Dopinga i forskinga

Publisert:7. februar 2014Oppdatert:7. februar 2014, 23:59
Dag Rune Olsen erklærte at kapitalen har total makt over forskinga, og viste til at all forsking treng finansiering. Frå venstre Dag Rune Olsen, John Petter Collett, Nils Chr. Stenseth og Rasmus Slaattelid. Foto: Niktia Solenov

Har kapitalen eit kvelande grep om forskinga i Noreg? Akademia-avtalen ved UiB var bakteppet då Studentersamfunnet arrangerte debatt.

– Vi står overfor enormt store miljøproblem. Vi må ha alternative energikilder, og det får vi ikkje over natta, sa preses i Det Norske Videnskaps-Akademi, Nils Chr. Stenseth, under debatten på Det akademiske kvarter torsdag.

Akademiet er tungt finansiert av Statoil, som for tida betaler 20 millionar kroner til organisasjonen årleg gjennom Vista-programmet. Pengane skal finansiere petroleumsrelatert grunnforsking, og eit av måla for sponsinga er å sørge for effektiv kommunikasjon for oljeselskapet inn mot norsk grunnforsking.

– Eg synest ikkje det er så viktig kor pengane kjem frå. Det er vilkåra som er viktige. Vi må ha legitimitet for den verksemda vi driv, meiner Stenseth.

Sjølv er han ikkje særleg uroleg for eksternfinansiering av norsk forsking.

– Den trugar forskinga dersom vi mistar fridomen. Om dei byrjar å detaljstyre spørsmåla vi skal stille er det eit problem. Det er det òg dersom vi ikkje får publisere resultata våre, seier Stenseth, noko han forsikra om at aldri hadde vore noko problem i prosjekt til dømes Statoil hadde betalt for.

Finansieringsdop
Historieprofessor John Petter Collett er meir uroleg for fridomen til norsk forsking.

– Trur de at institusjonane har ein slik ryggrad? Eg trur ikkje det. Historiefaget har vist meg det motsette.

Han viste til at Universitetet i Oslo lenge har hatt ei høg ranking når det gjeld fjusk, på grunn av Sudbø-saka.

– Når det er veldig viktig å komme som nummer éin er det alltid nokre som dopar seg. Forskarar er ikkje overmenneske. Vi kan ikkje byggje vitskapleg integritet basert på einskildindivid, meiner Collett.

Treng overordna mål
– Det ein kan håpe på er at ein kan få ein debatt om forskingsetiske spørsmål. Etikk handlar om å skape eit godt liv. Her burde universiteta ha eit standpunkt. Kva er dei overordna måla ein skal styre mot? sa førsteamanuensis Rasmus Slaattelid frå Senter for vitskapsteori ved UiB.

Han er ikkje nøgd med debatten om etikken i petroleumsforsking og forskingsfinansiering så langt.

– Debatten har blitt veldig polarisert, og ser ut til å utvikle seg til ein debatt mellom klimatilhengarar og klimaskeptikarar, seier Slaattelid.

Etterlyste klimafråsegn
Peter M. Haugan stilte spørsmål til Stenseth om kva Det Norske Videnskaps-Akademi meiner i klimaspørsmålet, og viste til at mange tilsvarande organisasjonar i utlandet har gått ut med standpunkt i klimasaka, og støtta vurderingane til IPCC.

– Er det tilfeldig at mange vitenskapsakademi har uttalt seg om klima, men ikkje det norske?

– Det ligg på heimesida vår. Vi seier i realiteten at vi støttar opp om uttalane til dei utanlandske akademia, svarte Stenseth.

Han avviste og at det manglande klimastandpunktet hadde noko med Statoil-sponsinga å gjere:

– Det har absolutt ingen ting med saka å gjere. Vi kunne hatt ei slik fråsegn, og det hadde ikkje hatt nokon innverknad på vårt tilhøve til Statoil, seier Stenseth. 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed