Jaktar framleis ny direktør

Publisert:27. februar 2014Oppdatert:20. oktober 2017, 14:17
Eitt år etter at stillinga som forskingsadministrativ direktør vart utlyst, er det framleis ikkje klart kven som skal leie avdelinga. Foto: Ida Bergstrøm

To gongar har stillinga som forskingsadministrativ direktør ved UiB vore utlyst. No tek Muséplass nye metodar i bruk for å finne den rette kandidaten.

Heidi Annette Espedal er i dag konstituert forskingsadministrativ direktør. Arkivfoto: Fredrik Mandal

For snart eitt år sidan vart stillinga som forskingsadministrativ direktør ved UiB lyst ut. Stillinga vart ledig etter at direktør Svenn-Åge Dahl gjekk til ny stilling ved NHH.  

«Til en utfordrende lederstilling ved Forskingsadministrativ avdeling søkes det etter en ambisiøs og visjonær leder» sto det i utlysinga som blei publisert 14. mars 2013.

Ni personar søkte på stillinga som forskingsadministrativ direktør, men ingen vart tilsett. Etter sommaren vart stillinga lyst ut på nytt, med søknadsfrist 29. september. 12. november vedtok tilsettingsrådet å avslutte prosessen utan tilsetting.

Resultatlaus tilsettingsprosess
Konstituert universitetsdirektør Kjell Bernstrøm opplyser at UiB etter dei to utlysingane hadde to ulike tilsettingskomitear i sving, men at begge konkluderte med å avslutte prosessen utan tilsetting av ny direktør.

– Dei to ulike komiteane vurderte det begge slik at dei ikkje fann den rette kandidaten blant søkjarane, seier Kjell Bernstrøm til På Høyden.

Tilsettingskomiteen sitt møte i november vart leia av dåverande universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken. Til stades var også rådgjevar Unni Karin Utvik, fakultetsdirektør Lise Gundersen, underdirektør Ingvild Greve og seniorkonsulent Asbjørn Engevik.

Har søkt to gonger
Konstituert direktør ved forskingsadministrativ avdeling, Heidi Annette Espedal, har ved begge utlysingane søkt direktørstillinga.

Ho vil ikkje opplyse om ho kjem til å søke for tredje gong. Ho vil heller ikkje svare på om ho skal tilbake som nestleiar ved avdelinga dersom ein annan vert tilsett etter utlysinga.

– Eg har ikkje lyst til å kommentere saka, seier Heidi Annette Espedal til På Høyden.

Skal evaluere seg sjølve
– Rektoratet er inne i ein stor kartleggingsfase. Dei har vore klare på at dei ønskjer å endre UiB gjennom ein evolusjon, ikkje ein revolusjon, seier Kjell Bernstrøm.

Rektoratet har signalisert at dei opnar for ei omorganisering av sentraladministrasjonen dersom dette viser seg tenleg. Men før dei skal omorganisere, vil dei hente inn informasjon frå fagavdelinga og fakulteta.

– Fakulteta har fått ei bestilling med konkrete spørsmål dei skal svare på. Alle dei administrative avdelingane skal evaluere seg sjølve. Ved forskingsadministrativ avdeling skal ein ekstern konsulent også kartlegge arbeidsoppgåver og kompetanse, seier konstituert universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Leitar etter tre direktørar
UiB søkjer no etter eit eksternt byrå som kan assistere leiinga i tilsettinga av forskingsadministrativ direktør, HR-direktør og universitetsdirektør.

Stillinga som HR-direktør erstattar stillinga som Personaldirektør. Tidlegare universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken  fekk fornya åremålet sitt fram til 2019, men valde å gå frå stillinga si i slutten av januar.

Resultatet av evalueringa vil leiinga bruke for å utforme innhaldet i stillinga.  
– Når vi no lyser ut stillinga for tredje gong vil vi gjere eit grundig arbeid i forkant. Det ville ikkje vore bra viss vi heller ikkje denne gongen gjer ei tilsetting, seier Kjell Bernstrøm.

Han opplyser at UiB kjem til å bruke ein ekstern konsulent i det vidare rekrutteringsarbeidet.

I løpet av april vil utlysinga vere klar. Bernstrøm meiner det er realistisk å anta at UiB har fått ein ny forskingsadministrativ direktør før jul, og kanskje så tidleg som 1. oktober 2014.

Vil vurdere vilkåra
Stillinga er plassert i lønnskode 1060, noko som betyr eit lønstrinn mellom 54 og 101. Søkjarar bør ifølgje utlysinga ha kompetanse på minimum mastergrad, og helst doktorgrad. Vidare står det at stillinga byr på «utfordrende arbeidsoppgaver i et kompetansemiljø med med faglig og personlig utvikling».

– Kan mangelen på kvalifiserte søkjarar komme av at vilkåra har vore for dårlege?

– Dette er noko vi vil sjå nærmare på, seier Kjell Bernstrøm. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed