Så lett starta dei eit nytt tidsskrift

Publisert:22. januar 2014Oppdatert:22. januar 2014, 08:55
Postdoktor Annika Elisabet Suominen og professor Jørn Jacobsen har starta opp nytt, ope tidsskrift: Bergen Journal of Criminal Law and Criminal Justice (BJCLCJ). Foto: Dag Hellesund

Ideen fekk dei i ein kaffipause. Berre eit halvt år seinare var dei på nett med eit nytt, ope tidsskrift om nordisk strafferett.

Takka vere god hjelp og ein allereie eksisterande infrastruktur for vitskaplege tidsskrift tok det ikkje lang tid frå Annika Suominen og Jørn Jacobsen fekk ideen til Bergen Journal of Criminal Law and Criminal Justice (BJCLCJ) til det første nummeret var klart. Å lage det som eit ope, nettbasert tidsskrift var det naturlege valet.

God spreiing med ope tidsskrift
– Vi meiner prinsipielt at forsking bør vere allment tilgjengeleg. Reint strategisk tek det òg tid å etablere eit tidsskrift som folk er villige til å kjøpe inn. Men med denne løysinga har vi fått ei god spreiing langt ut i verda. Vi kan sjå kor mange gonger artiklane er blitt lasta ned, og vi er veldig nøgde med tala så langt. Trykte tidsskrift er òg veldig kostnadskrevjande, seier Jørn Jacobsen.

Både Suominen og Jacobsen er del av forskargruppa for strafferett og straffeprosess, som er eit fagmiljø i framgang. Før dei starta opp BJCLCJ tok dei kontakt med andre tidsskrift på området, for det finst både nasjonale og nordiske tidsskrift på strafferett allereie, men ingen som har engelsk som hovudspråk. Men alle dei mulege «konkurrentane» var positive til det nye tidsskriftet, fortel Suominen.

– Vi har forsøkt å fylle ei ledig nisje. Vi er ein stad midt imellom dei andre tidsskrifta. Gjennom å publisere på engelsk skapar vi dialog mellom den nordiske strafferetten og omverda. Dermed får vi naturleg òg eit noko større tyngdepunkt mot dei meir allmenne tema som har interesse ut over den reint nasjonale rettsordninga, seier Jacobsen.

Har lært mykje
Fagfellene som vurderer artiklane er både eksterne og folk i forskargruppa.

– Forskargruppa vi har er ganske aktiv, og folk som kjem hit for å jobbe vil gjerne bidra, seier Suominen.

– Vi ønskjer og å integrere andre forskarar, og då er det ein fordel om debatten går på engelsk. Sjølv får vi ikkje noko for det, men det er veldig verdifullt intellektuelt å vere redaktør. Ein får lest mange tekstar, og får ein brei horisont innan faget, forklarer Jacobsen.

Dette er nokre av lærdomane dei har fått av å setje i gang eit nytt tidsskrift:

  • Det er viktig å ha ein langsiktig plan for kva artiklar som skal vere med, for det tek tid å planleggje og få inn stoff.
  • Det er ein stor fordel å ha eit sterkt fagmiljø i ryggen, det gjer at ein har ein god forfattarbase som utgangspunkt.
  • Det er ein god idé å vere fleire om prosjektet, slik at ansvar og jobb blir delt.
  • Det er mykje arbeid med språkvask og korrektur, og det er ein fordel om ein har ein liten pott ein kan bruke på slikt.

Vil på nivå 2
– Eg trur vi har status som eit lovande tidsskrift. På sikt har vi ambisjonar om å bli eit nivå 2-tidsskrift, fortel Jacobsen.

Nivå 2-tidsskrift er særleg attraktive, internasjonale tidsskrift som gir fleire publiseringspoeng til forskaren og institusjonen enn andre vitskaplege tidsskrift.

Men BJCLCJ hadde ikkje fått ein like rask fødsel om det ikkje hadde vore for Ingrid Cutler og dei andre gode fødselshjelparane på universitetsbiblioteket.

– Dei var veldig imøtekommande, og hjalp oss raskt i gang, seier Suominen.

Har klart opplegg
Det Suominen og Jacobsen ikkje visste då dei fekk ideen om eit nytt tidsskrift var at Universitetsbiblioteket har ein ferdig publiseringsplattform for opne tidsskrift. Ni tidsskrift finst så langt på plattforma, men nokre av dei er ikkje aktive. Det heile byggjer på ein programvare som heiter Open Journal Systems. I tillegg til tidsskrift kan ein publisere vitskaplege bøker om eit emne, òg kalla monografiar.

– Vi tilbyr ei basisteneste med opplæring og drift. Dei fleste av desse er ganske sjølvdrivne. Alt som har med fagfellevurdering, design og korrektur må dei sjølv handtere, eller kjøpe hjelp til. Systemet sparar folk for ein del arbeid då fagfellevurdering, epostutsending og anna skjer innanfor systemet fortel rådgjevar Ingrid Cutler frå Universitetsbiblioteket.

Idealistar står bak
Systemet er meint for opne tidsskrift som ikkje krev verken abonnementsavgift eller forfattarbetaling, men det kan og opnast for forfattarbetaling.  Nokre av tidsskrifta på plattforma eksisterte frå før, mens andre er nyoppretta.

– Ofte er tidsskrifta avhengige av éin til to idealistar som er svært interesserte i å drive med det. Universitetsbiblioteket si rolle er saman med IT-avdelinga å tilby ei plattform som gjer artiklar tilgjengelige på internett, seier Cutler.

Fekk lagd «kokebok»
Vitskapleg assistent Christian Sønsteby har på oppdrag frå Suominen og Jacobsen lagd ei 36 siders utgreiing om nytt tidsskrift innan strafferett, og heftet kan med fordel og lesast av andre fagmiljø som er interesserte i å starte tidsskrift. Utgreiinga finn du her: 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed