha krav på erstatning for utestenginga.

– Vurderer du å krevje erstatning frå UiB?

– Eg har ikkje tenkt på det. Det einaste eg vil er å gjere ferdig avhandlinga mi. Det er klart at desse åra ikkje har vore lette for meg, men det økonomiske er ikkje så viktig. Men om eg får gjere ferdig avhandlinga kunne eg tenkt meg å bli postdoktor eller ei å få ei anna vitskapleg stilling. No føler eg at eg har mykje kunnskap som eg ikkje får brukt.

Sann empati
Avhandlinga må uansett omarbeidast før levering, utover å setje inn dei manglande referansane. Ho må mellom anna oppdaterast med forskinga som har skjedd på feltet i mellomtida. Rettleiaren til stipendiaten, Steinar Hunskår, er klar til å ta hjelpe han vidare.

– Eg håper i så fall at eg får tida eg treng til å gjere avhandlinga ferdig. Eg er så takksam for all hjelpa eg har fått frå mellom andre Jan Fridthjof Bernt og Eivind Meland. Dei har vist meg sann empati. No håper eg berre at alt går bra, seier doktoranden.

For lang sanksjon
Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt har av eige tiltak skrive ei juridisk fråsegn om saka, og meiner at jussen er klar: UiB hadde kun høve til å stengje stipendiaten ute i eitt år. No kan saka ta to ulike vegar, meiner Bernt.

– Den sentrale klagenemnda her i Bergen har allereie handsama saka i første instans. Når ein klager på eit slikt vedtak skal klagen først gå til det same organet, og berre viss det opprettheld vedtaket sitt går saka vidare til den nasjonale nemnda, forklarer Bernt.

Nemnda kan dermed i staden stå fast på si vurdering av tilhøvet, men konstatere at universitets- og høgskulelova ikkje gir høve til meir enn eitt års utestenging, og endre vedtaket slik at det berre er for så lang tid, og at stipendiaten dermed har fått ein sanksjon som har vart i halvanna år for mykje.

– Den sida av saka bør no vere avklart, seier Bernt til På Høyden.

Minneleg løysing
Stipendiaten kan likevel klage på heile vedtaket, som i så fall går vidare til den nasjonale Felles klagenemnd. Men Felles klagenemnd kan uansett ikkje gi lengre straff enn eitt år, meiner Bernt.  

– Det neste spørsmålet er om eit mogleg erstatningsansvar. Det er eit muleg tema når ein her har gjort ein klar juridisk feil. Meg eg kan sjå at verken stipendiaten eller UiB burde ønske seg ei rettssak. Dei bør kanskje heller finne ei minneleg løysing seg imellom. Eit erstatningsbeløp blir uansett ei sak for styret, og ikkje for klagenemnda, seier Bernt.

– Dette har tatt så lang tid, og det har vært ein svært vanskeleg periode for meg.

Ventar positivt vedtak
Medisinprofessor Eivind Meland har støtta stipendiaten i alle desse åra. No håper han at saka tar slutt.

– Men eg tekk ikkje noko for gitt i denne saka. Til det har det vore for mange overraskingar undervegs. Likevel kan eg i utgangspunktet ikkje tenke meg noko anna enn at dei no gjer eit vedtak som er i tråd med pålegget frå Sivilombodsmannen og departementet, seier Meland til På Høyden.

Og sjølv om det i dette tilfellet ser ut til å ende med at doktoranden får levert er Meland ikkje imponert over rettstryggleiken til stipendiatar.

Lova må skilje
– Det er store mulegheiter for rettsløyse. Vi må få eit lovverk som gjer ein tydeleg skilnad på grov aktlaus og forsettleg fjusk. Slik lova no er formulert har vi ikkje det. I dag er det lett å bli offer for prestisje og moralsk fordømming. Vi må heller ikkje akseptere eit lovverk som tillet livstidsdommar. Akademia bør byggje på gjensidig tillit og respekt, seier Meland.

Etter møtet i Den sentrale klagenemnda fredag, og dersom utfallet blir slik han trur, håper han at dekan Nina Langeland på Det medisinsk-odontologiske fakultetet vil ta tak i saka.

– Eg håper at doktoranden vil bli ivaretatt som medmenneske.

MOF-dekan Nina Langeland har ikkje sett brevet frå Sivilombodsmannen, men avventer avgjerda til Den sentrale klagenemnda. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed