Stilling: Evig konsulent

Publisert:9. februar 2014Oppdatert:10. februar 2014, 15:29
Det finst karrieremoglegheiter for teknisk/administrativt tilsette. Problemet er berre at få veit om dei, viser ein ny studie gjort av Forskarforbundet. Seniorrådgjevar Hans-Petter Isaksen har bidratt i kartlegginga. Foto: Ingvild Festervoll Melien.

Alle teknisk/administrativt tilsette kan ikkje bli direktørar. Men kan dei få karriereutvikling likevel? Ja, meiner Hans Petter Isaksen i Forskarforbundet.

Det tradisjonelle steget oppover på karrierestigen er å velje å ta på seg meir ansvar, og dermed få meir myndigheit, og igjen høgare løn. Kort sagt: Bli leiar. Men i universitetet sin organisasjonsstruktur er det sjeldan rom for at samtlege tilsette kan verte direktørar etter kvart som alder og ansiennitet stig.  

– Alle kan ikkje verte leiarar. Difor meiner vi at det også bør vere mogleg å gjere karriere gjennom å spesialisere seg. Mange ønskjer faktisk karriereutvikling gjennom å bli betre i stillinga si, seier seniorrådgjevar ved Kommunikasjonsavdelinga, Hans-Petter Isaksen til På Høyden.

Kompetanse skal løne seg
Saman med  Jon W. Iddeng i Forskarforbundet si fagpolitiske avdeling (FF) har han laga ein studie av arbeids - og lønsvilkåra blant teknisk/administrativt personale ved universitet og høgskular. Funna frå studien skal brukast til å utvikle Forskarforbundet sine lønspolitiske dokument.

– Vi vil at dei teknisk/administrativt tilsette skal få best mogleg løns-og karrieremessig utteljing for den kompetansen dei har, seier Isaksen til På Høyden.

Ingen klare tal for UiB
Dei teknisk-administrativt tilsette har gjerne titlar som konsulent, rådgjevar, sekretær, ingeniør, teknikar og operatør.  Blant Forskarforbundet sine medlemmar finn ein flest med tittelen konsulent, seniorkonsulent, rådgjevar og seniorrådgjevar.

– Kva skal ein seniorkonsulent kunne, og kor mykje ansvar skal ho eller han ha? Kva skal til for å få tittelen rådgjevar? Vi har forsøkt å kartlegge dette, seier Isaksen.

– Korleis er stoda ved UiB?

– Vi har ikkje enno brote ned tala på institusjonsnivå. Så langt eg har sett, skil ikkje UiB seg ut i nokon retning. UiB er midt på treet.

Den samla studien vert publisert i løpet av våren. Då vil det kome fleire tal og klarare konklusjonar.

Veit lite om karrieremoglegheiter
Tal for 1013 henta frå Database for statistikk om høgare utdanning dbh.no, viser at norske universitet har 449,6 årsverk som sorterer under stillingskategorien «konsulent». 1435,6 årsverk er plassert i kategorien «førstekonsulent». 714,4 årsverk vert kalla «seniorkonsulent»,  mens det finst 970 årsverk som «rådgjevar» og 490 som vert kalla «seniorrådgjevar».  

For vitskapleg tilsette er karrierevegen ganske oversiktleg, om enn lang og bratt. Ein har rekrutteringsstillingar, vert etter kvart førsteamanuensis, og oppnår kanskje med tida professorkompetanse.

For teknisk/administrativt tilsette er det ikkje alltid like lett å vite korleis ein skal gå fram for å gjere karriere.  

– Det finst karrieremoglegheiter, men medlemmane opplever dei som fråverande og underkommuniserte, seier Isaksen.
– Hovudfunnet er at ganske mange ønskjer ei fagleg karriereutvikling, utan at dei får høve til dette, seier Forskarforbundet sin rådgjever, Jon W. Iddeng til Forskerforum.no.

Iddeng meiner det må verte tydelegare for dei tilsette kva som skal til for å få opprykk frå den eine stillingskategorien til den neste. I dag er krava for vage, er konklusjonen.

– Vi ville også sjå på forholdet mellom dei teknisk-administrativt tilsette sin kompetanse, innsats og lønsutvikling, seier Isaksen til På Høyden.

Må flytte på seg
Å bli verande i ei førstekonsulentstilling i eit langt yrkesliv er ikkje eit økonomisk gullkanta val. Lønsauka etter sentrale og lokale oppgjer gjev ikkje dei store utslaga.

Skal ein få eit opprykk, må ein ofte skifte stilling internt. For at intern mobilitet skal skje, er handlingsrom ein føresetnad, meiner Isaksen.

– Dette er samansett. Ein må også ønskje utvikling sjølv, samt vere motivert for å omstille seg, ta vidareutdanning og vise personleg initiativ, påpeiker han.

– Kva overraska deg?

– Eg vart gledelig overraska over at trivselen gjennomgåande er så god. Heile 70 prosent rapporterer trass alt at dei jamt over er tilfredse med jobbsituasjonen.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed