Homo-Putin er velkommen på UiB

Publisert:19. februar 2014Oppdatert:24. februar 2014, 13:37
Gatekunstnaren Vest har malt eit bilete på SV-fakultetet sitt bygg mellom Olav Kyrres gate og Rosenberggaten. Foto: Dag Hellesund

Tidlegare denne veka dukka Russlands president Vladimir Putin opp ved Sophie Lindstrøms hus, utstyrt med regnbogefarga slips. Han skal få bli.

Bygningssjef Jan-Terje Nygaard ønsker gatekunsten velkommen til UiB.

– Vi har tidlegare betalt for å få veggar ved Universitetet dekorert. Vi har blant anna betalt kunstnaren Dolk, som har laga eit bilde på Kvarteret, og eit i bakgarden til Herman Foss gate, seier bygningssjef Jan-Terje Nygaard til På Høyden.

Kunstnaren Jedy, Rune Svendsen, har dekorert muren ved Georg Johannesens plass.

Blir neppe høgtrykkspylt
Stencil-kunstnaren Vest har signert bildet av Vladimir Putin, som er å finne i Olav Kyrres gate, malt på veggen til Sophie Lindstrøms hus.

Det var Bt.no som først omtalte saka. Ifølge nettsida motveggen.com har Vest laga fleire bilder i Bergen tidlegare.

På Høyden har tidlegare skrive at UiB brukar to millionar kroner årleg for å fjerne tagging frå veggar og fasadar. Ingenting tyder på at Putin vil bli overmalt eller høgtrykkspylt.

– Har vi no fått eit bilde gratis, er det berre positivt, seier Jan-Terje Nygaard.

– Frimodige
Sommaren 2013 vedtok russiske myndigheiter ei ny lov som i praksis forbyr homofile og lesbiske å vere opne om legninga si. Antihomo-lova har blitt møtt med sterke reaksjonar internasjonalt.

På biletet har Putin blitt pynta med eit slips i regnbogefargar, eit etablert symbol for gay pride. Under OL i Sotskij har fleire utøvarar vist motstand mot Putin ved å bere regnbogefarga pins.

– Biletet har ein klar politisk brodd. Kva meiner du om det?

– Vi er opne og frimodige på universitetet. Slik sett passar han inn. Her er alle velkommen, seier Jan-Terje Nygaard.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed